Lokalkyrkja og Kyrkjemøtet

Kyrkjemøtet er ikkje kyrkja. Kyrkjerådet er ikkje kyrkja. Kyrkja er overalt der folk i tru og tilbeding samlast i den treeinige Guds namn.

Fjorårets vedtak i Kyrkje­møtet (KM) om at ordninga med likekjønna vigsel skulle gjelda i alle sokn, bygde ikkje på ein teologi om at lokalkyrkjelyden er grunneininga i folkekyrkja.

Vedtaket var drive fram av ein politiskrettighetstankegang, og det såg blindt bort frå det som trass alt enno finst av restar av lokalkyrkjeleg sjølvstyre i lovverket. Vedtaket føresette også – feilaktig – at alt Kongens kyrkjestyre no er overført til eit suverent KM. Men det vil enno gå nokre år før vi kan gjera vedtak om kor vidt dei tidlegare relasjonane mellom kyrkja sine organ skal endrast eller ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lov om sokneråd, som kom i 1920, var ei sped byrjing av det vi kallar organiseringa av kyrkja. Men nesten 50 år før det, i 1873, vart soknemøtet instituert ved ein kongeleg resolusjon, i kraft av Kongens mynde etter Grunnlovens §16.

Frå den tid, og fram til i dag (Kyrkjelov § 11), har det høyrt til soknemøtet sitt mynde å avgjera «saker ominnføring av gudstjenstlige bøker i kirkenog andre saker som etter bestemmelse av Kirkemøtet overlates til menighetsmøtets avgjørelse.»

I samtlege lærebøker i kyrkjerett fram til i dag har dette vore sagt om lag slik som Kristian Hansson gjer det i sin «Kirkerett» (1956): «Menighetsmøtet avgjør …innføring av ny godkjent salmebokog liturgi

I staden for å undersøkja om dette som eg skriv er rett, har biskopane irettesett kyrkjelydar som har markert eit teologisk standpunkt i tråd med mindretalet på dei to siste kyrkjemøta, til og med biskopar som er einige med dei i «sak», som det heiter.

Så sterkt skal altså nokre pip nedanfrå kneblast! Reaksjonen har vore utmelding, passivisering og ei oppblomstring av lokale forsamlingar som har møte også søndag føremiddag.

Kvar er demokratiet? Kvar er den opne kyrkja? Kvar er desse romma som vi skulle få leva i?

Eg er fullstendig klar over at KM, når kyrkjas eigen forfatning skal lagast, kan oppheva den gamle ordninga. Men eg vil åtvara sterkt mot det! Det ville vera i strid med det som er vår kyrkjeforståing: Kyrkja er forsamlinga – lokalt – av dei som samlast kring ord og sakrament.

Kyrkjemøtet er ikkje kyrkja. Kyrkjerådet er ikkje kyrkja. Kyrkja er overalt der folk i tru og tilbeding samlast i den treeinige Guds namn.