Israels pris for å vera utvald

Når verdssamfunnet ikkje har klart å tryggja freden for Israel, er dei i sin fulle rett til å kontrollera området.

Både Israels folk og land er utvalde av Gud. I Guds kall til Abraham i 1.Mos 12 går dette tydeleg fram. Målet med dette er at alle ætter på jorda skal velsignast.

Paulus slår fast i Rom 11 at Gud angrar ikkje på dei nådegåver og det kall som han har gitt Israel. Igjen og igjen går det fram i Bibelen at Israel har ein arena og ei oppgåve også i endetida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg vil planta dei i landet deira, og dei skal aldri meir verta rykte opp or landet sitt, det som eg har gjeve dei, seier Herren i slutten av Amos-boka.

Jesus skal koma attende til Oljeberget og «frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem». Sak 14,4; Mika 4,2.

Det privilegium å vera eit utvald folk som Gud ville bruka som ein frelsehistorisk reiskap, har og sin pris. Av to grunnar. For det første har jødane sjølve eit stort ansvar.

Gjennom Moses la Gud fram for folket velsigninga og forbanninga – alt etter om dei ville høyra på Herrens ord eller ikkje. 5.Mos 28.

Daniel, som sjølv opplevde bortføringa til Babylon cirka år 605 f.Kr., set denne ulukka direkte i samband med det Moses hadde talt. Dan 9.

– Vi har synda og bore oss ille åt… Jesus gret over Jerusalem då han tala om trengsla som skulle koma – «av di du ikkje kjende di gjestingstid». Luk 19.

Ei anna side ved Israels trengsle er dette at folket og landet på ein spesiell måte er gjenstand for åndskamp. Har Gud planar knytt til denne reiskapen, vil og Guds motstandar vera aktiv.

Og det som skjer i den usynlege verda, vil vi merka i den synlege. Også vi menneske blir trekte inn i dette. Den utsletting av jødane som Haman prøvde på, slik vi les det i Esters bok, og det Hitler prøvde på, er groteske døme på korleis mørket si makt påverkar menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og det vil byggja seg opp tårnhøge bølgjer også i endetida. Den store endetidstrengsla vil på ein spesiell måte verta «Jakobs trengsle». Jer 30,7.

Herren var ikkje nådig mot dei folka han i GT brukte til å tukta Israel med – fordi dei gjekk for langt!

Profetordet seier at han og i endetida vil halda dom over nasjonane for det dei har gjort mot Israel: «For sjå, i dei dagane og på den tida, når eg gjer ende på fangenskapet for Juda og Jerusalem, då vil eg samla alle heidningfolka og føra dei ned til Josafat-dalen.

Der vil eg halda rettargang med dei for Israel skuld, folket mitt og arven min, fordi dei spreidde dei mellom heidningfolka og delte landet mitt.» Joel 3,6f.

Slik eg ser det var det eit stort mistak midt i det flotte som hende i 1947/48 då staten Israel vart gjenoppretta – at «landet mitt» vart delt. Arabarane hadde alt fått 77 prosent av det britiske mandatområdet (Jordan).

Hadde Israel fått resten og fått større strategisk djupne, ville ting ha vore enklare i Midtausten. Feilaktig blir det no igjen og igjen talt om «okkupasjonen» etter at Israel i forsvarskrigen i 1967 tok kontroll over Judea og Samaria, «Vestbredden».

Når verdssamfunnet ikkje har klart å tryggja freden for Israel, er dei i sin fulle rett til å kontrollera området. Men truleg vil dette føra til at alle folkeslag på jorda skal flokka seg mot Jerusalem, løftesteinen. Sak 12,3. Dei mange fordømingane i FN og boikott-rop i landet vårt peikar i den retning.

Gud er mektig til å ta seg av folket sitt slik han har lova, men la oss som kristne ikkje verta medskuldige i det som byggjer seg opp.