KrF: KrF-leder, Knut Arild Hareide, og nestleder, Olaug Bollestad. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Er KrF eit sentrumsparti etter 2. november?

No har me i tillegg ein partileiar som har lagt all si tyngde og truverde i sitt råd om å søkja eit samarbeid mellom sentrum og moderate venstre, ein leiar som stadig fleire omtaler som imponerande dyktig, modig og rakrygga.

Dersom KrF, i den politiske situasjonen me no har, ikkje ein gong vil sjekka ut om det er grunnlag for regjeringssamarbeid med Sp og Ap, kan me ikkje lenger med truverde kalla oss eit sentrumsparti.

KrF har sidan i vår hatt ein omfattande prosess, der heile organisasjonen vart involvert, for å klargjera vårt politiske prosjekt. Denne prosessen viste mellom anna svært stor tilslutning til kampen for eit samfunn der me har ansvar for kvarandre og der ingen blir ekskludert og for eit samfunn som tek fattigdomen i verda og kloden si framtid på alvor. Alt bygd på det kristne verdigrunnlaget vårt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette kan ikkje kombinerast med å setja individet sin rett i høgsetet og omsynet til velstanden vår framfor omsynet til dei fattige og forfølgde i verda. Etter mitt skjønn er den politiske avstanden til FrP altfor stor til at me kan få gjennomslag for vårt politiske prosjekt saman med dette partiet. Dette sa me tydeleg frå om før valet. I tillegg er eg redd for at den sterke frustrasjonen som me hadde i medlemsmassen vår under Bondevik II vil bleika i forhold til den frustrasjonen som kan oppstå i ein slik regjeringskonstellasjon.

Når det blir hevda at me har gitt løfte om å støtta Erna, er dette rett og slett feil. KrF peikte før valet på Erna som statsminister i ei regjering av KrF, Venstre og Høgre. Erna valde etter stortingsvalet dette bort og vende seg til Frp. Då vart det frå KrF sagt at me likevel ikkje ville fella regjeringa like etter valet, men det vart samtidig presisert at dette ikkje var ei «freding» for heile stortingsperioden.

Vippeposisjonen i opposisjon har gitt KrF mange gode gjennomslag så langt. Problemet er at me i altfor liten grad har fått sett dagsorden sjølve. Dermed har ei samla partileiing konkludert med at me no bør søkja regjeringsmakt, for å lettare kunna få gjennomslag for våre prioriterte saker. Mange av oss som primært godt kunne tenkt oss å fortsetja med «vippe-makt» har late oss overbevisa av desse signala.

Det partiet som i mange av våre viktigaste verdisaker står oss nærast er utan tvil Sp. Og så lenge det ikkje finnest noko aktuelt samarbeid på ikkje-sosialistisk side utan Frp, er eg trygg for at me må sjekka ut kva som kan vera mogeleg å forhandla seg fram til med Sp og Ap. Ei slik regjering ville etter kvart kunna samarbeida begge vegar i mange saker. Erfaringa frå tidlegare mindretalsregjeringar har med all tydelege vist det!

No har me i tillegg ein partileiar som har lagt all si tyngde og truverde i sitt råd om å søkja eit samarbeid mellom sentrum og moderate venstre, ein leiar som stadig fleire omtaler som imponerande dyktig, modig og rakrygga. Etter dette rådet har me dessutan sett ein eventyrleg vekst i medlemstalet og markert oppgang på meiningsmålingane.

Om KrF i denne situasjonen ikkje ein gong vil sondera om det kan finnast eit grunnlag for regjeringssamarbeid med Sp og den moderate venstresida, kan me etter mitt skjønn ikkje lenger kalla oss eit sentrumsparti. Då har me definert oss inn i den borgarlege leiren og gitt avkall på den forhandlingskrafta som ligg i sentrumsposisjonen. Det vil neppe kunna kallast ein klok strategi!

Les også
Stiller seg bak Hareide
Les også
Begge nestlederne går mot Knut Arild Hareides råd om Ap-støtte
Les også
Kjempeopptur for Partiet De Kristne: – Flere har fått nok av KrF
Les også
VG: Hareide og Støre i flere fortrolige samtaler
Les også
Reagerer på at KrF-topp viet lesbisk par