TILBEDING: Tilbeding er å glede seg i Guds frelse! Skal det vere tilbeding som kjem frå djupet av vår tru, må songen derfor ha som sentrum det vi er frelst frå og frelst til, skriv Erik Furnes. Biletet er frå Indremisjonsforbundet sin leiarkonferanse førre helg.

Vi kjem ikkje saman for å betrakte det som skjer på ei scene

Ein del som leier lovsongen i forsamlinga minner oss på at det ikkje er vi som er i sentrum for songen, det er Gud, og det er jo sant. Samtidig må vi huske på at det er vi som gjer dette. Det er vi som syng. Det er vår glede. Det er ikkje noko vi må gjere, men det er noko vi får lov til å ta del i.

Dette seminaret skal handle om forsamlingssong. Eg har hatt dette som tema fleire stader i det siste, og tilbakemeldinga er ganske unison: «Dette har eg aldri høyrt det har vore talt om før».

Temaet gjeld alle, absolutt alle kristne som på ein eller annan måte er ein del av ei kristen forsamling:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Forsamlingsleiing, som har eit ansvar for den åndelege profilen til det som skjer i forsamlinga.

- Dei som leiar songen i forsamlinga; forsongarar og musikarar

- Dei som styrer lyd i våre samlingar

- Mest av alt til alt Guds folk som tek del i forsamlingslivet.

Eg har i lengre tid lagt merke til at stadig færre tek del i forsamlingssongen rundt omkring. Og det er spenningar knytt til songval og bodskap. Kva er det som skjer? Eg reiste åleine til Nashville og konferansen «Sing!» i fjor haust.

Der fekk eg del i sterke inntrykk frå Joni E. Tada og andre om kor betydningsfull songen er i ulike livsfaser. David Platt delte noko frå Nehemja 12 som gav meg viktige perspektiv.

I Jerusalem hadde ein templet, og murar rundt byen som beskytta. I 597-586 f. Kr. kom babylonarane frå Babel og angreip tempelet og murane.

Så kom eksilet i Babel. I 539 f. Kr. vart området tatt over at perserane, og jødane kom tilbake til Jerusalem, bygde opp tempelet ved Esra, og i 444 f. Kr. drog Nehemja frå Susa tilbake til Jerusalem for å bygge opp att murane. Neh 1-7 handlar om bygginga, kapittel 8 handlar om ei bibelvekking då dei leste opp frå Guds ord, kap 10-11 er lister over dei som budde i byen og forordningar til folket.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi les frå Neh. 12:27-47. Få med deg bildet her: Feiring, to kor, to går kvar sin veg rundt muren, og møtes for å sameinast i feiring av tempelet og muren. Lovsong og tilbeding. Her er mykje å lære oss om forsamlingssong. Det handlar om at Guds forsamling som heilskap skal få vere eit vitne om vår Gud.

1. Vi feirar Guds herlegdom. I GT er tempelet staden der Guds herlegdom var til stades, så dette var enormt stort for dei. Om du ser for deg tempelet utan murar rundt – kvifor var det eit problem? Den første tanken er at byen er open for angrep frå alle sider.

Men det er ein djupare årsak, for kvif or var det at Neh i kapittel 1 gret og var fortvila i lang tid då han høyrde dårleg nytt om tilstanden i Jerusalem?

Jo, tenk deg kva Israels fiendar tenkte når dei såg Jerusalem og tempelet, der jødane sa at Guds herlegdom var, og at han er den einaste og sanne Gud og den einaste som er verd all ære og herlegdom, og så ser du nedbrotne og øydelagde murar rundt byen.

Kva ville du tenke om den Gud, om du var i skoene til Israels fiendar? «Den guden er veik! Den guden sørgjer ikkje for sitt folk, har ikkje omsorg for dei.» Slik ville du ha tenkt.

Lat oss lese Neh 4:1-3. Dei spotta Guds folk, og dei spotta Gud sjølv. Guds folk er i vanære, og det same er vitnemålet om Gud. Neh 4:5b «For dei har krenkt deg [Gud] medan bygningsfolket høyrde på».

Det var eit hard og farefullt arbeid å byggje opp att murane rundt byen, men kva gjer dei når dei er ferdige? Jo, dei går opp på muren, og dei går rundt på den, og dei vitnar om Gud slik at Sanballat og Tobias og alle dei andre spottarane kan sjå at det er berre ein sann Gud som er verd all ære.

