ALVORLEG: Når fødselstala er på veg til eit nytt botnnivå, gir det grunn til ettertanke, skriv Dagen på leiarplass.  Foto: Frank May, AP/NTB Scanpix

«Fødselstallene stuper videre»

torsdag 13. desember 2018

Lederartikkel

Dei fallande fødselstala i Noreg er eit alvorleg symptom, meiner Dagen.

Tittelen på denne leiarartikkelen er henta frå Klassekampen denne veka. Talet på barnefødslar i Noreg held fram med å falle frå det rekordlåge nivået i fjor, viser tal avisa har henta inn frå Statistisk sentralbyrå.

Utviklinga har vore dramatisk det siste tiåret. I 2009 var det forventa at kvar norske kvinne kom til å føde 1,98 born i løpet av livet. I 2017 var talet nede i 1,62.

Det er viktig å vere klar over at dette er eit tal som vil variere med kor mange kvinner som er i fruktbar alder. Statistikken har gått jamt nedover sidan 2009, men før dette har talet gått både opp og ned. I eit år som 1980 var det berre på 1,72. Men når vi er komne til eit botnnivå, og held fram med å gå, gir det grunn til uro og ettertanke.

Ei befolkning som ikkje fornyar seg sjølv, er ikkje livskraftig på lang sikt. Og eit land som ikkje har ei livskraftig befolkning, har verken ein berekraftig økonomi eller ein verkeleg vital kultur. Borna er framtida. Slik har det alltid vore, slik vil det alltid vere.

Underskotet på nyfødde landsmenn er ikkje særnorsk. Over heile den vestlege verda er dei forventa fødselstala under 2,1 pr. kvinne. Det er ikkje sunt. Så høgt må gjennomsnittet vere for at befolkninga skal oppretthalde seg sjølv.

Nokre land er endå verre stilte enn vi. I Italia var talet 1,32 i 2017. Og på øya Sardinia var det heilt nede på 1,06. Det er ei oppskrift på forgubbing og forfall på mange samfunnsområde.

Foreldre i full jobb som nøyer seg med to born og droppar nummer tre, er den viktigaste forklaringa på at fødselstala stuper. Det viser ein fersk rapport frå Institutt for samfunnsforskning som Klassekampen viser til. Lengre utdanning og økonomiske omsyn spelar også inn.

Ingen bør nekte for at det krev mykje å få born. Svangerskap, fødsel og foreldreansvar er noko av det mest farefylte og ansvarsfylte i livet. Samstundes er det noko av det mest meiningsfylte og gledesfylte. Her er vi her vi kjernen av kva det handlar om å vere menneske. Ingen av oss hadde vore her, om ikkje nokon tok risikoen og børa med å bere oss fram.

Og knapt i noko anna land er det lagt like godt til rette med velferdsordningar for familiar som i Noreg. Ingen kan garantere at alt skal gå bra verken i eit svangerskap, ein fødsel eller etterpå. Men få stader kan mødrer, familiar og born vere så trygge som her. Då er det unekteleg eit paradoks at fødselstala held fram med å falle.

Regjeringa har sett ned ei gruppe som skal jobbe med tiltak for å få kvinner til å føde fleire born. Vi håper det kan gi gode resultat. Samstundes trur vi utviklinga vitnar om ei kulturell krise som ligg på eit djupare plan. Menneske med gudstru får jamt over fleire born enn menneske utan gudstru.

Det er ikkje underleg. Med ei overtyding om at livet er ei gåve frå Gud - og born er ei gåve og ei oppgåve frå Gud - har ein eit anna utgangspunkt enn dersom ein berre tenkjer at born er noko ein heilt på eiga hand må finne ut om ein vil ha.

For truande kristne er det viktig å minne seg sjølv og kvarandre om privilegiet det er å få vere foreldre, og verdien som er knytt til å ha familie og sysken. Sterke familiar byggjer samfunnet, men det er også ein rikdom i ei usikker verd.