Hallaråker og Den norske kyrkja

Til sist sist framhevar Karl Johan Hallaråker at ingen kan erstatta Dnk sin plass i det norske folket. Historisk er det udiskutabelt rett. I dag er det ikkje lenger sjølvsagt, særleg ikkje med tanke på den aktualiseringa han gir: «Denne etiske røysta må vi heller støtta opp om enn undergrav.» Då spør eg: Kva «etisk røyst» er det Dnk har lete lyda med styrke i det siste?

I Dagen 30. mai grunngjevKarl Johan Hallaråker kvifor han har talt og handla som han har gjort i samband medKyrkjemøtet (KM) sitt vedtak om å innføra liturgi for vigsel av likekjønna par. For meg framstår argumentasjonen hans som eit ikkje-svar på det saka gjeld.

Det er i stor grad ei utgreiing om kyrkjesynet hans, og korleis han forstår lekmannsrørsla sin plass tilDen norske kyrkja (Dnk). Det han slik sett skriv, er eg stort sett samd i, men eg er djupt usamd i dei konsekvensane han dreg av det med tanke på KM-vedtaket og dagens kyrkjesituasjon. Her er mykje som kunne vore kommentert, men eg skal avgrensa meg til nokre moment.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hallaråker går i svært liten grad inn på dei aktuelle bibeltekstane som talar om homofilt samliv, og han går heilt utanom dei bibeltekstane som talar om korleis vi skal stilla oss til vranglære og vranglærarar. Rett nok viser han til dei aktuelle tekstane når han presiserer sitt eige klassiske syn på ekteskapet. Derimot gjev han ikkje skriftgrunnlag for kva handlemåte vi bør velja i dagens situasjon.

Han seier seg usamd med biskopane sit tolking av CA 7/8, og meiner den nye læra om ekteskapet er «åndeleg kyrkjesplittande», om eg forstår han rett. Så langt er det bra, men det er ei kjent sak at KM-vedtaket har som premiss at den nye læra om likekjønna «ekteskap» ikkje er kyrkjesplittande, og at likekjønna og ulikekjønna ekteskap læremessig og liturgisk i og med den nye liturgien er likestilte.

Det store spørsmålet er korleis Karl Johan Hallaråker ut frå sitt syn kan forsvara eit slikt vedtak, kalla det klokt og rosa biskopane for dette vedtaket i den faktiske kyrkjesituasjonen. Dette har både underteikna og andre utfordra han til å svara på, men heller ikkje dette lange svaret inneheld eit einaste ord som svar på dette. Difor kallar eg det eit ikkje-svar.

Den strategien som ligg i KM-vedtaket er uttrykk for det som i kampen mot liberal teologi for hundre år sidan, vart kalla «samspel mellom retningar». Det var ei haldning og ein handlemåte som dei teologisk konservative tok sterkt avstand frå, og som førte til at formannen iMFs forstandarskap måtte gå av, og som førte til Calmeyergatemøtet med sine skjellsetjande vedtak.

Når det gjeld lågkyrkjeleg syn og bibelsyn, er eg minst like lågkyrkeleg og konservativ som Hallaråker. Det kyrkje- og embetssynet han skisserer (og tilsvarande bibelsynet), er det rådande på bedehuset og hjå alle organisasjonsleiarar og bedehusfolk som vurderer KM-vedtaket og situasjonen i Dnk heilt annleis enn Hallaråker. Kyrkjesynet treng altså på ingen måte føra til hans standpunkt, eg vil heller seia tvert imot.

Sjølv om eg har meldt meg ut av Dnk, forstår eg – og ser gode grunnar for – at andre held oppe medlemskapen og også engasjerer seg i kyrkja. Det er altså ikkje dette som er problematisk i Hallaråkers handlemåte, men argumentasjonen ut frå KM-vedtaket. Etter mi vurdering må alle som står for eit klassisk ekteskapssyn med alt som ligg i det, seia at dei vert ståande trass i KM-vedtaket – ikkje på grunn av det.

Også eg har registrert at det frå delar av presteskapet, særleg representert vedDag Øivind Østereng, kyrkjesynsmessig er argumentert på ein måte som er nokså langt unna det eg står for. Når eg likevel – med ei viss uro – har støtta dei aktuelle prestane, har det sin grunn i at spørsmålet om ekteskapsdefinisjonen og likekjønna «ekteskap» er overordna kyrkjesynet.

Dessutan har eg vore oppteken med at også desse prestane måtte få ordningar innan Dnk som gjorde at dei kunne halda fram som prestar der. I ulike samanhengar har vi tenkt at kyrkjesynet ikkje skulle skilja oss. Med sin argumentasjon gjer Hallaråker nett det same som han skuldar andre for å gjera i denne saka: let seg styra av kyrkjesynet. Resultatet er berre motsett frå hans del, og etter mi vurdering langt meir alvorleg enn den motsette reaksjonen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hallaråker legg stor vekt på den såkalla ellipsemodellen, det vil seia at innan ramma av folkekyrkja er det to brennpunkt – kyrkja og bedehuset. Det er altså ein institusjonell ellipse, som har vorte og vert praktisert noko ulike rundt omkring, som Hallaråker også gjer merksam på. Føresetnaden for at ellipsen skulle fungera, var at ein kunne ha læremessig og åndeleg tillit til begge brennpunkta.

Dette er no dramatisk endra ved KM-vedtaket som skal praktiserast i alle kyrkjelydar, og der svært mange prestar sluttar seg til det. I tillegg er det slik at statskyrkja sin garanti for kristendomsundervisninga i skulen var inkludert i kyrkja sitt brennpunkt. Dessutan er det no slik at Dnk har bygd opp eit omfattande arbeid ut over gudstenester og kyrkjelege handlingar, særleg innan barne- og ungdomsarbeidet. Alt dette gjer ellipsetenkinga langt meir problematisk enn før.

Ein kan ikkje berre argumentera historisk på dette punktet, då vert ein ahistorisk. Ein må argumentera ut får den faktiske kyrkjesituasjonen. Når Hallaråker seier han saknar «historiske røter og premiss» - som eg faktisk trur eg kan litt om – i mykje av det han høyrer, må eg seia at eg saknar substans og historisk vurdering i det han skriv.

Eg er usamd i at biskopane har slått fast at «klassisk teologi måtte ha sin fortsatte rettmessige plass i folkekyrkja». Hadde dei gjort det, ville dei halde fast på at berre det heterofile ekteskapet skal ha plass der, og at alt anna er kyrkjesplittande. No har dei undergrava og devaluert klassisk ekteskapsteologi med alt som fylgjer av det i høvet til evangeliet og frelsa.

Til sist sist framhevar Karl Johan Hallaråker at ingen kan erstatta Dnk sin plass i det norske folket. Historisk er det udiskutabelt rett. I dag er det ikkje lenger sjølvsagt, særleg ikkje med tanke på den aktualiseringa han gir: «Denne etiske røysta må vi heller støtta opp om enn undergrav.» Då spør eg: Kva «etisk røyst» er det Dnk har lete lyda med styrke i det siste?

Jo, at likekjønna ekteskap er likestilt med heterofilt, og at dette ikkje er kyrkjesplittande. Det er ikkje er god røyst, og dei som har røysta for eit KM-vedtak som seier dette, finn eg ikkje å vera gode føredøme.