Donald Trump – gal eller normal?

Kort sagt, det er ikkje måte på kva enkelte kan få seg til å seia om den amerikanske presidenten.

Som kjennar av amerikansk og norsk politikk sluttar eg aldri å undre meg over den kompakte motstanden her heime mot dei republikanske partikandidatane i USA. Det har vore eit konstant trekk i norske media og norsk politikk heilt sidan 1960. Norske kommentatorar er i stor mon gjennomsyra av sosialdemokratiske og/eller kulturmarxistiske synsmåtar – og dette tankegrunnlaget fører til særsynte skildringar av amerikansk politikk og aktørane der.

Preferansen for den demokratiske kandidaten til ei kvar tid er så sterk i norsk opinion at det går opp mot 94–95 prosent støtte til ein Obama eller Clinton, og tilsvarande 5–6 prosent for ein Romney eller Trump.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det viser kor sterke og einsidige norske media er i sin påverknad av folket. Me lir av ei presse med demokratisk underskott.

Eg blar tilbake i det anstendige presseorgan Vårt Land hausten 2016. Der får kandidat Donald Trump følgjande redaksjonelle skussmål: «Trump er skilt to ganger og har vinglet i synet på abort og homofilt samliv, som er kjernesaker for sosialkonservative kristne. Milliardæren har slått om seg med løgner, rasisme og oppfordring til vold i valgkampen, og er kjent for en livsstil preget av grådighet både når det gjelder penger og sex.»

Stort betre var ikkje ein professor frå Bergen, som opplyser at «Bullshit»Trump … «ikke engang forsøker å lyve, for han bryr seg rett og slett ikke om hva som er sant og usant».

Kort sagt, det er ikkje måte på kva enkelte kan få seg til å seia om den amerikanske presidenten. Trump er gal, dum, ekkel og farleg på same tid! I norske barnehagar og klasserom er den amerikanske presidenten demonisert.

Samstundes: Det viser seg at dei som møter Trump, blant anna statsminister Erna Solberg, stadfester at mannen både er «normal» og «hyggelig», og at møta var «nyttige».

Som Trump kommenterte i Davos, har USA og Europa sterke felles interesser, forsvar, handel, kultur – og ikkje minst den historiske kampen for fridom, mot fascisme, kommunisme og terrorisme.

Men framleis: Uansett kva Trump gjer og ikkje gjer, er dei fleste media farga av nedvurdering, latterleggjering og mistenkeleggjering. Den liberale pressa i USA la presidenten ytterlegare for hat, då han saboterte den årlege forlystande pressemiddagen deira, og heldt folkemøte i Missouri i staden. Hatet gjekk over til krig.

The Democratic Establishment er enno ikkje kome over sjokket frå tapet mot Trump. Hillary Clinton var kandidaten for Wall Street, globalisme, og «det politisk korrekte».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei hadde ikkje rekna med at ein oppkomling frå bygningsindustrien – ein politisk amatør – kunne vinne valet. Men Clinton og etablissementet tapte mot alliansen av evangelisk kristne (80 prosent for Trump) og ei forsømt arbeidarklasse.

Sant nok: Donald Trump har ei framferd og ein stil som stundom verkar usympatisk etter våre mål. Men i politikken er han kanskje gløggare enn dei fleste. Han har teft, og han vann fordi han blir sett som ein pragmatisk, løysingsorientert person.

Han er fråhaldsmann, hentar seg tankar og idear frå breie grupper arbeidsfolk, næringsdrivande, handverkarar, bønder, veteranar og uavhengige – og talar med respekt for nasjonalstaten, familien og kristne verdiar.

Han vil ha meir industri og arbeidsplassar, desentralisering, ta landet i bruk, stimulere tiltakslyst og investeringar, la omsynet til privat eigedomsrett, landbruk og næringsliv trumfe verneinteresser og villdyr i skog og utmark, få fram breiband og fornye infrastrukturen i landet, auke sjølvforsyningsgraden av energi, halde oppe ei valordning til fordel for delstatar med spreidd busetjing, sterkt forsvar, heimevern og ein streng asyl- og innvandringspolitikk, og så vidare.

Er Donald Trump senterpartimann?

Pressa ber seg ille kvar gong han kjem med sine «horrible framlegg» – endå det ikkje er anna enn det han lova folket i valkampen.

Eit godt døme: Det er komisk å sjå korleis norske prestar og kunstnarar sette i gang heftige opprop då Trump hadde sagt at Jerusalem er Israels hovudstad (noko Kongressen og alle presidentar har meint sidan 1995). Trump la til at Jerusalem har vore jødane sitt åndelege orienteringspunkt i tre tusen år.

Kva er gale med det? Det er jo sant.