Sunn tru i ei usunn tid

Det er eigentleg til ettertanke at ein i ein luthersk (!) bibelskule vil begynna ei såkalla profetlinje i reformasjonsåret 2017. Det gjev assosiasjonar til reformatorane sin kamp mot reformasjonstidas svermarar.

Dagen sitt hovudoppslag fredag 28. juli om «profetisk betjening» under IMI-kyrkja sin sommarfestival fylde meg med to kjensler.

For det første blir ein glad når unge menneske søkjer hjelp om å finna Guds vilje for livet sitt. Slik lengt og søken skulle vera normalt kristenliv for oss alle. Det er livet si lukke å leva i pakt med Guds vilje og plan for våre liv. Det gjeld unge som eldre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For det andre kjende eg på stor sorg når eg las om den rettleiingstenesta som IMI-kyrkja her legg opp til både i sommarstemnet og altså som bibelskuletilbod.

Å gje inntrykk av at dei finn Guds vilje for unge menneske med lappar med klokkeslett og strekteikning kan ikkje vera noko anna enn blindt svermeri – utan dekning i Guds ord. Her blir jo alt underlagt subjektiv tenking og heilgardering frå rettleiaren si side. Gud brukar mange skrøpelege kar, men dette må vera noko heilt på sida.

Eg skal sølvsagt ikkje underkjenna den profetiske tenesta i Bibelen. Paulus skriv det slik: «Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærar.

Slik kunne dei heilage bli rusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.» Ef. 4,11–13.

Profettenesta er ei vitne- og forkynnarteneste som som tener til oppbyggjing, formaning og trøyst. Den profetiske tenesta har eit klart sikte – å forkynna Guds ord – lov og evangelium – slik at menneske kjem til tru på Jesus, blir frelst og får hjelp til å leva livet sitt etter Guds vilje og plan.

Den kristne kyrkja er «Ordets folk», fordi Gud har openberra seg gjennom Jesus Kristus og Ordet. «Heile Skrifta er innanda av Gud.» 2 Tim. 3,16 seier Paulus om GT, og Jesus sjølv seier det slik til disiplane: «Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga.» Joh. 16,13.

Denne heile sanninga har vi i Det nye testamentet. Anden talar gjennom Ordet. Det er de reformatoriske formalprinsippet om Ordet åleine. Difor må all rettleiing om tru og liv vera forankra i Guds Ord. Mangetydige strekteikningar er ikkje Guds kommunikasjonsmiddel. Det er Bibelen sitt ord.

Å rettleia unge om tru og livsveg er ei alvorsam gjerning. Det krev både innsikt i Ordet og sunn menneskekunnskap og erfaring. Det har nok vore gjort mange feil gjennom tidene i dei fleste leirar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Særleg ille er det i dei tilfelle der den unge blir bunden til rettleiaren og hans/hennar meining, og ikkje ein frigjort Herrens tenar. Vi treng be mykje for alle som står i slik teneste mellom unge kristne.

Det er eigentleg til ettertanke at ein i ein luthersk (!) bibelskule vil begynna ei såkalla profetlinje i reformasjonsåret 2017. Det gjev assosiasjonar til reformatorane sin kamp mot reformasjonstidas svermarar.

Dei satsa på Anden sin direkte tale, Ordet var ikkje viktig lenger. Luther og hans medarbeidarar var krystallklare i sin kommentar: Ikkje gå og høyr slike predikantar. Dette er ikkje Guds Andes tale.

Må tilstå at eg ser med spenning fram til korleis Normisjon si leiing vurderer denne «profetiske betjeninga» og oppstarten av den såkalla profetiske bibelskulelinja. Norge treng bibelsk teologi – gjerne også frå USA – men ikkje amerikansk religiøsitet.