Sendt sammen – NMS i 175 år

I dag stadfestar NMS samanhengen ved det ein gjer, ved fortsatt å stå klart fram som ei kristen misjonsrørsle, men som ønsker å vera det ved å visa Guds godleik både i ord og handling.

I desse dagar erNMS samla i Stavanger for å feira sommarfest, arrangera generalforsamling der ein vel leiing og avgjer organisasjonens profil for dei kommande åra. I tillegg markerer ein at organisasjonen i år fyller 175 år.

Det er ein rimeleg høg alder for ein frivillig organisasjon, uansett profil. I vårt land er det bare eit par andre organisasjonar i same kategori,Bibelselskapet og Foreningen for Norges Vel. Endå sjeldnare er det at ein organisasjon lever så lenge, og har det same grunnleggande målet for si verksemd!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då NMS blei starta i 1842 valde ein Komme Guds rike som overskrift. Det er eit motto som fortsatt rammar inn alt det organisasjonen held på med. Samtidig er både rammevilkår og arbeidsforhold sterkt endra.

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

 

For det første var verda på ein heilt annan måte delt inn i kristne og ikkje-kristne delar den gongen. Ein tenkte nokså enkelt om å utvida Gudsrikes grenser: Det skjedde ved å legga fleire og fleire land og folkeslag inn i den kristne kyrkjas sfære, så å seia.

Ein del av talemåtane som ein nytta, kjenner vi truleg eit visst ubehag ved i dag. Vi som representerte den kristne delen av verda opplevde at vi hadde eit særskilt kall til å formidla trua til dei andre. Her var det både eit nord-sør forhold, og eit vest-aust forhold.

Dette blei fort trekt inn i ein vestleg og europeisk tankegang der vi representerte det høgverdige og gode, medan andre folkeslag skulle komma etter. Samtidig skal det seiast at misjonsrørsla, i Norge, NMS, blei stifta lenge før kolonispråket og -tankegangen hadde fått gjennomslag. Historia vår viser eit forbløffande likskapstankegang heilt frå starten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også arbeidsformer har skifta. I løpet av desse åra har tolkinga av kva det i praksis inneber å dela Gudsrike-realitetane med andre, blitt utvida. All kristen verksemd har fått eit sterkare språk knyta til det vi i dag kallar diakoni.

Kampen for rettferd, fordeling og ei framtid har fått ein langt større plass. Samtidig er det like klart at den kristne kyrkja har ei tru og ei overtyding, og denne ønsker ein fortsatt å dela med medmenneske, både nær og langt vekke.

Trass i desse endringane, er det sterk kontinuitet. NMS er ein misjonsorganisasjon med eit stolt oppdrag: å dela trua på Jesus, og å dela rettferda vi ønsker skal råda på jorda, den som spring ut av den kristne trua på ein Gud som vil rettferd og set den undertrykte fri. Dette held vi på med ennå.

Les også: Innlegg avDagen.

Men på ein ganske annan måte enn for 175 år sidan, ser ein på sitt arbeid i ein global kontekst. Vi er ikkje lenger aleine om dette. Det er heller ikkje lenger slik at kristne i Nord og Vest har ein særskild posisjon hos Vårherre, som gir oss eit særskilt ansvar eller kall.

Det ansvaret er eit privilegium som Gud har gitt til heile si verdsvide kyrkje. Og kyrkja er faktisk verdsvid på ein ganske annan måte i dag enn ein våga å tru den gongen ein starta for 175 år sidan. Sånn sett har NMS vore med på eit prosjekt som har vore særs vellukka, trass i at det som alt menneskeleg, er befengt med feil og manglar.

I dag stadfestar NMS samanhengen ved det ein gjer, ved fortsatt å stå klart fram som ei kristen misjonsrørsle, men som ønsker å vera det ved å visa Guds godleik både i ord og handling.

Like viktig er at ein i dag erkjenner at vi ikkje har ei særstilling i Guds plan med verda. Vi er sendt til verda, men vi er sendt saman med heile Guds verdsvide kyrkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Derfor heiter også jubileumsskriftet som NMS har gitt ut i samband med denne markeringa nettopp det: Sendt sammen!