Kaepoong, Nord-Korea. Foto: Lee Jin-man, AP foto / NTB scanpix

Måtte Nord-Koreas jernteppe rakne

For første gang har ein leiar frå Nord-Korea sett føtene sine på jorda i Sør-Korea. Hand i hand kryssa den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un og den sørkoreanske presidenten Moon Jae-in grensa med breie smil sist veke. Bileta var ladde av symbolikk.

Formelt er dei to landa framleis i krig, men no skal det bli slutt på Koreakrign, lovar Kim Jong-un. Målet er å gjere Korea-halvøya til atomvåpenfri sone. Atomanlegget som blir brukt til prøvesprenging skal stengjast alt denne månaden.

Kim avviser at dette skjer fordi anlegget uansett held på å rase saman, slik skeptikarane innvender. Nei, han hevdar at dei ikkje treng atomvåpen lenger «dersom vi møter USA ofte, byggjer tillit, avsluttar krigen og til slutt får løfter om ikkje å bli invadert».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å demonstrere sin gode vilje, planta Kim eit tre saman med Moon, med jord frå begge landa og vatn frå to grenseelver. Ja, han lova endå til at Nord-Korea vil stille klokka ein halv time fram, for å kome i same tidssone som broderfolket i sør.

Vi trur ikkje eit sekund at løfta og fredssymbolikken er uttrykk for at Kim Jong-un brått har sett lyset. At mannen som i seks og eit halvt år har vore øverste ansvarlege for konsentrasjonsleirane i Nord-Korea, og for eit regime som ikkje gjekk av vegen for å likvidere ein onkel og ein bror, brått er blitt ein grei kar.

Det er berre fire år sidan ei FN-gransking samanlikna Kim-regimet med nazistane sin brutalitet under andre verdskrig og tilrådde at han vart klaga inn for den internasjonale straffedomstolen, ICC.

Med verdsfreden som innsats har Kim Jong-un prøveskote seg heile vegen fram til forhandlingsbordet, slik det nordkoreanske regimet også har gjort ved tidlegare høve. Det faktum at landet har utvikla atomvåpen og langtrekkande rakettar er ei stor påkjenning for nabolanda.

Så stor at dei grip det plutselege fredsframstøtet frå det utilreknelege regimet med begge hender. Så må det leggast til at Trumps harde linje, så vel som Moons diplomati og sterkare internasjonale sanksjonar også har spela ei viktig rolle for den utviklinga vi no ser.

Kor skeptiske vi enn måtte vere til Kims intensjonar, er det vårt sterke håp at løfta om fred og betre tider verkeleg resulterer i nedrusting og oppmjuking av det lukka regimet. Det er umåteleg viktig både for verdsfreden, for tryggleiken i regionen og ikkje minst for det nordkoreanske folket.

Der er nok av skjær i sjøen der fredsprosjektet kan grunnstøyte. Det står til dømes ikkje noko konkret i avtalen om korleis atomnedrustinga skal oppnåast. Forhandlingane kan bryte saman. Trump har lova at han reiser rett heim, dersom Kim ikkje innfrir når dei snart møtest.

Det faktum at det internasjonale samfunnet har truga med ICC, og at Kim veit kor ille det gjekk med tidlegare diktatorar som Saddam Hussein og Muammar Gaddafi, kan gjere at han dreg i handbremsa. Men kanskje akkurat fordi dei nemnde diktatorane ikkje samarbeidde, kan ein håpe at Kim ser at dialog er betre enn åleinegang.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også i 2000 og 2007 var det tøvær på Korea-halvøya. Den gongen slokna optimismen kjapt. Måtte det berre bli annleis denne gongen. Måtte tøværet nå heilt inn i konsentrasjonsleirane, til undergrunnskyrkjene, til alle dei som svelt, til dei som må bøye seg for statuer av Kim-familien og til flyktningane som risikerer livet når dei snik seg over grensa til Kina. Måtte jernteppet i Nord-Korea rakne.

Les også
Historisk toppmøte ga erklæring om full atomnedrustning på koreahalvøya
Les også
Trump tror nordkoreansk nedrustning er mulig
Les også
Kim Jong-un inviterer Sør-Koreas president til Pyongyang
Les også
Hyller Nord-Koreas siste utspill
Les også
Pave Frans hyller det koreanske toppmøtet