Frå møte til gudsteneste – ei litt lenger reise?

Det er endrings- og vokstersmerter som melder seg i vår tid. Den som i ein religiøs samanheng vil smykka seg med «endringskompetanse», må ha teologien med seg.

«Det er så lite som skal til», sa Olav H. Hauge. Det er ei setning som er gyldig i så mange samanhengar, og eg nyttar ho gjerne. Som til dømes når studentane og eg drøftar kva god og rett forkynning er for noko.

Det er ofte så lite som skal til, kanskje berre ei undersetning eller eit lite innskot, så vert preika løfta så ho vert mat som gir liv, og ikkje berre moralisme eller velmeinte funderingar over livet. Som i skilnaden mellom det «at» Jesus vann over døden, og at han gjorde det «for deg».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I møte med samlingar som før gjaldt som «møte», men der møteleiaren no – i den «nye» tid – snublar mellom «møte» og «gudsteneste» på «bedehuset» eller i «menigheten vår», har eg fundert på om Hauge si utsegn ikkje fullt ut er dekkande for situasjonen: Det er litt meir enn lite som skal til.

Men det er berre å gå i gang: Lag kurs for møteleiarar som no også skal vera liturgar! Undervis om roller som krev ein form for emosjonell distanse, nettopp fordi ein skal leia andre.

Drøft kva det tyder at liturgi er noko anna enn «programinnslag», og at det difor ikkje er totalt uinteressant i kva rekkefølgje dei kjem. Truvedkjenninga er, og skal vera ein respons på det vi har høyrt, også om den nettopp derfor også kan få eit element av protest i seg!

Vi kunne gå vidare, til salmeskatt og lovsong. Kva tyder det, i praksis, at ei vekkingsrørsle av luthersk/roseniansk og haugiansk opphav har mykje å formidla – ja, meir enn det ofte skjer i preikene – nettopp frå denne arven? Det var rom for mykje personleg initiativ og plass for nådegåver i vekkingsrørsla, men ikkje for individualistisk sjølvstyr.

Det som på «fint» teologisk språk heiter ordo, har (også) ei så enkel tyding som orden. Derfor er ei preike meir enn eit vitnemål, den er Guds tiltale.

Omvendt: Ein nattverdliturgi som «berre» er ein bibeltekst, står i fare for å stengja av for responsen frå forsamlinga: Stadfestinga, jubelen, gleda, takken.

Altså, paradoksalt nok: Ein strippa, minimalistisk liturgi gjev ikkje nok rom for deltakarane (les og ikkje misforstå: lekfolket) si involvering og myndige plass.

Det er endrings- og vokstersmerter som melder seg i vår tid. Den som i ein religiøs samanheng vil smykka seg med «endringskompetanse», må ha teologien med seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Elles vert han berre ein direktør. Innlegg i Dagen i det siste (om «embets»tenking i NLM), viser at det ikkje er hundre prosent sikkert at gamle honnørord har berekraft berre fordi vi påstår at dei har det. Orda om ny vin i gamle skinnsekker har sin relevans også på dette området.

Status per i dag: Utfordringane er mange og stundom store. På andre område er det faktisk ikkje så mykje som skal til!