Utmelding av Den norske kyrkja

Den teologiske utviklinga i Den norske kyrkja (Dnk) har dei siste tiåra vore slik at ein god del bibelforplikta kristne har meldt seg ut. Utviklinga ved Menighetsfakultetet (MF) har forsterka den negative tendensen i Dnk, og vil truleg gjera det i enda sterkare grad framover.

For sitt kyrkjemedlemskap har nokre lagt til grunn at så lenge det ikkje har skjedd formell endring av læra, slik denne er definert i Skrifta og vedkjenninga, har ein ikkje vilja gå ut.

Når det etter siste val til Kyrkjemøtet er klart at det vert formell læreendring ved innføring av ny liturgi for ekteskapsvigsel, og dette alt er samrøystes tilrådd av Bispemøtet, har fleire teke konsekvensen av det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Underteikna har i røynda lenge i sitt hjarta vore utmeld av Dnk, men har no også gjort det formelt.

Sidan eg som skribent ofte kommenterer den teologiske situasjonen generelt, og utviklinga i Dnk spesielt, finn eg det rett å gjera kjent min kyrkjemessige status og argumentasjonen for å melda meg ut.

Mitt standpunkt er ikkje berre avgrensa til homofilispørsmålet og saka om kyrkjeleg «vigsel» for likekjønna eller ein kjønnslikegyldig «ekteskapsliturgi», og slik sett kunne utmeldinga kome før.

Utmeldinga mi har ikkje bakgrunn i min kyrkjelyd, men er basert på utviklinga i Dnk generelt, særleg representert ved Kyrkjemøtet, Bispemøtet og Mellomkirkelig Råd.

Det er mange grunnar for utmeldinga, men det kan samanfattast i fylgjande tre punkt:

For det første: Den generelle teologiske situasjonen i Dnk har gjennom fleire tiår gått i stadig meir liberalteologisk lei, og dette forsterkast av den teologiske utviklinga ved MF på grunn av det nære sambandet det er mellom den presteutdanninga som skjer der, og det som vert lært og forkynt frå preikestolane i Dnk.

Det grunnleggjande her er bibelsynet, som har vorte stadig meir historisk-kritisk og generelt bibeloppløysande, og der den allmenne livserfaringa etter kvart har fått posisjon som openberringskjelde.

Denne utviklinga har særleg gjeve seg utslag i frelsesspørsmålet, og då spesielt i mangel på omvendingsforkynning og nedtoning eller fornekting av den evige fortapinga. Dette heng også saman med at dåpen har fått ein posisjon som tilseier at alle døypte er kristne, uavhengig av deira personlege tru. Ein konsekvens av dette er også at kyrkjeleiarane stadig har vorte meir opptekne med allmenne og politiske spørsmål som i hovudsak høyrer til i det verdslege regimentet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For det andre:Den liberalteologiske utviklinga har så langt toppa seg i samlivsetikken og forståinga av ekteskapet, som åleine er grunn nok til utmelding. Trass i at Bibelen seier at dei som praktiserer likekjønna samliv (eller andre synder), ikkje skal arva Guds rike, definerer Dnk no slikt samliv som ikkje å vera synd – og vil velsigna det.

Ved den nye forståinga av kva ekteskapet er, har ein også sagt seg fri frå den bibelske ekteskapsdefinisjonen som går tilbake til skapinga, og som er stadfesta av Jesus. Med det er det innført ny og kyrkjesplittande lære, og denne vert snart offisielt stadfesta gjennom liturgi. Eg går ut frå at debatten og argumentasjonen på dette området er å så kjent, at eg ikkje treng gå djupare inn på dette.

For det tredje: Den fornuftsorienterte teologiske tenkinga gjev seg ulike politiske utslag, særleg i høve til situasjonen i Midtausten og Israel. Store delar av leiarskapen i Dnk, særleg representert ved Mellomkirkelig Råd, har gjennom fleire år opptrådt svært israelkritisk og tilsvarande positivt overfor palestina-arabisk argumentasjon, konkretisert ved tilslutning til uttalen «Sannhetens øyeblikk».

Det skjer trass i den tunge antisemittiske arven i kyrkja si historie, den akutte kampen Israel fører for å overleva og den kristendomsforfylginga som skjer i islamske samanhengar. Dette går ofte saman med erstatningsteologiske overtonar.

Når eg av overforståande grunnar melder meg ut av Dnk og inn i ImF Trossamfunn, vil det praktisk sett ikkje skje noko endring med tanke på mi forsamlingstilknytting.

Eg har alltid hatt min åndelege heim på bedehuset, ikkje i gudstenesta eller på anna vis i Dnk. Derimot har eg både gått i kyrkja og talt til gudsteneste der når det har vore naturleg, som eg har gjort det i Frikyrkja og DELK – og slik vil det også vera framover.

Det kan føyast til at Dnk opp gjennom historia har tilført det norske folket mykje positivt, men det har føresett at Dnk har halde seg til Skrifta og vedkjenninga.

Les også: