Tredje skisma

Fleire har sett kor farleg det er når modernismen kuttar banda til historie og tradisjon.

Den kristne kyrkja vart for 1000 år sidan delt austleg (ortodoks)–vestleg (latinsk/katolsk). For 500 år sidan kom eit skisma som delte den katolske kyrkja nord (protestantisk)–sør (romersk). I vår tid gjennomlever vi eit tredje skisma, under påverknad av moderne verdsbilete og ein sekulær kultur.

Modernismen har kontant avvist klassisk kristendom, og tradisjonell kristen tru har kome i sterkt skvis. Dette har ført til eit tredje skisma innanfor kyrkjene. Skiljet går ikkje etter kjende grenser mellom katolsk og protestantisk eller konservativ og liberal teologi, men mellom dei som fastheld og lever etter dei sentrale sanningar i den kristne tradisjonen og dei som ikkje gjer det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Alt i 1952 skreiv C. S. Lewis om korleis vi må møte slik modernisme. Det er evangeliet sin overnaturlege (supernatural) karakter som vert avvist, skriv han. Både evangeliske og katolske kristne må stå saman og forsvare tradisjonell kristen tru på skapinga, inkarnasjonen, oppstoda og dei siste ting. For kristen tru er utfordra over heile linja.

Det vil variere kva trusinnhald som kjem i fokus frå tid til anna. I det siste har særleg trua på menneskeverdet, det kristne ekteskapet og Jesu person vore under angrep. I dei store kyrkjene er skiljelinjene merkbare, og fortvilte politiske kunstgrep frå leiarar som prøver å motverke splittingane, illustrerer berre kor alvorleg situasjonen er. Modernistane riv grunnen bort under det som har vore trudd «ubique et ab omnibus» (alle stadar og av alle). Eller som Lewis har blitt kjent for å kalle det: «Mere Christianity».

Fleire har sett kor farleg det er når modernismen kuttar banda til historie og tradisjon. Den britiske journalisten Douglas Murray har skrive boka «The Strange death of Europe» (2017). Han startar med: «Europe is ­comitting suicide.»

I ei slik tid vert alt bydd fram til sals: Politikk og teologi vert relativisert, offentleg debatt bygg på kjensleargument og inga sanning er lenger objektiv.

Slike grunnleggjande problem kan ikkje løysast med politiske vedtak. Vi må vende attende til kjeldene som både kristendom og kultur er runne av, attende til det som vart trudd alle stadar og av alle. Vi treng ein vekkelse for verdiane og trua til den udelte kyrkja i dei fyrste århundra. Kristne må finne fram og lese kyrkjefedrane. Dei fyrste kristne si tru og deira måte å praktisere trua på, kan fornye vår.

Det hastar. Utan kyrkja døyr kulturen. Difor er det på høg tid at kristne vel å stå saman imot modernismen. Både for den kristne kyrkja og for vår felles sivilisasjon sin del.