Han er sterk, og han har omsorg for sitt folk. Neh 12:31 «Då lét eg hovdingane i Juda stiga opp på muren. Og eg stilte opp to store lovsongskor og festfylgje…», Neh 12:38 «Det andre lovsongskoret gjekk til den motsette sida, og eg fylgde etter det med den andre halvparten av folket, oppe på muren …». Neh 12:43 «Den dagen ofra dei store offer og gledde seg, for Gud hadde gjeve dei ei stor glede. Kvinnene og borna gledde seg òg, og jubelropa i Jerusalem kunne høyrast langt borte».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ser du? Heile folket var med og brakte vitnemålet langt ut om at Gud åleine er verdig vår takk og ære. Så kvifor kjem vi saman og har felles forsamlingssong? Fordi Gud er verdig vår takk og ære. Forsamlingssong er eit offentleg vitnemål om kven Gud er. Neh 12:27b «... gledehøgtidbåde med lovprising og song, med cymblar, harper og sitarar».

Og sjå igjen på vers 31 og 43, med to store lovsongskor og alle kvinner og born som tek del i gleda og songen, og det var masse lyd! Dette folket, som hadde vore i eksil i mange år, hadde no kome heim og alle tok del i ei enorm glede over Gud som hadde fridd dei frå fangenskap og ført dei til deira eige heimland og by. Og dei proklamerer at «vår Gud er god, Gud er verdig».

Det er det same vi ser i NT. Midt i forfølging og truslar så ser vi at den tidlege kyrkja kjem saman for å vitne om at vår Gud er god. Kva er tilbeding? Jo, tilbeding er å glede seg i Guds frelse! Skal det vere tilbeding som kjem frå djupet av vår tru, må songen derfor ha som sentrum det vi er frelst frå og frelst til.

Ein del som leier lovsongen i forsamlinga minner oss på at det ikkje er vi som er i sentrum for songen, det er Gud, og det er jo sant. Samtidig må vi huske på at det er vi som gjer dette. Det er vi som syng. Det er vår glede. Det er ikkje noko vi gjere, men det er noko vi får lov til å ta del i.

Det er ikkje ei plikt, men ei lyst. Dette er nok vi skal gjere, men det er lystbetont å gjere det. Vi erfarer stor glede når vi lovprisar vår Gud. Joh.Op 19:1 «Deretter høyrde eg ein mektig lyd som frå ein stor skare i himmelen, som sa: Halleluja! Frelsa og æra og makta høyrer vår Gud til!»

«Deretter!» Kva hende før dette? Kapittel handlar om øydelegginga av Babylon, den store hore, eit bilde på den antikristlege kultur som forfører menneska til å leve ugudeleg, til verdsleg rikdom, verdslege lyster, til å tilbe menneske og avgudar, til å leve i hor, til å vere åndeleg lunkne, til å forfølgje Guds heilage.

Babylon er Guds fiende, og den kristne forsamlinga sin fiende. I Op.19 ser den kristne forsamlinga omringa av det verdslege Babylon, all tilfredsstilling, all forlysting, all berømmelse, all luksus, alt det som denne verda kan tilby. Og i midten av dette finn vi kyrkja som seier: «Vår djupaste glede og tilfredsstillelse og lyst ligg ikkje i denne verda, men i tilbedinga av vår Gud!»

Dette er Guds hensikt med forsamlingssongen. Midt i denne verda er den kristne forsamlinga som skal bere eit vitnemål om at vi ikkje vil tilbe eit overdådig liv og freistingar og verdsleg lyst og umoral, for vi har funne i vår Gud den djupaste tilfredsstilling og lyst for vår sjel. Han er verdig å hyllast, meir enn noko anna. Vår Gud er konge i all æve. Han åleine mettar vår sjel med det som godt er.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og i Neh 12 ser vi korleis dei takkar Gud, ikkje berre for desse murane, for at Gud har bevart deira liv og deira tru.

Kontrastane: Om vi ser tilbake i kapittel 2:13, før Nehemja starta leiinga av byggearbeidet, så dreg han rundt byen i løynd for å sjekke stoda, frå port til port for å sjå alt som måtte gjerast. Tenk deg inn i hans tankeverd når han så alt rotet og skitten og grushaugar. Og no i kap 12 står dei der oppe på nye murar.

