INTEGRASJON: Alle tiltak og alle slag støtteordingar i integrasjonens namn kan vera greie nok. Men mot demografiske bølgjer kan vår nedervde kultur og eigenart vanskeleg overleva, skriv Hallgrim Berg. 
  Foto: Illustrasjonsfoto: Sergei Grits, AP Photo/NTB Scanpix

Ei bagatellisering av vår tids største utfordring: islam

fredag 24. august 2018

Samfunn

Det er merkeleg at profesjonelle folk i Herrens teneste bagatelliserer den største utfordringa for den europeiske kultur og levemåte: imperialistisk islam.

Det får så vera at uopplyste menneske lever i si eiga draumeverd, fristilt frå historiske fakta og aktuelle realitetar som kan uroa svevnen. Men i åndskampen som no byggjer seg opp i Europa, må det seiast å vera merkeleg at profesjonelle folk i Herrens teneste bagatelliserer den største utfordringa for vår kultur og levemåte i dag: imperialistisk islam og medfølgjande radikal politisk islamisme.

Generalsekretær i Norsk Luthersk Misjonssamband, Øyvind Åsland, og leiar i NLM Utland, Hans Arne Sanna, strevar i harde tak (Dagen 21. august) for å bagatellisere farane ved islam og den aukande islamiseringa i våre samfunn. Eit av mine poeng er at kristendomen vil få det like trongt i komande muslimsk dominerte land i Europa som andre stader. Det vil desse karane helst ikkje høyre, og rettar i staden skytset mot underteikna, då eg visst lir av noko dei kallar «en betydelig frykt for muslimer».

Mine muslimske familievener er både greie, gode og fredsame. Det eg kritiserer, er ikkje einspora eller innpoda einskildmenneske, men den islamske ideologien, imamar og herskarar, sensur, sosial kontroll, menneskeundertrykking, valdsbruk og groteske straffemetodar som også muslimar vert utsette for frå dei som har den ideologiske og politiske makta.

Me likte og likar det russiske folket, men var kritiske til den ateistiske og imperialistiske kommunismen som ideologi og maktsystem. Karane på toppen der hadde me lite til overs for. I tillegg var me redde.

Eg byggjer på studiar av islamistisk praksis opp gjennom 1400 år, korleis islam har breidd seg med makt og sverd, stått for nedslaktingar som i samla omfang langt overgår milliontals drap under Stalin, Hitler og Mao, like og ulike islam som har erobra 57 land hittil, og som byggjer seg opp med veksande - og til dels eksplosive - minoritetar inne i demokratia. Den muslimske brorskapen, sidan 1928, Organization of Islamic Cooperation, sidan 1974, og revolusjonen i Iran, sidan 1979 – byggjer posisjon for posisjon, stein for stein – gjennom samordna strategiar, bygt på oljemakt, demografi, fødselstal, emigrasjon, terrorisme, frykt, utnytting av demokratiet og ein grenselaus og dumsnill toleranse.

Er det nokon som lir av noko, er det mange leiande folkevalde i vestlege demokrati – i lag med leiarskiktet i media, kyrkje og store organisasjonar, dvs. alle som no for tida snur kappa etter vinden og vonar på økonomiske tildelingar, karriere og personleg komfort.

Åsland og Sanna vil ikkje inn på desse utfordringane. For dei er islam berre ein av mange religionar. Dei har tydelegvis ikkje oppdaga at islam er basis for eit livsfarleg politisk system som er totalitært, altomfattande, menneskeundertrykkande, slik nazismen, fascismen og - kommunismen - er det.

Bodskapen om Jesus Kristus er viktig. Der Muhammed var valdsmann og krigsherre, vende Jesus det andre kinnet til. Religionsdialog kan vera viktig, men blir resultatet ikkje anna enn einvegstoleranse, vert dei kristne skuvde baklengs mot veggen, eller fordrivne frå mange land, slik det no skjer i nær samtlege av dei 21 arabisk- muslimske statane.

Ut med jødar og kristne! Dialog? Mest ikkje ein pip frå våre kyrkje- og misjonsfolk. Ingen demonstrasjonstog, ingen boikott av islamske tyrannar, ikkje eit høyrande ord frå preikestolane, snautt eit lesarinnlegg i lokalavisa.

Om det er overveldande å skulle agere mot islamistisk maktbruk i oversjøiske land, skulle ein tru at kristenleiarane ville bu seg til kamp mot totalitære krefter her heime i Europa. Men nei, det gjeld om å leggja til rette også for islamsk utfalding.

I «analysen» (ønsketenkinga) til Åsland og Sanna trøystar dei seg med at det «bare er et mindretall av muslimer som støtter terror, ønsker strenge blasfemilover eller vil oppheve demokratiet.» Orsak, men dersom 40 prosent av muslimske studentar i Storbritannia heller vil ha innføring av sharia-lover enn å ville støtte parlamentarisk demokrati, eller at eit fleirtal av spurde tykkjer det er rett og rimeleg at Hamas vil utrydde jødane og staten Israel, seier det mykje om mentalitet og kva me har i vente.

Alle tiltak og alle slag støtteordingar i integrasjonens namn kan vera greie nok. Men mot demografiske bølgjer kan vår nedervde kultur og eigenart vanskeleg overleva. Særleg når islamske strategar og maktmenneske fiskar i rørt vatn. Og, i tillegg, får hjelp frå mange velmeinande som set sin kristne retorikk over demokrati, fred og fridom?