Asle Toje og kyrkja

Kyrkja svarar ikkje på eksistensielle spørsmål, trur ikkje sin eigen bodskap, og snakkar som ein kvar terapaut ville ha gjort.

Det kjendest beint fram surrealistisk då ein biskop nyleg brukte Børre Knudsen sin kamp som bevis på at kyrkja ofte hadde tala staten imot. Var det nokon som aldri støtta Børre, men tvert om forsøkte å ta bort alle kvasse kantar i hopehavet med staten, så var det kyrkja si venstreside.

Ikkje alle som tenkjer djupt formulerer seg enkelt. Og mange av dei som uttrykkjer seg enkelt tenkjer sjeldan djupt. Asle Toje er ein granskar og publisist som greier begge delar. Så lenge han ikkje tok opp altfor kontroversielle emne, vart han også i dei fleste media oppfatta som ein godt opplyst, intellektuelt stimulerande mann å lytta til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg meiner å ha registrert at den statusen er i ferd med å endra seg. Diverre. Det skal ikkje meir enn nokre ekstra nyansar til, anten det er i innvandringsdebatten eller i andre saker, så lukkast det dei mindre djupttenkjande å bås-setja dei uavhengige, og så – vips! som det heiter i reklamen – er dei også gjort ufarlege. Dei trugar ikkje lenger fastlåste tankar og uforanderlege kategoriar. Som sagt, det er den lagnaden eg trur held på å ramma Toje.

Men eg vonar eg tek feil. Det er nemleg slik med dei fleste som vert sette i bås, at dei triv til ein av to strategiar: Anten å teia eller å skrika høgare. Dårlege val, begge delar. Dei stadfestar nemleg begge at kritikarane lukkast – i sin strategi.

Det einaste vi andre kan bidra med då, er å ta dei uavhengige på alvor. Lytta, reagera, kommentera – og kanskje kritisera.

No er det kyrkja Asle Toje har tenkt høgt, men også djupt, om. Det var i Morgenbladet. Allereie overskrifta var ein innertiar: «I 2012 skilte stat og kyrkje lag. Det gikk greit, for staten.»

Overskrifta er til og med meir treffande enn eg trur Toje er klar over. For i artikkelen kjem han ikkje inn på den «handelen» som var eit vilkår for reforma: Kyrkja må bli «meir» (?!) demokratisk. Også det var «greit» – for staten. For kyrkja var det ei ulukke. Ho er ikkje blitt meir demokratisk, om det var eit mål. Men hennar del av avtalen er oppfylt ved at den raude løparen er rulla ut for ein teologisk endringsprosess som korkje tek trusfridom eller trusgrunnlag på alvor.

Somme av dei andre tinga som Toje peikar på heng ikkje, slik han trur, saman med denne juridiske endringa. Dei var der for lengst. Og det at prestar og biskopar talar lettvint om kompliserte ting, som flyktning- og skattepolitikk, men teier om saker som «fosterreduksjon», har lite med statskyrkja, men mykje med kyrkja si eiga sjølvskading å gjera.

Endå meir gjeld dette det som Toje med rette refsar kyrkja for: Ho svarar ikkje på eksistensielle spørsmål, trur ikkje sin eigen bodskap, og snakkar som ein kvar terapeut ville ha gjort. Gud er heilag, men han er veldig empatisk.

«De som kan sin kirkehistorie, vil gjenkjenne frigjøringsteologiens sammenrøring av Marxisme og Jesus, et partnerskap som mest minner om en gisselsituasjon,» skriv Toje. Gjett kven som er gisselet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Også dette har han rett i. Det kjendest beint fram surrealistisk då ein biskop nyleg brukte Børre Knudsen sin kamp som bevis på at kyrkja ofte hadde tala staten imot.

Var det nokon som aldri støtta Børre, men tvert om forsøkte å ta bort alle kvasse kantar i hopehavet med staten, så var det kyrkja si venstreside. Takk til Toje når han skriv: «Abort på halve tvillingpar er himmelropende umoralsk.»

Like umoralsk som den koplinga staten har gjort mellom ekteskapslov og adopsjons-, barne- og bioteknologilov. Ei kopling som truleg eit fleirtal på Kyrkjemøtet vel å sjå bort frå. Skal vi kalla det himmelropande taust?