Etter kyrkjemøtet – her står eg, her går eg

Eg er glad for haldepunktet i den lutherske vedkjenninga som forstår kyrkjeordning som menneskeleg skikk som ein lagar etter strategisk vurdering. Frikyrkjene sitt bibelske «menighetsmønster» er ikkje den lutherske lekmannsrørsla sin profil.

Det er skrive (altfor) mykje etter kyrkjemøtet.

Det som nå trengst meir enn noko anna er konstruktive samtalar om korleis vi kan koma vidare i kyrkjelandskapet. Sidan eg høyrer til dei som står for det (gamle) klassiske synet på ekteskapet, er mitt håp at ansvarlege representantar for klassisk teologi – utan å bruka negative karakteristikkar og klengenamn – kan koma i sakleg dialog med biskopar og kyrkjeleiing om korleis vi kan finna vegen i dette ulendte terrenget.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi må finna ein respektfull veg utan at samvit blir krenka og at ikkje born og unge blir slagmark i lokal samanheng.

Korleis kan du med di fortid og din konservative ståstad støtta biskopane? Etter dei signal eg gav i haust om biskopane sine råd, veit eg at eg har blitt omsnakka i mange leirar. Eg ønskjer ikkje å bidra til vidare debatt frå skyttargravene. Eg skal kort gjenta svar på spørsmålet. Mi enkle argumentasjonsrekke er denne:

Eg står for klassisk teologi der ekteskapet er ei guddommeleg skaparordning mellom mann og kvinne med vidareføring av slekta som frukt. 1Mos.2:24 Matt. 19:1 ff Lesbisk og homofilt samliv kjem i strid med Bibelens etiske råd i mellom anna 1Kor. 6:9. Å definera om ekteskapet til nemning for juridisk relasjon mellom to (eller fleire) personar, er historielaust ran. Slik står eg saman med dei konservative biskopane si vurdering. Eg er særleg uroleg for identitetsbygginga til komande generasjonar.

Eg forstår vår lutherske truvedkjenning – CA 7/8 – om å vera «samd om evangelielæra» annleis enn biskopane, og med det åndeleg kyrkjesplittande. Dette kjem tydeleg fram om vi held saman den tyske og den latinske teksta. Semja byggjer på «det guddommelege ordet». Evangelielæra er ikkje berre nåde og syndstilgjeving, men heile Guds råd i lov og evangelium. Anna forståing blir innlesing, og ikkje sakleg historisk forståing av teksta.

Det er kyrkje- og embetssynet som skil mellom meg og mange andre av dei som kritiserer biskopane ogkyrkjemøtet. Difor blir strategien også ulik. Mitt bibelsyn er vel i det meste meir konservativt enn dei mange sitt – der eg understrekar Skrifta sin apostoliske og inspirerte autoritet. Nå verkar det som om mange i konservative krinsar blir blenda til ikkje å sjå at det meir er kyrkje- og embetssynet som ligg bak – og ikkje eit tydeleg konservativt bibelsyn.

Det er forresten ikkje noko nytt at når folk opplever at livssituasjonen er mørk, støttar ein alt konservativt utan å vurdera premissene. Eg kan i denne samanhengen røpa at når eg (som mange andre med klassisk teologi) ikkje skreiv under oppropet som blei presentert før kyrkjemøtet, var to grunnar avgjerande for meg.

Generelt har eg ulyst mot opprop som nærast trugar med utmelding i forkant, og oftast finn smutthol for ikkje å handla i etterkant. Det svekker heller enn styrker votumet. Men viktigast var for meg at eg oppfatta at oppropet enda med eit embetssyn som eg ikkje deler.

Mitt kyrkje- og embetssyn er overtydinga om det allmenne truande prestedømmet sin rett til forsamlingsbygging, kallsrett og rett til å forvalta ord og sakrament. Eg har brukt store deler av livet til å tydeleggjera dette. Eg står saman med våre åndelege fedre i «vennesamfunnet» om forståinga avDen norske kyrkja som trusfellesskap og folkeordning.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom utviklinga av folkekyrkja sine rådsorgan og embetsutnemnningar har eg aldri hatt illusjon om at denne kyrkja berre er ei kyrkje etter strenge teologiske premisser. Eg er også glad for haldepunktet i den lutherske vedkjenninga som forstår kyrkjeordning som menneskeleg skikk som ein lagar etter strategisk vurdering. Frikyrkjene sitt bibelske «menighetsmønster» er ikkje den lutherske lekmannsrørsla sin profil.

