Ta ansvar for den kristne bok!

Det er litt symboltungt at det er nett i jubileumsåret for Bibelselskapet at den kristne bokhandlarkjeda Vivo må kasta inn handkledet.

I år feirar Bibelskapet 200-årsjubileum.

Det er eit viktig jubileum. Det er inga bok det er viktigare å få spreidd til så mange som mogleg, enn Bøkenes bok. Bibelen står i ein posisjon heilt for seg sjølv ved at han er Guds ord. Det er den einaste boka i heile tilværet som er har vorte til ved Den Heilage Ande, og som er openberring og gjer vis til frelse.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er litt symboltungt at det er nett i jubileumsåret for Bibelselskapet at den kristne bokhandlarkjeda Vivo må kasta inn handkledet, og slå seg konkurs.

I det vi feirar Bøkenes Bok, får vi eit skot for baugen for sal av kristen litteratur generelt. Vivo står i ein over 150 år lang tradisjon for spreiing av kristen litteratur.

Den store satsinga på den kristne boka her i landet starta for over 200 år sidan ved Hans Nielsen Hauge. I hans levetid var det samla opplaget av bøkene hans på rundt 240.000 eksemplar, i ein folkesetnad på under ein million menneske – utan bokhandlar, bokklubbar, organisert kristent arbeid eller kommunikasjonsordningar i vårt langstrakte land.

Bøkene måtte transporterast rundt om i landet av Hauge og venene hans, og det var gjerne fleire som las den same boka. Dette er ei ufatteleg spreiing av kristen litteratur, og det hadde store ringverknader.

I jubileumsåret for Bibelselskapet og i konkursåret for Vivo bør vi sterkt oppfordra kvarandre til å satsa på den kristne bok, og vi bør henta inspirasjon frå det som skjedde på Hauges tid. Det var den frivillig og ulønna innsatsen frå kristne menneske som ville noko, som gav resultat.

Eg skal ikkje analysera kva som førte til at Vivo måtte leggja årane inn, men eg vonar inderleg at det vert funne ei løysing som gjer at flest mogleg kristne bokhandlar kan leva vidare, og at nye vert starta. Den forklaring som seier at det er nettsalet som gjer at bokhandlane slit, er i stor grad ei bortforklaring.

Det aller meste av bøker vert framleis selde gjennom bokhandlar – og gjennom bokklubbar. Utan kristne bokhandlar, vil dei kristne forlag slita tungt – og med det den kristne boka.

No må kristenfolket vakna for situasjonen, både ved at ein satsar på den kristne boka i det kristne arbeidet, og ved at ein sjølv nyttar seg av dei kristne bokhandlane. Det kan framleis drivast store kristne bokhandlar på dei rette stadene, og kallsmedvitne kristne som ikkje ser for mykje på klokka, kan framleis driva bokhandlar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I tillegg trur eg den modellen som er vald for Bergen Kristne Bokhandel med eit breitt eigarskap, stor frivillig innsats og med butikken som utgangspunkt for boksal i ulike samanhengar, vil vera eit konsept som kan brukast mange stader. Denne modellen kan også spela på synergieffektar med boksal i gjenbruksbutikkar, forsamlingslokale og ved ulike typar arrangement.

Det gjeld meir enn før at flest mogleg må spela på lag for den kristne boka – og særleg for Bøkenes bok.