Song og lovsong

Det tykkjest som mange ungdomar i kristne miljø er framande for songane som vi har i vår vanlege songbok.

For ei tid sidan fekk eg tala til ei stor forsamling av tenåringar. Dei var ca 150 samla på Kleppe bedehus påJæren. Det var ei oppleving. Dei sat musestille og høyrde på denne 77 år gamle mannen. Men det er ein ting som eg har vore litt uroleg for.

Det tykkjest som mange ungdomar i kristne miljø er framande for songane som vi har i vår vanlege songbok. Dei kan mest ikkje ein einaste kristen song derifrå. Det går helst på svært enkle lovsongstekstar som blir vist på skjermen. Eg trur at det er eit stort tap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nå står det iBibelen at det sømer seg for dei ærlege å syngja lovsongar. Salme 32.11. Det skulle nå berre mangla! Men eg tykkjer nok ein del av dagens lovsongar kan vera litt problematiske. Det går mykje på dette: Vi lover deg. Vi priser deg. Vi opphøyer deg. Du er stor. Du er mektig.

Men så stansar dei der! Men dette er ikkje meir enn ein muslim kan vera med på, han som er ein fiende av Jesu Kristi kors. Kva er det dei lovar Gudfor?

Skal du læra Gud å kjenna må du læra hans gjerningar å kjenna. Ser ein på Marias lovsong i Bibelen så er det Guds gjerningar som står i sentrum. Ho refererer til det som Gud har gjort mot henne. Ta for eksempel ein av dei klassiske songane i vår songbok: «Å at jeg kunne min Jesus prise».

Heile songen er ein takk til Gud for det han har gjort. Mykje av dette manglar i ein del av dei såkalla lovsongane i tida. Det er lite plass for Jesu Kristi kors. Då blir det i grunnen lite kjennskap til Gud midt i all song. Eg skulle ynskja at dagens kristne ungdomsleiarar kunne gje vår «Sangbok» ein renessanse.