Inga bragd å melda seg ut

Slik eg ser det er det ingen som har svikta kyrkja og kyrkja sin Herre meir enn våre biskopar. Det er svært vanskeleg å forstå at slike som har studert Bibelen i mange år, kan ha så lita ærefrykt for den levande Gud som vi snart skal gjera rekneskap for.

LES:Utmelding av Den norske kyrkja

I mange år har fleire av oss vurdert utmelding av Den norske kyrkja (Dnk) på grunn av den teologiske utviklinga der. Personleg har eg aldri sett på det som ei stor bragd å ta det steget. Tvert om. Det er eit nederlag for oss alle som har vore medlemer der at surdeigen har fått bre om seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

No er eg likevel komen dit at utmeldingsskjemaet blir fylt ut. Om somme meiner at dette kunne gjerast utan at ein utbasunerer det, har eg forståing for det. Som formann i Den norske bevegelsen Ordet og Israel og forkynnar og bibelskulelærar i Indremisjonsforbundet, tenkjer eg likevel at det er rett å gjera dette kjent.

Den optimisme vedrørande Dnk som sjefredaktøren i Dagen gjev uttrykk for i ein leiarartikkel, eig ikkje eg. Heller ikkje kan eg slutta meg til dei rosande ord til biskopane som min tidlegare leiar på Bildøy Bibelskole,Karl Johan Hallaråker, har kome med.

Slik eg ser det er det ingen som har svikta kyrkja og kyrkja sin Herre meir enn våre biskopar. Det er svært vanskeleg å forstå at slike som har studert Bibelen i mange år, kan ha så lita ærefrykt for den levande Gud som vi snart skal gjera rekneskap for. Det er uvanleg sterke ord Jesus brukar når han talar om vranglærarar. Og Herrens bror, Jakob, skriv: «Ikkje mange av dykk må verta lærarar! For de veit at vi skal få så mykje strengare dom.»

At menneske med bibeltillit tolkar enkelte ting ulikt må vi læra oss til å leva med og ha respekt for. Annleis er det når ein overprøver det Herrens apostlar og profetar har skrive. Og det til og med når det gjeld sentrale frelsessanningar. Når omgrepet omvending til Gud blir fjerna, blir det galt alt ein forkynner om tru og dåp. Like sentralt som omvendinga stod i døyparen Johannes og Jesu forkynning, er den i Peter sin pinsetale: «Vend om, og lat dykk alle døypa på Jesu Kristi namn til forlating for syndene...»

Når Dnk no vil velsigna det som strir mot Guds ord, er ho ikkje Jesu Kristi kyrkje lenger. Det minner om endetida sitt falske religionsvesen som Johannes Openberring kallar skjøkja – ikkje brura – og Babylon (forvirring). Då lyder det: «Kom ut frå henne, mitt folk! så de ikkje skal ha del i syndene hennar, og så de ikkje skal få del i plagene hennar.» Op 18,4.

Eg veit der er mange prestar og andre som i kjærleik til Gud og folket tener i Dnk. Mange er komne i ein svært vond og vanskeleg situasjon der det er vanskeleg å sjå framover.

Eg tenkjer at no er tida inne for å finna ei anna plattform – eller eit anna stillas som Hope uttrykkjer det – for å byggja Jesu Kristi kyrkje. Det er ikkje snakk om å melda seg ut av Guds kyrkje på jord eller ut av folket vårt. Det dreiar seg om å tena som aldri før med eit fulltonande evangelium: Det er fødd ein som skulle kallast Jesus – «for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»