KRF: «Hareide sitt innlegg hadde særleg to fokus – avstanden til Frp er for stor, og Jonas Gahr Støre og Ap er blitt så vennlege», skriver Karl Johan Hallaråker. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Debatten om KrFs sideval

Eg har fått både ris og ros fordi eg har støtta partileiar Knut Arild Hareide. Det gjer eg framleis.

KrF er som skapt for formannskapsmodellen. Der kan ein samarbeida med alle for å få mest mogeleg ut av kvar sak. Men så er det altså ikkje formannskapsmodellen som rår i regjeringskvartalet. Dette kan vera ein krevjande situasjon ikkje minst for «annleispartiet» KrF. Vi fordeler oss ut over den vanlege høgre-venstre-aksen i økonomisk politikk og mange andre enkeltsaker.

Det var ikkje denne aksen som var inngangsdøra til partiet. Derimot blei ein med i KrF ut frå pulsslaget i vårt kristne forvaltaransvar, kristne historiesyn, menneskesynet og prinsippet om nestekjærleik med fokus på menneskeverdet, familien og foreldremandatet, og slik bygga samfunnet nedanfrå nærast dei det gjeld. Som Ole Paus så rett har sagt det – KrF er partiet for dei som treng politikk. Kva så?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg låner talemåte frå ein del israelsvenner – fordi vi er så gode venner, seier vi også frå når vi er usamde med kursen. Eg har fått både ris og ros fordi eg har støtta partileiar Knut Arild Hareide. Det gjer eg framleis. Men eg er altså djupt usamd med han i hans nye kurs nett nå. Det er tydeleg minst to deler også i den politiske midtsirkelen (for å låna fotballspråk). I eit kort avisinnlegg kan det berre bli telegramstil. (Har forresten skrive ein tidlegare artikkel om det same, og eg legg til med arven frå bedehusland om at ingen skal dømast på partimessige val, har eg stor respekt for at venner og partifolk frå same miljø kan koma til ulike konklusjonar.)

KrF står fram som eit kristendemokratisk sentrumsparti, men og som eit ikkje-sosialistisk parti (trass i medlemmer langs heile høgre-venstre-aksen). Alle sju regjeringane KrF har delteke i, har vore slike. Rett nok har ikkje alt vore like vellukka, men å skifta slik radikal side utan avtale med veljarane, meiner eg ikkje berre er farleg, men i strid med vanleg parlamentarisk skikk. At det blir foreslått og forsøkt gjennomført i ein periode imot stort fleirtal i stortingsgruppa, er heller ikkje den parlamentarisme eg har lært gjennom åra. Skal ein forsøka å velja den vegen, bør ein i det minste venta til neste stortingsval.

Eg høyrde partileiar Hareide og nestleiar Kjell Ingolf Ropstad i Bergen 15. oktober. Som fleire av oss sa, det var eit stort og godt «haustmøte» i Bergen Indremisjons høgborg. Men analyserer eg dei to innleiingane, må eg vedgå at det var stor skilnad mellom dei to denne gongen, ikkje berre i sideval. Ropstad argumenterte med premissar og konklusjon for sakene KrF har stått for og sigrane med Erna Solberg. Hareide sitt innlegg hadde særleg to fokus – avstanden til Frp er for stor, og Jonas Gahr Støre og Ap er blitt så vennlege. Må også seia at det opplevast provoserande at Hareide dagleg får gjenta sitt mantra i media, medan den andre sida knapt blir nemnd.

Vel, avstanden til Frp er stor. Eg har brukt mykje av mitt politiske engasjement for å argumentera med at verdimedvetne menneske bør velja KrF og ikkje liberalistane Frp. Eg har forresten lagt til at V sine primærstandpunkt på fleire måtar er Frps politiske søskenbarn om dei aldri så mykje kallar seg sentrumsparti. Det eg legg merke til hos partileiaren og hans støttespelarar i denne saka, er at dei tek fram Frp sine partimessige primærstandpunkt, medan dei nemner Støres – skal eg seia – luftige tredjestandpunkt som kan høyrast forlokkande ut. Skal ein samanlikna slik må det vera standpunkta på same nivå. For Ap må ein også ta med både partiprogrammet, heile stortingsgruppa, Ap kvinnene og AUF + LO. Då er ikkje valet like klart. Eller er det ikkje det?

