KRF: Geir Jørgen Bekkevold (KRF) i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Quo vadis, Kristelig Folkeparti?

KrF-politikarar flest går på «gummisålar» for å uttrykkja seg politisk korrekt og for å fylja mainstream.

Må det snart bli eit farvel til KrF for meg? Det sit langt inne, men held partiet fram som det «stemner» er det snart ikkje plass for partiet, ei heller legitimt å stå fram som verdipartiet. Hendinga, fritt referert frå Dagens leiar, nedanfor fortel sitt: «KrF sin familiepolitiske talsmann» i stortinget, Geir Jørgen Bakkevold, vigsla i helga «KrF sinn kommunikasjonssjef» med hennar lesbiske sambuar.

Ein kan med rette spørja kva som skil KrF frå dei andre partia i dag. Då eg i si tid melde meg inn i Kristelig Folkeparti, var det fordi det skilde seg ut som det kristne «familiepartiet», «verdipartiet». Dette partiet fekk eg i mange år lov til å representera i lokalpolitikken, også som ordførar. Om det ikkje skikkeleg hadde markert seg på desse områda, kunne valet gjerne blitt annleis.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag peikar alle piler feil veg. Når program og handling ikkje samsvarer, når partiet mellom alle andre vel ein som ope står fram mot partiprogrammet, til «familiepolitisk» talsmann, når partileiaren går i pride-/«Fri»tog og nå gratulerer med alternativt ekteskap, ja då har noko grunnleggjande endra seg med partiet. Når «Foreningen Fri» får leggja premissane for verdiar blir kanskje polygami det neste som i «kjærleiken» og toleransens namn skal klappast fram. Vil partiet, som har vore vårt, då framstå like tannlaust?

KrF, og me alle, må i kjærleik ta vare på medmenneske som slit. Det er likevel ikkje det same som å bryta ned den naturlege kjernefamilien som samfunnet sin hjørnestein. KrF-politikarar flest går på «gummisålar» for å uttrykkja seg politisk korrekt og for å fylja mainstream.

Kalkulert resultat i neste gallup/val styrer tydelegvis meir enn det å stå fast på prinsippa til partiet. Dette er harde ord frå ei lita røyst, men nå må mange ropa! Elles blir det etterkvart trongt i det politiske landskapet for verdipartiet KrF.

Les også
– Opplever KrF stadig mer delt
Les også
– Stolt og glad for å vie dem
Les også
Reagerer på at KrF-topp viet lesbisk par
Les også
Hareide og KrFs endrede ekteskapssyn
Les også
Kan bli skjebnesvangert for KrF
Les også
Pål Kårbø melder overgang til Høyre
Les også
Ser homovielse som symptom
Les også
Et KrF likt alle andre