Eg står saman med våre åndelege fedre og ser framleis ellipsen som mulig ordning. (Uttrykket ellipse finn vi først i prof.Ole Hallesbys sedelære.) Ellipsen utvikla seg etter at konventikkelplakaten blei oppheva og misjonsrørsla vaks fram. Ellipsen har vore forstått og praktisert ulikt i bedehusland ut frå skilnadene i kyrkje- og embetssynet og lokale tilhøve.

På vestlandsk kyrkjemark har ein prinsipielt markert dei to sentra meir sjølvstendige med nådemiddelbruk enn indremisjonsrørsla austpå som gjerne skilde mellom presteembetet i kyrkja og evangelisten i bedehuset. (Dette har eg gjort greie for i mi bok Bedehuset- heim og misjonsstasjon.) «Austlendingane» iNormisjon har nok komme etter etter kvart.

Når ein del prestar lenge ropar om det andre rommet i kyrkja, og sitt eige biskoplege tilsyn, har lekmannsrørsla ikkje bruk for dette. Vi har eit «eige rom» i kyrkja i dag, og har ikkje bruk for eit «tredje» rom! Med all respekt for mine embetsmedvitne kollegaer, meiner eg at di meir utviklinga skjer i kyrkja i negativ forstand, di meir kjører dei seg fast i kyrkje- og embetsynet sitt.

Med dette radikale lekmannsynet kan eg med min arv – ikkje minst frå Sunnhordland – både arbeida for at bedehuset må ha sin rettmessige plass, og at kyrkja med sin funksjon skal vera best mogeleg – utan illusjon om at den siste kan vera homogen etter min smak. Inga kyrkjeordning – som menneskeleg ordning – skal idealiserast. Men eg er ikkje flau for å seia at eg skulle gjerne sett at ellipsen blei mulig i frikyrkjer også. Ellipsen har skapt ei positiv spenning med mykje velsigning i vårt land.

Viktigaste grunn for mi støtte til biskopane var at dei med si markering slo fast at klassisk teologi måtte ha sin fortsatte rettmessige plass i folkekyrkja. Dei lova vern og forsvar for alle som ville stå for denne teologien i kyrkja. Eg meiner det er rett å gi kreditt til alle biskopane for det.

Eg har visseleg ikkje brukt livet til å vera advokat for norske biskopar. Men eg har ikkje bruk for å hakka på dei nå. Eg tek til vitande det dei har gjort på ein ansvarleg måte. Med ånda frå prinsippet om at «skrift skal tolka skrift», må vi lytta til kva dei sjølve forklarar og ikkje arrogant pådytta dei anna meining eller motiv.

Eg har respekt for at ein kan koma til eiga overtyding både om kyrkje- og embetsyn og strategiske vurderingar om vegval. Eg meiner eg har vist respekt for andre val med at eg tok initiativ til å opprettaImF trussamfunn som nåNLM har kopiert. Men sjølv meiner eg altså at eg best tek med meg arven frå fedrene ved å leva i ellipsen i folkekyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I bedehusland har vi ei god rettesnor i Calmeyergatelinja sin profil (om ikkje samarbeid med liberal teologi i det frivillige arbeidet). Denne profilen kan ein framleis bruka på ein sakleg måte utan å ta frå nokon kristennamn eller utsetja nokon for stigmatisering.

Eg skal ikkje kritisera dei som vel anna kurs. Dagens organisasjonsleiarar skal føreslå veg etter si overtyding. Men eg kan ikkje avstå for å seia at eg saknar historiske røter og premisser i mykje av det eg høyrer. Nå høyrer vi lite om korleis ein kan utnytta ellipsen og vera i kyrkja, men ikkje under kyrkja, slik den europeiske lekmannsrørsla har navigert. Nå synest det meir heita «vi er kyrkje vi og», og så måler ein folkekyrkja med si eiga vesle vedkjenningsforsamlings mål. Det er ikkje lekmannsrørsla sin arv!

Eg er glad i den sjølvstendige lekmannsrørsla, og eg er takksam for alle gode medarbeidarar i folkekyrkja. Med dei «hattane eg har på der», ser eg kor store muligheter kyrkja framleis gir oss til å nå folket vårt med den gode bodskapen. Kyrkja sine mange samvitsfulle medarbeidarar treng ikkje hakking og mismot som dagleg brød, men heller forbønn og medarbeidarskap til å gå Med Guds ord til folket.

Så må eg ta med eit siste poeng i mi vurdering: Folkekyrkja (med alle sine svake punkt) har framleis ein plass i det norske folk som ingen kan erstatta. Denne etiske røysta må vi heller støtta opp om enn undergrava. Vårbiskop i Bjørgvin er eit godt døme og førebilete for nettopp dette i vår tid.