Takk!

Eg lærte takk i den heimen eg vaks opp i. Jamvel i den triste tida av sorg som mor mi ber no, høyrer vi ofte takketonen. Det vil eg gjerne føre vidare i mitt liv.

Eg har nyleg følgt ein gammal og kjær far til grava. Om eg skulle sette eitt ord som overskrift over alle dei åra mor og far min har fått vore gamle saman, er det takksemd. Ved alle dei høve som har bydd seg, har begge to vore opptatt av å uttrykke takk, jamvel dei to siste åra med alvorleg sjukdom og døden som nærma seg. Takk til Gud og takk til menneske.

Takken har retta seg mot heile livet. Dei har uttrykt glede over dei liva dei sjølve fekk å leve. Kjærleiken til kvarandre har dei ikkje forsømt å sette ord på. Far min har ved mange høve av fest tala til mor vår og til oss. Alltid har takken gått igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Takksemd for familien i alle generasjonar; takksemd for slekta og for anane; takksemd for tenesta dei fekk ha saman for andre og alle vennskap som blei til undervegs; takksemd for det samfunnet dei fekk leve i og eldast i.

Vil min generasjon bere dei same Andens frukter i våre liv? «Takk Gud kva som enn møter dykk,» skriv apostelen Paulus i det eldste brevet sitt. I det siste brevet forsikrar han at han alltid minnast Timoteus i bønene sine «med takk til Gud».

Far vår engasjerte seg litt i politikken i alderdomen og fekk nokre periodar i eldrerådet i Ålesund. Vi fann ein lapp heime, i all nøysemd på baksida av ein ubrukt giro, der han hadde skrive ned ein presentasjon av kva han ville arbeide for politisk.

I punktet om eldrepolitikken startar han med å understreke takksemda for ei samfunn der dei fleste har det bra, for så å seie at der er nokre som fell utanfor. Det er dei politikken må ta et ansvar for å løfte.

Slik tenkte den gamle emissæren. Alle vi fire borna, dei eldste mest, huskar godt at lønninga i misjonen ikkje var høg og helst gav lite rom for økonomisk utfalding. Vi huskar likevel aldri klage og syt. Dei var fornøgde med det dei hadde og forvalta godt.

Dei opplevde ei enorm samfunnsutvikling men gløymde aldri at «all god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå», slik Jakob formulerer det. Dei har alltid hatt ein å takke. Kanskje er det noko vår kultur desperat treng meir av.

Takksemd som livshaldning er ei kraft som kan forandre kulturen. Slik vi kjenner kulturen i dag, spelar dei mektige kreftene i hovudsak på misnøye.

Reklamen skal få oss til å kjenne oss små og fattige. Slik kan marknaden tilby oss varer som botemiddel. Nokre kjem med overflatiske utsegner om at det er godt for sjela å unne seg meir og meir. Realiteten er ein annan. Alt vi kan kjøpe, og som ingen kan ta med seg når alt skal gjerast opp, verkar motsett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Mykje vil ha meir. Det er som narkotika, varmt støtta av økonomiske system som systematisk vil gjere oss til forbrukarar; homo consumens. Utan at takksemda rundt oss er blitt meir påtrengande.

Media spelar i stor grad på misnøye, enten det er med eigen kropp og helse, med pensjon og helsestell, eller med politikarar og andre med makt og påverknad. Det er kanskje slik at det negative sel godt. Det er i alle fall slik at dei største mediehusa trur det.

Godt nytt er ikkje bra nytt. Dårleg nytt, derimot. Kan nokon med makt idiotforklarast, så gjer vi gjerne det. Kvar og ein av oss veit at dette spelar på ustemte strengar djupt i fleire av oss.

Politikarane spelar på misnøye, nokre parti meir enn andre, og nesten alltid dei som er i opposisjon. Det er vel den største løgna som dei ber til torgs. Vel, nokre gir lovnader som dei ikkje kan halde. På den andre sida forstår vi at saker må leggast vekk i forhandlingar med andre parti.

Eg trur derfor brotne lovnader som regel ikkje skal kategoriserast som løgn. Derimot er politikarane konsekvent uredelege når dei forsøker å svartmale eit samfunn som i fleire tiår har vore i verdstoppen når det gjeld økonomi og velstand.

Om det har gjort oss lykkelegare, er eg meir i tvil om. I alle fall er det ingenting som tyder på at forbrukskreftene, media og politikarar har interesse i at takksemd skal stå for høgt i folks medvit. Det svekkar kanskje marknaden deira.

I tekstrekkene for Den norske kyrkja kom takksemda sin søndag tidlegare jamt midt i valkampen i august/september. Det var ei heldig plassering. Det er ikkje så mange teoretiske ateistar mellom oss, men vi ter oss alle som praktiske ateistar når vi ikkje lenger dagleg har ein å takke.

Soknepresten heime då eg var ung meinte at det hadde avgrensa verdi å be om velsigning over for maten, sidan vi hadde så rikeleg. Derimot, sa han, treng vi å takke meir.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg lærte takk i den heimen eg vaks opp i. Jamvel i den triste tida av sorg som mor mi ber no, høyrer vi ofte takketonen. Det vil eg gjerne føre vidare i mitt liv, i takksemd til foreldre som viste meg den beste vegen, slik at livet mitt kan vere ei dagleg takk til Han som gav oss livet.