Vi har nyleg fått Menneskeverd si utfordring til å setja abortlova på dagsorden. Vi har høyrt Ropstad si utfordring til både Høgre og Ap. Statsminister Solberg sitt svar er imøtekomande. Ap avviser blankt. Truleg påtroppande AUF-leiar avviser forresten heilt regjering med KrF, og vil ta partiet sitt lenger til venstre. Hareide nemner med sympati Støre sin opptreden for nokre veker sidan i Litteraturhuset i Bergen i samtale med biskop Nordhaug. Eg var faktisk der. Det var ein hyggeleg pludrande samtale som lett kunne forståast å ha verdikonservative moment i seg. Men ideologisk var Støre trygt på sosialistisk side i verdispørsmål med stor ideologisk avstand til KrF. Han kunne visst nølande leva med reservasjonsretten for legar om det ikkje kom innvendingar lokalt, men lovfesta slikt var ikkje mogeleg. Eg gjekk ikkje heim den kvelden med viten om at nå var det eit nytt og betre ideologisk Ap vi står overfor med Støre.

KrF har fått mange nye medlemmer – med sympati til begge sider. Alle er like velkomne. Men å vilja senda nye medlemmer – som ope vedkjenner at dei aldri har røysta KrF – til avgjerande møte, har lite med demokrati å gjera. Slikt kallar vi kuppforsøk. Her må partiet rydda opp. Så er det reist spørsmål om representativt landsmøte. Ja, i drøfting av mange politiske saker er det viktig at vi høyrer og foreiner kreftene og at alle kjem til orde. Der alle tenkjer likt, tenkjer ingen mykje, sa ein fransk filosof. Men kva er representativt her? Landsmøtet skal ta stilling til om KrF i ein valperiode skal gjera eit radikalt og historisk linjeskifte – mot fleirtalet i stortingsgruppa. Då er ikkje representativt å svara tja, men eit tydeleg ja eller – som eg håpar – nei. KrF er eit ideologisk forankra verdiparti, og kan ikkje enda som eit reint pragmatisk enkeltsaks parti.

Eit av mine hovudpoeng nå er at vi ikkje står med blanke ark slik somme synest å meina. Då kunne ein vurdera primærstandpunkt på begge sider og konkludera kva veg ein ville forhandla først. Realiteten nå er at vi har ei ikkje-sosialistisk regjering med ein populær statsminister Solberg for KrF veljarane. Vi har ei regjeringserklæring som er slik at med KrF kan ein få på plass det som manglar av vårt stempel, slik også Solberg nemner. Samanlikningsgrunnlaget nå må vera erfaringa med sigrane i Solbergregjeringa og regjeringserklæringa – mot Ap sitt ideologiske program.

Dersom ein i stortingsgruppa har komme til at nå må ein ta regjeringsansvar, er det valet med å forhandla med Solberg først, det valet som trass alt vil vera lettast å forstå. Å prøva noko radikalt nytt med 4,2 prosent i ryggen inne i perioden, kan eg ikkje tilråda. Å påstå at Sp alltid er vår beste venn, har også gløymd at det var Sp som overkjørte KrF og kyrkja i valet av Oslo biskop med å setja inn sin eigen tidlegare partiformann Gunnar Stålsett. Det er vel ein av dei få gongene KrF statsrådar har måtta protokollera usemje. Eg er så gamal at eg har heller ikkje gløymd Sp sitt svik då Kjell Bondevik fekk regjeringsoppdraget i 1971.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kort sagt – valet står for meg mellom å prøva seg på ei mindretalsregjering til venstre med Audun Lysbakken (SV) på vetovippen (med applaus frå Bjørnar Moksnes (R)), eller ei ikkje-sosialistisk Solbergregjering, ei fleirtalsregjering der KrF både har vippeposisjon i Stortinget og kan setja sitt tydelege stempel på regjeringa si erklæring og politikk.

Les også
– Min farfar var en konservativ bibeltro kommunist
Les også
KrF og kulturministeren i klinsj om kirkekutt
Les også
Den moderate venstresida
Les også
Grøvan starter nå valgkamp for «tredje vei»
Les også
Hareide skal ha nektet Ropstad å dra til Telemark