Veit Framstegspartiet kva dei gjer?

Mange i Frp er svært islamkritiske, og det det kan vera grunn til å tru at dette er utgangspunktet for vedtaket om omskjering av gutar. I så fall er det eit bomskot – av to grunnar.

Opp gjennom åra har det vore mange slags politikarar i Framstegspartiet (Frp). Ikkje alle har vore like godt politisk skulerte, og nokre har vore nokså uregjerlege. Gjennom fleire år har det difor vorte gjort ein stor innsats for å dyktiggjera Frp-politikarar, slik at partiet skullle stå fram som eit påliteleg og seriøst parti. Dette har langt på veg lukkast, og partiet har fått plass ved Kongens bord. Partiet kan ikkje lenger framstillast som utilrekneleg.

På denne bakgrunnen er det uforståeleg at partiet kan gjera eit landsmøtevedtak om å forby omskjering av gutar her i landet, og endatil straffeforfylgja dei som måtte gjera det. Det vitnar om total mangel på forståinga av kva omskjering av gutar er reint fysisk, og kva religiøs funksjon det har.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mange i Frp er svært islamkritiske, og det det kan vera grunn til å tru at dette er utgangspunktet for vedtaket. I så fall er det eit bomskot – av to grunnar. Det eine er at det ikkje er noko påbod i islam om omskjering av guteborn. Omskjeringa kan skje seinare. Det andre er at å parallellføra omskjering av gutar og jenter er komplett misvisande. Omskjering av jenter er valdeleg kjønnslemlesting, medan omskjering av gutar er svært skånsomt.

Frp er kjent som ei Israel-venleg parti, og då skulle ein tru partiet også er jødevenleg. Ut frå det er forbodet mot omskjering av guteborn fullstendig uforståeleg. Det er knapt nokon verre måte å angripa jødar på enn dette, om ein ikkje går for utrydding av jødane. Det er nesten umogleg å vera jøde utan omskjering av guteborn på den åttande dagen, både etnisk og religiøst sett. Som kjent omskjer ikkje jødar jenter.

Forbod mot omskjering av jødiske gutar, er i røynda å nekta jødar opphaldstillating her i landet. Samanlikninga med jødeforbodet i Grunnlova av 1814 er difor reell. Jødar kan ikkje få born i eit land som forbyd omskjering av små gutar, og med det er det ikkje livsvilkår for jødar. Forbodet er difor reelt antisemittisk. I tillegg er det i strid med trusfridomen.

For meg verkar det som at Frp-landsmøtet ikkje forstod kven vedtaket i røynda rammar, og kva konsekvensane av det er, trass i dei tydelege åtvaringane som kom på førehand. Det kan vera at realiteten går opp for partileiinga i etterkant, slik at vedtaket ikkje vert fylgt opp i praktisk politikk. No er det heldigvis slik at det er liten eller ingen sjanse for at eit slik vedtak får fleirtal i Stortinget.

Det som vedtaket i alle fall avslører, er at det er uhyggeleg dårleg stelt med religionskunnskap i Frp. Det har partiet diverre felles med fleire parti, sjølv om ingen andre har demonstrert det så tydelege som Frp. Det sekulariserte Noreg tenkjer reint materialistisk og naturalistisk, og då vert omskjeringa eit fysisk inngrep – og berre det, og endatil eit heilt unødvendig inngrep, og det trass i at det er ein flerie tusenårig jødisk tradisjon.