The same procedure as last year?

Også i 2018 vil det vere nokon som aktivt bestemmer seg for å gjere noko nytt i livet. Endringa kan vere stor eller lita. Endringa kan innebere flytting til ein ny plass, anten det er i Norge eller utlandet.

Ein av dei faste juletradisjonane i Norge er visninga av svart-kvit-sketsjen om grevinna og hovmeisteren på NRK veslejulafta. I Tyskland , Sverige og Danmark blir sketsjen sendt nyårsafta.

Sketsjen er bygd opp rundt 90-årsfeiringa til Miss Sophie. Det har vore ein tradisjon å feire bursdagen hennar, men no er alle dei faste gjestene døde. Selskapet går likevel sin gang på vanleg måte, «the same procedure as last year». Butlaren James stiller opp slik han har gjort i alle år. På den måten blir selskapet gjennomført etter den faste oppskrifta.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er fullt mogleg å prøve å gjere ting på same måte også i 2018 som det vart gjort i 2017. Samtidig er det ikkje sikkert at det er det mest tenlege i alle situasjonar. Nokre gonger kan ein halde fram som før, men i mange situasjonar må ein ta aktive val om å endre noko for å ikkje ende opp i ein situasjon der ein ikkje ynskjer å vere.

Det som fungerer godt kan ein halde fram med som før. Gode vanar kan ein fortsetje med. Relasjonar til vener, familie og naboar kan pleiast og vidareutviklast. Den lutherske kallsetikken vektlegg at ein kan leve ut kristenlivet sitt i den stand og stilling ein er, anten ein er industriarbeidar, bonde, lærar eller økonom.

Det visar seg at det oftast er gjennom dei vanlege relasjonane i familie, arbeid og nabolag at folk vert kristne. Sjølv om reformasjonsjubileet vart feira på ein spesiell måte i 2017 så er det mange perspektiv frå reformasjonsjubileet som også er vel verdt å vidareføre også i 2018.

Nokre gonger er det nødvendig å gjere bevisste val for å endre noko. Nokre har kanskje tenkt på å teikne gåveavtale med ein misjonsorganisasjon. Det har berre ikkje blitt noko av. Slike ting ordnar seg ikkje sjølv, sjølv om ein har tenkt på det i årevis.

Kanskje endrar også økonomien seg slik at ein har høve til å auke gåvebeløpet på avtalane som ein allereie har? Dersom du har tenkt på dette, er det fullt mogleg å ta tak i det ved starten av eit nytt år.

Ifylgje informasjonsmateriell frå joshuaproject.net er det slik at 81 prosent av verdas muslimar, buddhistar og hinduar ikkje kjenner nokon kristne. Dette er eit høgt tal. Mange har kristne i sitt nabolag, men kjenner dei ikkje.

Kor mange av muslimane, buddhistane og hinduane som bur i Norge er det som hamnar i 81 prosent-gruppa? Det har eg ikkje sett noko statistikk på, men mest sannsynleg er det mange av dei.

I ein del av dei land der er få kristne, er det forbode å drive misjon. Det er likevel mogleg for kristne å vere der anten som turist, student eller i arbeid. Kinesisk er eit krevjande språk for nordmenn å lære.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er likevel mogleg å arbeide som lærar på ein internasjonal skule i Kina utan at ein kan mandarin. Gjennom utanriksteneste og business er det også mogleg å leve som ein kristen i mange av dei landa der det ikkje er mogleg å drive tradisjonell misjon.

Også i 2018 vil det vere nokon som aktivt bestemmer seg for å gjere noko nytt i livet. Endringa kan vere stor eller lita. Endringa kan innebere flytting til ein ny plass, anten det er i Norge eller utlandet.

Det kan vere endring i økonomisk prioritering eller korleis ein brukar tida si der ein bur. Endringar, anten dei er store eller små, kan føre til store konsekvensar.

Innanfor kaosteori er det eit fenomen som vert kalla sommarfugleffekten. Det peikar på at i ein kompleks struktur kan ørsmå endringar føre til store konsekvensar ein ikkje anar noko om.

Populært vert dette skildra ved at endringane som skjer når ein sommarfugl slår med vengene i Tokyo over tid kan føre til ein tornado i Texas. Vengeslaga representerer dei små endringane i startvilkåra.

Dette er starten på ei handlingsrekke som kan føre til storskala fenomen. Om sommarfuglen ikkje hadde slått med vengene, hadde situasjonen vore ein heilt anna. Ørsmå endringar kan gjere ein stor skilnad.

Det er umogleg å ane konsekvensane av alle våre handlingar. Som kristen ynsker eg å ha eit perspektiv over livet mitt som er vidare enn meg sjølv.

Eg ynskjer å få vere ein del av Guds store plan og at mine val, anten det er å halde fram som før eller det er å endre noko, passar inn i dette store biletet.