Evolusjonsdebatt mellom professorane Giske og Tveter

Debatten som har gått i Dagen mellom professorane Jarl Giske og Kjell J. Tveter har vore opplysande, men samstundes avslørande for den evolusjonistiske tenkinga.

Det store spørsmålet knytt til evolusjonslæra er kva sjølve livet er, korleis dette har oppstått og korleis dei ulike artane har kome til. Her skil ei konsekvent evolusjonslære og ei tilsvarande skapingslære fundamentalt og absolutt lag. Det er som Tveter skriv: «Konflikten mellom tro og vitenskap kan forenkles til om det er en styrt utvikling av livet eller en ikke-styrt utvikling». All skapingslære seier det første, medan evolusjonslæra seier det siste.

Kva som er ei rett skapingslære, kan ein ikkje læra av vitskapen, men må lærast av openberringa i Bibelen. Ut frå skapingslæra i Guds ord kan naturvitskapen vera med og innhaldsbestemma denne, men all vitskap vil alltid ha noko tveeggja ved seg. Naturvitskaplege funn kan dessutan tolkast nokså ulikt, og då vert trusoppfatninga eller livssynet ein tolkar i lys av, avgjerande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Evolusjonistar, som professor Giske, hevdar at tilfeldige naturlege prosessar kan gje ei tilfredstillande forklaring på livet, og alt som er knytt til livet. Det er det vanskeleg å sjå kan vera tilfellet, i alle fall er det umogleg å bevisa. Framvoksteren av liv og utviklinga av dette vert lagt til så mange millionar år bak i tida at ingen kan kontrollera at det som vert lært, stemmer. Det ein aller minst kan forklara, er kor DNA og den informasjonen som ligg der, kan oppstår, og kor den nye informasjonen som trengst for kvar art, kjem frå. Ingen kan påvisa slik informasjon på eit tilfeldig grunnlag.

Professor Tveter hevdar det må stå ein intelligens bak livet, og meiner difor Intelligent Design er den beste vitskaplege teorien for livets opphav og utvikling. Denne teorien seier ikkje kven denne intelligensen er, men ut frå kristen tru må det vera Gud Fader. For å finna ut korleis han har skapt, må vi gå til den openberringa han har gjeve av dette, særleg 1Mos 1-2. Når ein held saman den bibelsk skapingslæra med det naturvitskapen lærer oss, endar mange, inkludert Tveter, på «gamal jord-kreasjonisme». Andre meiner Bibelen lærar «ung jord-kreasjonisme, og tolkar dei naturvitskaplege funna i tråd med det. I oppgjeret med evolusjonslæra og i forsvaret for det gudstyrte ved skapinga og livet, er ikkje dette avgjerande. Skapingslæra er likevel i seg sjølv viktig, særleg det historiske, at mennesket er skapt i Guds bilete og at Adam er stamfar for menneskeslekta.

Det som vert kalla mikroevolusjon, altså utvikling innan dei ulike artane, er ukontroversielt. Giske meiner makroevolusjon, utvikling av nye artar, er av same karakteren. Her er det like fullt ei avgjerande kløft, fordi ved mikroevolusjon er det snakk om bruk av kjent informasjon, medan det ved makroevolusjon må til ny informasjon.

Les også: