TANKER: «Nytenking med brems er ikkje lett når det utfordrar vår humanitet og det me har lært som vår kristenplikt,» skriver Hallgrim Berg. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Med våren kjem friske tankar

På den eine sida, skal me vera nestekjærlege og humane. På den andre sida, er det ikkje til framgang for verda at dei europeiske velferdsstatane bryt saman.

«Nytt liv av daude gror…» – det er som det vert varme og von i oss alle når våren kjem. Ein vert friskare til sinns, formulerer seg kanskje litt meir endeframt, og ser fram til ei tid med lange, ljose dagar.

For min eigen del – her i øvre Hallingdal – har me framleis meterhøg snø på uteplassen vår og på hustaket – endå den fyrste «sumardagen» alt er passert.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men denne veka er me på veg til Israel, og då blir det fart i lekam og sjel. Då du les dette, er me ute på Genesaretsjøen og oppe på Golanhøgdene. Det er strake luftlina bort til Damaskus, og det er ei ganske spesiell oppleving å vitja eit familiebruk på Golan som serverer geitost og vin i fredsame omgjevnader, samstundes som drønnet frå kanonar rullar som torever i det fjerne.

Vår reisegruppe, eit tjuetal oppvakte nordmenn, skal få mange store opplevingar dei elleve dagane «jubileumsturneen» varar: Israel 70 år – eit mirakel av ein nyoppretta stat!

Eg les mykje. Sist veke var det friske tankar å sjå i mange aviser og på dei nettstadene som driv alternativ journalistikk og har ordskifte for folk flest.

I mest alle aviser rår dei politisk korrekte, sosialdemokratiske (og til dels kulturmarxistiske) vinklingane, frå Morgenbladet, Klassekampen, Dagbladet, Dagsavisen, VG og Aftenposten, til NRK og eit TV2 som eg i si tid sjølv var med å arbeide fram for regjeringa Willoch, i den trua at dette skulle verta «ein alternativ kanal» i form, innhald og meining.

Men på nettet går det friskt føre seg, ja, såpass friskt og demokratisk at dei privilegerte i avishus og «statens store fehus» ber om «tiltak» mot folk som ytrar meiningane sine. Som jamvel meiner noko utan å få betaling for det.

Snart får me fleire statstilsette som skal sitja og overvaka innbyggjarar som har for klåre meiningar – anten det gjeld religion, politikk, familie, patriotisme eller anna.

Dersom nokon kjenner seg «krenkt» eller seier dei er utsette for «trakassering» og «hat» eller anna styggedom, skal dei melde frå til det offentlege, som då skal vurdere husbesøk, påtale, uthenging eller arrest og bot.

Velferdsstaten må få alle til å kjenne seg vel. Ingen innbyggjar skal føle at dei møter motbakkar. Alle har krav på å vera lykkelege. Det er staten og samfunnet sitt ansvar. Og har ein etat vore fæl med deg, har du krav på erstatning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det trengs nye jobbar, og her kan det bli sysselsetjing for mange.

At kontroll med rovdyr og utbetaling av erstatningar fører med seg åtti årsverk berre i Hedmark, er lovande. At eit utal organisasjonar skal redde verda, og difor må ha sendelag ute på reise og konferansar verda rundt, kostar pengar. At UDI får tilsett mange innvandrarar, ikkje minst muslimar, til å vurdere om nye «asylantar» skal få koma inn i landet, er ein kjempegod ide.

Då bruttonasjonalproduktet såleis aukar, er det likevel merkeleg at velferdsstaten snart manglar pengar til å drive. Me skal arbeide lenger og få att mindre. Staten treng meir pengar.

Ein del politiske parti vil dessutan vera meir «raus» (vårt dyraste moteord) på ei rekkje område, «rausare» dess lenger mot venstre ein kjem. Mest alle aviser, generalsekretærar, folkevalde og fehaldarar hevdar at «innvandring lønner seg». Fagrapportar provar det motsette.

Dagens Næringsliv opplyser at berre dei siste sju åra har innvandrarar opparbeidd seg rett til 376 milliardar kroner i pensjon i NAV-systemet. Og det renn på dagleg.

Nytenking med brems er ikkje lett når det utfordrar vår humanitet og det me har lært som vår kristenplikt.

For mange i Afrika og Asia er Europa den store honningkrukka.

Kva gjer me? På den eine sida, skal me vera nestekjærlege og humane. På den andre sida, er det ikkje til framgang for verda at dei europeiske velferdsstatane bryt saman.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje god politikk å la synlege problem veksa. Det er betre å ta fatt i dei. Den beste politikken for dei mange er å søkje løysingar inn mot det berekraftige, kall det gjerne (som Arthur Koestler) «fornuftens balansepunkt».

Les også
Stat og tro
Les også
– Vi har ikke lykkes med integrering
Les også
Betyr fortiden ingenting?
Les også
På tide å ta et modig valg!
Les også
Vi må skjelne for å kunne be for vårt land