Illustrasjonsfoto: Kevin Dooley/CC/Flickr

Jul i eit sekularisert samfunn

søndag 20. desember 2015

Kristenliv

Det er ingen annan gong dei kristne tradisjonane her i landet kolliderer så sterkt med dei sekulariserte ideologiane som no dominerer samfunnet, som i juletida.

Som kristen høgtid frontkolliderer jul med idealet om eit sekulært samfunn. Religiøse høgtider og merkedagar høyrer jo ikkje heime der sekularismen råder.

FRISPARK: Julehåp i Europa

All religion skal ut frå slik tenking maksimalt vera ei privatsak avgrensa til heimen og gudshuset. Ut frå vår kristne historie har alle våre høgtider, inkludert søndagen, kristent opphav. Det finst ikkje ein einaste raud dag på kalenderen, utan at denne markerer ei kristen feiring, bortsett frå 1. mai. 17. mai, derimot, er ei feiring av ein nasjon med krossmerka flagg.

Høgtidene og fridagane vil alle gjerne ha, men den bodskapen dei ber i seg, takkar ein nei til. Dei mest radikale har prøvd å seia seg fri frå all kristen tenking, inkludert den kristne forståinga av tida, men det har vist seg ikkje å gå. Etter den franske revolusjonen innførde Frankrike ei ny tidsforståing. Dei erstatta sju-dagarveka med ti dagar, og gjorde alle månadane til 30 dagar.

Etter få år måtte dei gje det opp. Tida med sine sju vekedagar med 24 timar er del av skaparordninga – anten folk trur det eller ikkje. Denne ordninga overstyrer alle menneskeordningar, anten folk likar det eller ikkje. Livet fungerer kort og godt ikkje over tid om ein gjer opprør mot skaparordninga.

Vekeordninga er altså ei skaparordning, men definisjonen av søndagen som helge- og kviledag, er ein kombinasjon av skaparordning og frelsesordning. Ved at kviledagen er plassert på søndagen, den første dagen i veka, forkynner han Jesu oppstode, og er ein dag til samling om Guds ord.

Alle andre høgtidsdagar høyrer eintydig til under frelsa sitt perspektiv. Dei forkynner dei mest sentrale hendingane i frelsesverket – Jesu fødsel, Jesus død og oppstod, Jesu himmelfart og Andens kome. Det er ikkje lett å halda fast på slike dagar, og samstundes gjera dei sekulære! Det vert like fullt gjort sterke forsøk på det, og diverre lukkast det også i stor grad – og Guds folk fylgjer langt på veg med på dette ved å praktisera dei som fridagar og lite meir.

Julehelga er den høgtida som har stått og står sterkast kristent sett. Det er ei tid med mykje song og mykje feiring. Då lyder julesongane, og kyrkjegang høyrer gjerne med. I skule og barnehage skal også dei kristne høgtidene markerast på eit eller anna vis, særleg jul. Gjennom århundre har dette vorte ein del av kulturen, og difor har sekularistane sterke krefter å kjempa mot.

Like fullt vinn dei langt på veg. Her gjer vi urett om vi skuldar på innvandring og muslimar. Det er ikkje dei som går i spissen for å sekularisera landet, tvert imot! Det er det sekulariserte nordmenn med humanetikarar i spissen som gjer, men dei fører ofte innvandrarane føre seg som skjold – men altså med urette.