KrF, fornyingsstrategi og valresultat

Partiprogrammet er viktig, men det er ikkje mindre viktig korleis dette vert brukt og kva saker som i praksis vert fronta sterkast og kva måte det skjer på – og då er det avgjerande viktig kven som representerer partiet, og kva desse står for av overtyding og engasjement.

Det er ei kjent sak at Kristeleg Folkeparti har gjort det heller dårleg dei siste vala, særleg om ein samanliknar med resultata rundt tusenårsskiftet.

Dersom ein samanliknar med perioden frå siste verdskrigen og femti år framover, er ikkje spriket så stort. Problemet er at KrF synest å ha etablert seg på eit konstant botnnivå, der avstanden til sperregrensa på fire prosent ikkje er stor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I ein slik situasjon er det nødvendig å arbeida med ein fornyingsprosess som hindrar at partiet fell under sperregrensa. Det ville sjølvsagt vera dramatisk for den visjonen som ligg til grunn for KrF.

Det er naturleg at ein ser tilbake på toppåra og spør seg kva som gav dei gode resultata då, og kva som gjev dei dårlege no. Ein bør likevel ikkje berre sjå på toppresultat, men sjå på heile KrFs historie. Då kan det vera at dei beste resultata var unaturleg gode, sett i lys av det veljargrunnlaget som er for eit parti med KrFs basis og føremål.

Utgangspunktet for KrF har alltid vore å fremja spesifikt kristne verdiar i samfunnet, og basisen for det er primært det aktive kristenfolket.

Når slike verdiar fell saman med allmenne og populære verdiar (som kontantstøtta), kan det det gje kortvarig gevinst med ekstra gode valresultat. Då kan ein lett verta så opptekne med slike allmenne verdiar og venda seg mot veljarar som støttar desse, at dei spesifikt kristne verdiane lid skade og det medvitne kristenfolket vert usikre på partiet.

Etter mi vurdering har ein sett alt for mykje på dei gode resultata rundt år 2000 når ein arbeider med partistrategien. Det fører med seg ein språkbruk, ein argumentasjon og ei prioritering som flytter partiet frå det spesifikt kristne til det allmenne eller det humanistiske. Då løyser ein banda til dei tradisjonelle og naturlege veljarane for KrF, og dei som ønskjer eit markant og spesifikt kristent innslag i politikken, misser engasjementet. På denne måten taper ein både entusiastiske medarbeidarar og trufaste veljarar.

Aud Kvalbein har reist ein nødvendig debatt om fornyingsstrategien i KrF, og dei momenta ho peikar på, bør KrF-leiinga ta på stort alvor.

Det er eit faktum at den strategien som har vore fylgt dei siste 15 åra, har ikkje ført til auka oppslutning, men til nedgang. Då er det lite truleg at meir av same medisinen vil løfta partiet. Det er ein medisin som mange som aldri vil røysta KrF, meiner er god, men som får naturlege KrF-veljarar til å venda partiet ryggen. Ein bør i første omgang sikra seg at dei som er naturlege KrF-støtter, vel partiet, og så få ein ta dei andre som ein hyggeleg bonus.

Partiprogrammet er viktig, men det er ikkje mindre viktig korleis dette vert brukt og kva saker som i praksis vert fronta sterkast og kva måte det skjer på – og då er det avgjerande viktig kven som representerer partiet, og kva desse står for av overtyding og engasjement.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også: