«I mi djupe nød kalla eg på Jesus til frelse, og eg vart motteken»

Utallige minneord i misjonsblad og aviser har hatt Gunnar Kjøde som forfatter, og no kom dagen då minneord skal delast om han sjølv. 14. februar kom meldinga om at Gunnar er hente heim til Gud.

Gunnar Sigmund Kjøde vart fødd 23. august 1922 i Nordfjord, men familien flytta til Spjelkavik då han berre var tre år. Barndomsheimen var prega av kristen tru og tanke, og Gunnar fekk åndeleg næring gjennom Guds ord og bøn.

Likevel kom han i tenåra bort frå samfunnet med Jesus, men han kjende på uro og lengt tilbake. Han tok til i bygnings­faget, og det var dette arbeidet som førte han til Finnmark, der han som 16-åring tok imot Jesus Kristus som sin Herre og Frelsar. «I mi djupe nød kalla eg på Jesus til frelse, og eg vart motteken», skreiv han sjølv om dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han tok eit kurs på Frikyrkja sin bibelskule, og då dei åndelege leiarane på Bedehuset høyrde vitnemålet hans, oppmoda dei krinsleiaren i Sunnmøre Indremisjon om at han måtte få reise saman med ein eldre forkynnar eit semester.

Slik starta eit livslangt kall i denne samanhengen. Dei første åra reiste han vinterhalvåret i misjonen, og dreiv bygningsarbeid om sommaren, men med framveksten av Yngresarbeidet i 1940-åra vart han engasjert i dette på kretsplan.

I 1950-åra vart han kalla til ungdomssekretær på heiltid, og tiåret etter var han landsungdomssekretær ved Indremisjonsforbundets kontor i Bergen. Gunnar tilhøyrde ein generasjon forkynnarar som fekk stå i rike vekkingstider, og dette bar han med seg då han fekk leie oppbygginga av leir-arbeidet, bibelcampen i Lyngdal, og det store lagsarbeidet i bygdene.

I 1969 kom han tilbake til Sunnmøre som krinssekretær, og hadde denne stillinga til han vart pensjonist 20 år seinare. I ein del år var han også med i ImF-styret. Fleire av krinsens misjonstiltak vart til på Gunnar si vakt. Vi kan nemne Brusdalsheimen, Orreneset Misjonssenter, Begravelsebyrået, Plussreiser, Radio Sunnmøre, barnehagar, osb, og friskulane stod alltid hans hjarte nært.

For si teneste i norsk misjonsarbeid fekk han Kongens fortenestemedalje då han vart pensjonist, men livskallet tok ikkje slutt med lønningsposen. Sjølv ikkje det at han etter eige initiativ leverte inn førarkortet skulle bli eit hinder for at han tok ut med Ordet, og det gjorde han så lenge helsa tillet det.

Gunnar hadde ei enorm kontaktflate gjennom si reiseverksemd i landet og kjende folk overalt. «Om eg døyr før Gunnar Kjøde så skriv han vel noko godt om meg også», sa ei kone på Sunnmøre. Ufatteleg mykje har han hamra ned på skrivemaskina si, og ingen av oss som kom etter han i sekretærstolen kunne halde tritt med hans produksjon av krinsbladet Heimemisjonen.

Som leiar var han ein brubyggjar. Indremisjonsrørsla på Vestlandet har alltid romma lesarar med ulike syn i ein del spørsmål, men Gunnar viste ei raus haldning til å inkludere alle som med truskap mot Skrifta og lojalitet mot læregrunnlaget ville vere med å byggje den kristne forsamlinga på Bedehuset.

Sjølv om dei siste åra var prega av sjukdom, var han levande interessert i misjonsarbeidet, og var ei stor oppmuntring for oss som har kome etter. Vi kunne skrive meir om engasjement i kyrkje, KrF og andre organisasjonar, men plassen tillet det ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gunnar vart i unge år gift med Synneve, født Myklebust frå Ørsta, og desse stod side om side i eit livslangt misjonskall. Saman fekk dei fire born, og vi kjenner på djup takksemd for den velsigning denne familien har vore for så mange.

No går våre tankar til dei som har mista sin kjære Gunnar. Skrivemaskina har stoppa, og røysta har stilna, men minna etter ein heidersmann og ven vil leve lenge. I takk til Gud for det Han fekk gje oss gjennom Gunnar Kjøde, lyser vi fred over hans gode minne.