EKTESKAPET: Når høyrde det norske folk Knut Arild Hareide stå opp for at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne, for eksempel? Kan du svara på det, Hallaråker? spør Oddvar Høgevoll.
  Foto: Foto: Audun Braastad, NTB Scanpix

Hallaråker og KrF

Author picture

torsdag 3. mars 2016

Dette innlegget er en respons på "Verdigrunnlag og ideologi i KrF"

Samfunn

Det er eit ord som seier at «Si meg hvem du omgås, så skal jeg si deg hvem du er!» Etter eg har lese kronikken til tidlegare Imf-general, Karl Johan Hallaråker, (i Dagen 17. feb) har eg hug til å seia det slik: «Sei meg kven du talar vel om, så skal eg seia deg kven du er!»

Bakgrunnen for kronikken til Hallaråker er eit debattinnlegg av Ståle Halsne, i same avis 11. februar under overskrifta «Et parti i drift».

Halsne er kommunestyrerepresentant for KrF i Hjelmeland kommune. Og det han der kom fram med, var etter mi vurdering sakleg sett, heilt relevant for situasjonon i KrF.

Men det tykkjer tydlegvis ikkje Hallaråker. Under overskrifta «Verdigrunnlag og ideologi i KrF», går han til dels kraftig ut mot Halsne og kallar ein del av det han lyfter fram, for løgn («fundamentalt usant» Hallaråkers formulering).

No kjenner nok Hallaråker meir til det som ligg i skuffer og skap, enn underteikna, kva som er sagt og ikkje sagt om KrF sin ideologiske ståstad og identitet. Eg kan berre uttale meg ut ifrå det eg har fått med meg gjennom media. Men på bakgrunn av det, har eg vanskeleg for å skjøna meg på Hallaråker.

Slik eg oppfattar han, har han ingen uro for Knut Arild Hareide og KrF. Han tykkjest difor ikkje ha noko vidare til overs for dei som vil kritisera partileiaren. Alt ser ut til å vera i «skjønneste orden» i Hallaråker sitt Kristeleg Folkeparti!

Men er det så uproblematisk? Eller er det så lite grunn til uro?

Hallaråker refererer til «lovene» som partiet skal orientere seg ut ifrå. For å sitera hans eigne ord frå nemnde artikkel:

«Honnørorda i KrF om det ufødde liv, menneskeverdet og det to-kjønna ekteskapet finn ein i lovene, partiet sitt ideologikapittel og aktuelt politisk program og skuleringsmateriale. Orda er proppfulle av djupt innhald og stort alvor for partiet og partileiaren.»

Men då er mitt spørsmål:

Kva hjelper det å ha ord «proppfulle av djupt innhald og stort alvor for partiet og partileiaren» – når ikkje desse «orda» blir teken fram i debattar på TV og i aviser?

Når høyrde det norske folk Knut Arild Hareide stå opp for at ekteskapet er for ein mann og ei kvinne, for eksempel?

Kan du svara på det, Hallaråker?

Når høyrde du han sist tala om abortlova som «fosterdrap»?

Ingenting ville gleda skribenten av dette innlegget meir enn å høyra at «Jaudå, det gjer han rett som det er! Eg har høyrt det sjølv!»

Det er vel og bra med rette lover og fine formuleringar; i og for seg. Men det skjønar einkvart som vil skjøna; dette er ikkje nok. Det må ut til folket! Skjer det, så skapast der ei tillit til parti og partileiar, elles ikkje! Det trengs slik eg ser det, ei ideologisk vekkjing i Kristeleg Folkeparti.