Misjon og stortingsval

Guds ord er vårt arvegods og det einaste som kan tryggja vår framtid!

Politikk og stortingsval er viktig, men misjonsoppdraget er viktigare. Det er viktig at kristne tek samfunnsansvar og engasjerer seg i politiske saker.

Det er ein god ting for landet vårt om me får inn mange kristne stortingsrepresentantar som let seg styra av dei sunne bibelske verdiane som den vestlege kulturen vart bygd på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men misjonsarbeid i vårt eige land og i andre land er viktigare. Misjon kan skapa djupare og meir varige endringar enn politikken kan.

Samansetninga avStortingetblir stadig endra gjennom val. Regjeringar kjem og går. Den norske kulturen, lik alle andre kulturar, er i stadig endring. Tidsånda er verksam på alle område i verda og fremjar ein antikristeleg måte å tenkja og leva på. Vi blir alle påverka av den tida vi lever i.

Vi er midt inne i eit reformasjonsjubileum. Då må vi forstå at det ikkje var Luther eller Calvin som skapte reformasjonen. Det var Guds ord som skapte reformasjonen. Då Luther las og granska Guds ord kom lyset frå Gud til han.

Ordet eksploderte i han. Ordet vart levande for han. Difor skreiv han dei 95 tesane og gjorde opprør mot det religiøse og nasjonale forfallet. Han omsette Bibelen til tysk og slapp Ordet laus mellom det tyske folket. Ordet endra Tyskland og heile Europa.

Elias Blix seierdet slik i vår kjære fedrelandsalme: Du sende ditt ord til Noregs fjell, og lys over landet strøymde! Ordet dreiv bort vankunna og endra folk og land. Bibelen har endå kraft i seg til å skapa gjennomgripande endringar i verda.

Misjon er å forkynna Guds ord med frimod. Forkynning av Ordet kan framleis skapa åndeleg oppvaking og få folk og nasjonar til å venda om til Gud!

Dessverre har statskyrkja opna opp for ei lære om ekteskapet som strir mot Guds ord. Dessverre har mange mista frimodet til å forkynna Guds ord slik det står skrive i Bibelen.

Dessverre finn vi mange kristne samanhengar som tonar ned Guds ord og heller forkynner menneskeleg visdom.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi bør alle bruka retten vår til å stemma i stortingsvalet. Det er viktig for demokratiet vårt. Endå viktigare er det av vi bruker retten vår til å driva misjon.

At vi frimodig forkynner Guds ord i alle samanhengar og ikkje berre på kristelege møte. Guds ord må forkynnast og praktiserast på alle område i livet.

I ei tid med endringar og uvisse må vi gripa sjansane i kvardag og helg til å forkynna Guds ord. Guds ord er ein trygg grunnvoll å byggja livet på. Guds ord skaper framtidstru og optimisme.

Guds ord viser veg ut or det mørke tomrommet som materialisme skaper. Guds ord er eit fyrlys som viser veg til eit godt samfunn med Gud og menneske.

Ta del i valet, men dobla innsatsen med å forkynna Guds ord til frelse og omvending. Guds ord er vårt arvegods og det einaste som kan tryggja vår framtid!