Er det ikkje grunn til rein og pur glede i ditt liv når du ser tilbake på ditt liv? Tenk på kvar du kunne vore? Tenk på korleis du kunne vore? Og det du er i dag, er berre på grunn av Guds nåde. Tenk på alle gonger eg og du har vore trulause og Han har vore trufast. Det er ein nydeleg ting vi gjer når vi syng til Guds ære, for å feire Guds herlegdom.

2. Det andre eg vil understreke: Vi syng for Herren saman. Av og til kan det bli sagt at du i songen skal få vere saman med Herren, berre du og Han. Jaja, på eit vis kan ein forstå det slik, men åleinetid med Herren skal vi først og fremst ha i stille med Herren – Bibel og bøn.

Når vi syng, derimot, er det saman med Gud forsamling. Dei rundt betyr noko. Forsamlingssong er ikkje for tilskodarar som legg merke til kor vi har hendene eller om augene er opne eller lukka. Dei einaste tilskodarane i Neh 12 er dei vantruande rundt Jerusalem!

Nei, songen er for at eg og du skal ta del, same kor mykje eller lite du har kontroll på tonane som kjem ut. Vi kjem ikkje saman for å betrakte det som skjer på ei scene, vi er saman for å engasjere oss i det som skjer. Vi ber saman. Vi les frå skrifta saman. Vi seier fram kva vi trur på saman. Vi syng saman. Vi må for all del unngå å bli tilskodarar.

Fire punkt som kjenneteiknar forsamlingssongen:

1. Den oppmuntrar vår tru. Kan du forestille deg korleis det var å ta del i denne songen? Ja, dei lovsyng Gud, men kan du sjå for deg kor det styrka deira tru å få vere ein del av dette?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er dette NT-lovprisning handlar om. Ef 5:19-20 « …så de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege songar, og syng og spelar for Herren i hjarto dykkar, og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn». Kol 3:16 « Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, så delærer og formanar kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege viser og syng for Gud med takksemd i hjarto dykkar».

Vi talar til kvarandre i songen. Vi skal synge til kvarandre. Ikkje berre til Gud, men om Gud til kvarandre. Eg hadde ei flott oppleving i Bremanger i fjor, då dei siste versa av den siste songen vart synge medan forsamlinga var vendt mot kvarandre. Måten vi «arrangerer» forsamlingssongen i vår tid gjer at vi må vere forsiktige slik at vi ikkje mister noko av det NT fortel oss om desse ting.

2 . Den er uttrykk for einskap. Det er variasjon (ulike instrument, ulike måtar å stille seg opp, ulike type songar), men der er ein einskap i songen. Vår song skapar ikkje einskapen.

Når vil les i Neh 8:1 ser vi at dei var eitt i samlinga om Ordet. Så når vi les i Neh 12 ser vi at songen er eit uttrykk for den einskapen som alt var der. Så vi må ikkje gjere den feilen å tru at det er musikken og stilen som gjer oss til eitt, for det er eit verk av Kristi gjerning for oss.

Songen er eit uttrykk for den einskapen som Kristus kjøpte for oss med sitt blod. Vi har mange debattar og diskusjonar om kva musikkstil som er mest tenleg i vår tid, men vi må ikkje gjere den tabben å tru at rett stil skal skape ein einskap som berre Gud ord kan skape.

Det er Evangeliet som sameinar oss. Så vårt fokus er ikkje primært på ein spesiell musikkstil, men fokuset er på Kristus og det han er for oss.

3. Den knyter band til kyrkja gjennom historia. Når du les Neh:12-35-37 ser du korleis det som skjer her er knytta til David. Du kan samanlikne med 1.Krøn 13 og 24 og 29 og 35. David organiserte prestane og levittane og songarane og musikarane.

Det hadde altså vore ei lang linje av tilbederar før dei, og desse i Neh hadde respekt for det som var før. Det er klart at det er ei anna tid no, spesielt når vi tenkjer på at tempeltenesta er oppheva og det er ei ny pakt vi lever under.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men vi lever ikkje berre her og no. Vi har ein rik skatt å ta vare på. Det er mykje prøvd tru og dyrebare livserfaringar som vi må ta med oss. Vi skal ære og takke dei som har gått føre oss, og det gjer vi med forsamlingssongen, og vi gir det vidare til dei som kjem etter oss. (Eg kjem tilbake til «fornying» om litt»)

4. Den engasjerer oss i den åndelege kampen. I GT ser vi ein sterk symbolikk. Dei marsjerer rundt byen, og på den tida var det eit uttrykk for at du ser på eigedomen som din eigen. Så vi ser at det som skjer i 1.Mos.13 med Abraham og Josva 6 med Israelittane er eit føredøme for det vi ser i Neh 12 når dei går rundt på muren: Gud har gitt seier her. Gud har gitt nåde her. Lat oss sjå på 2.Krøn 20. Bakgrunn: Dei får ein bodskap om at kampen høyrer Herren til. Han skal gje dei sigeren. Dei står og lovprisar Gud.

