MISJON: «Allereie no skal vi varsle dette riket med dei teikna som kyrkja ber i misjon. Men fremst i kallet må alltid evangeliet til omvending, tru og etterfølging ligge. Og det fokuset må vere skarpt,» skriver Rolf Kjøde. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

At dei må bli frelst!

Misjonen kunne ha spart millionar av kroner berre i Norge på PR-kampanjar og brukt dei i misjon dersom forkynninga av evangeliet fekk gjere si gjerning i liva våre - til tru, kall og etterfølging.

Synet vårt på misjon er avhengig av kva vi trur om evangeliet. Dette synes å vere eit terreng av forvirring. Langt inn i det evangelikale landskapet.

Eg har igjen og igjen forsøkt å lese misjonslitteraturen i Det nye testamentet (NT) for å finne ut korleis dei første misjonærane tenkte om og utførte det oppdraget som Jesus gav dei. Mens dei tre første evangelia er fulle av Jesu forkynning om Guds rike, møter vi termen Guds rike sjeldnare i Apostelgjerningane (trass i at forfattaren Lukas brukar det masse i det første skriftet sitt) og i NTs eldste skrifter, Paulus sine misjonærbrev.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hadde dei misforstått Jesus? Gjekk det galt frå først av med evangeliet om Guds rike? Eller er det slik at vi skal lære om Guds rike av det apostlane gjorde og sa frå først av, med og utan desse to orda? Når Paulus la sånn vekt på å forkynne Jesu kors og oppstode, var det slik Guds rike faktisk blei gjort nærverande? Kan det tenkast at då Jesus sendte dei ut for å forkynne omvending og tilgjeving for synder for jødar og heidningar, så var nettopp det oppfyllinga av Guds rike? Er det mulig at det spisse fokuset på kyrkja som Jesu kropp og livet i og ut frå denne kyrkja nettopp var og er gudsrikets nærvær i denne ufullkomne verda?

Eg seier ikkje at Guds rike berre er ord. Nei, Guds rike, seier Paulus, er rettferd, fred og glede i Den heilage ande. Ei litt forkorta liste av dei Andens frukter som Guds barn er kalla til å bere i verda. Med forkynninga av det sentrale evangeliet om Jesus følgde teikn og under, og i den første kyrkja ordna dei seg med tenester for å vere eit jamstilt fellesskap.

I mange av breva brukar apostlane halvparten av plassen til å formane dei truande til å leve heilage liv som gjer ein forskjell - og blir ein grunn til motstand. Kyrkja var og er eit teikn på det riket som skal kome i kraft. Her og no er dette rikets sanne herlegdom under korsets teikn. Vi går inn i det gjennom mange trengsler. Det er dei ordinære vilkåra for kyrkja sin misjon, sendt av den oppstadne.

Det slåande er at der er lite og ingenting hos dei misjonærane som Jesus personleg sendte ut i teneste som tyder på at misjon er ei brei vifte av gode tiltak der alt står likt. Nei, spissen og hovudsaka i misjon var alltid: «Jesus har sona for alle synder og vunne over døden. Lat dykk derfor forsone med Gud! Vend om og tru evangeliet!» Misjonsforkynninga vekte konsekvent eit spørsmål hos folk som misjonærane enda opp med å svare på: «Kva skal vi gjere for å bli frelst?»

Apostlane sitt svar var ikkje at frelse i hebraisk kontekst er eit breitt omgrep som er vanskeleg å fylle presist, fordi det drar med seg heile fylden av Guds shalom på jorda og derfor eigentleg handlar om alle våre livsvilkår som vi treng frigjering frå.

I misjonsforkynninga og prioriteringa synes dei lite opptatt av kva ytre vilkår folk trengde frigjering frå. Det var då kyrkjene i vår tid begynte å tenke og tale slik, at dei også mista motivasjonen for det brennande spørsmålet frå Paulus:

«Eg ønsker av heile mitt hjarte og ber til Gud for dei at dei må bli frelst!» Frelst frå den grunnsynda som skjærer gjennom all kontekst, at eg av natur og innstilling er ein fiende av Gud. Situasjonen min er desperat, noko ingen religiøsitet eller religion kan avhjelpe. Eg må frelsast frå fortaping, som er den heilage Guds rettmessige oppgjer med meg og kvart medmenneske. Denne frelsa har Gud sjølv, takk og lov, gjort i stand for oss ved Kristi kors og oppstode.

Brenner den elden i oss som norske kristne? Kva motiver oss? Er vi primært blitt respondentar på marknadskampanjar med bilde av leande born og gråtande born? Er vi blitt avhengig av framgangshistoriene som ofte ikkje held vatn ved nærare analyse? Eller er vi tent i brann av evangeliet?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Misjonen kunne ha spart millionar av kroner berre i Norge på PR-kampanjar og brukt dei i misjon dersom forkynninga av evangeliet fekk gjere si gjerning i liva våre - til tru, kall og etterfølging. Her er det noko som for tida ikkje går opp. Er det fordi forkynninga er veik med tanke på evangeliet? Eller er det fordi vi har lagt oss til den uvanen å tenke at samlinga om Guds ord er mindre viktig, slik at vi aktivt hindrar Andens brann i liva våre?

Evangeliet om Guds rike er ikkje eit kall til å realisere Riket her og no. Guds rike kjem ikkje ved semipolitisk aktivitet, heller ikkje ved nykarismatisk invasjon av åndelege og samfunnmessige domene. Begge deler har ein form for herlegdomsteologi over seg, der vi er agentane for å få Guds rike til å vekse fram til betring av verda sine vilkår.

Er den spissinga som eg talar for ei avvising av at evangeliet også femnar breiare, at evangeliet må forkynnast både i ord og i gjerning og at evangeliet har konsekvensar for menneske og samfunn? På ingen måte.

Misjonen står i gudsrikets teikn og skal varsle det komande Guds rike også ved handlingane sine; Riket av fullkomen rettferd, utan gråt og død og med fullgod helse. Allereie no skal vi varsle dette riket med dei teikna som kyrkja ber i misjon. Men fremst i kallet må alltid evangeliet til omvending, tru og etterfølging ligge. Og det fokuset må vere skarpt.

Les også
Røde tall for norsk misjon
Les også
Optimistisk tross millionunderskudd
Les også
Hvor går Misjonsselskapet?
Les også
Hans Olav Syversen valgt inn i Stefanusalliansen
Les også
Det er ved troen på evangeliet at mennesker får del i frelsen
Les også
Misjon i møte med nominell kristendom
Les også
– Jeg har nesten aldri sett noe lignende
Les også
– Fremtidens menighet er multikulturell
Les også
– Kan overleve med samarbeid