Så står det: 2Krøn 20:20-22 « Morgonen etter braut dei opp grytidleg og drog av stad til Tekoa-øydemarka. Med det same dei tok ut, steig Josafat fram og sa: Høyr på meg, Juda og de innbyggjarar i Jerusalem! Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halda stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukka med dykk! Og han samrådde seg med folket og stilte opp songarar som skulle lova Herren i heilagt skrud medan dei drog ut føre den væpna hæren. Dei skulle syngja: Lova Herren, for hans miskunn varer til evig tid! Og då dei tok til med fagnadropa sine og lovsongane, lét Herren nokre som låg i bakhald, gå til åtak på Ammons-borna og Moab og folket frå Se’ir-fjellet, som var komne opp mot Juda. Og dei vart slegne».

Dei som gjekk først var ikkje faneberarane eller stridsmennene, men songarane. For ein måte å møte fienden på! Song om siger. Vi kan ikkje unngå å tenke på Paulus og Silas i fengselet. Dei sit der i eit skite fangehol, utan å vite om dei vil bli hengde, halshogde eller hudstrykt. Så dei syng lovsongar til Gud.

Det er midnatt, dei er i smerte, dei er trøytte, dei er utslitne, og dei syng! Kva ville du sagt om du var på botnen av all menneskeleg smerte, og du fekk oppfordring til å synge lovsongar? Mange ville nok svare at predikantar har svært lettvinte svar på det vanskelege, og at dein ikkje har erfart kva det vil seie å vere på botnen.

Men desse måtte få synge, fordi dei trengde å få sjå Guds kraft bli synleggjort, og deira song rysta fengselet i grunnvollane. Satan vil ikkje at Guds forsamling skal vere ei syngande forsamling, for han vil ikkje at vi skal bli delaktige i den åndelege kampen mot han.

Om vi vert tilskodarar til forsamlingssongen, så tek vi ikkje del i dette. Vi oppmuntrar ikkje kvarandre, men ignorerer kvarandre. Vi skjuler oss for kvarandre. Vi uttrykker ikkje einskapen mellom oss, men heller skilnadane mellom oss. Vi knyter ikkje band til dei som er gått framfor oss, men isolerer oss til noko som er datostempla her og no. Og vi sit på tribuna i den åndelege kampen, i staden for å vere på slagmarka.

Vi er kalt til å hengi oss sjølve til Guds vilje og hans oppdrag. I Neh 12 ser vi korleis folket overgir muren, tempelet og seg sjølv i Guds hender. Gud får gjere med dei som Han synes best. Samtidig må vi vere klar over at det er ein tydeleg forskjell i paktene her. Vi talar ikkje om å overgje våre bygningar og institusjonar til Gud på same måte.

Når vi blar over i NT ser vi at Jesus talar om at Han er Tempelet som skulle rivast ned og byggast opp att på tre dagar. Ordet vart kjøt. Han «Tabernakla» seg då han vart menneske. Han er Guds herlegdom i kjøtet. Det er Jesus som gjer at vi kan sjå Guds fullkomne herlegdom ved sin død og oppstode.

Og når vi setter vår lit til Han, går vi ikkje lenger til ei bygning for å sjå Guds herlegdom. Vi er no Guds tempel ved Guds Ånd. Og hensikta er den same som i GT. Å erklære Guds herlegdom. Vi overgir oss til Gud. Lovprisning fører til vitneteneste.

Om fornying: «Nye sanger blir alltid skapt der hvor Guds folk lever og blomstrer. Det er en naturlig del av våre liv og vår tro. Noen fastsetter standarden på kristne sanger som nærmest «evigvarende».

Av og til overlever sanger fra generasjon til generasjon og blir til tradisjon, men de fleste sangene som skrives og har vært skrevet, taler i sin tid, til sin kultur, og inn i sine fellesskap og menigheter. Guds unike evne til å inspirere mennesker skaper ofte sanger til sin tid og samtidig til alle livets tider». (Forord i sangboken «Til alle tider»).

Vi må altså leve i fornying. Vi må vere villige til å lære oss noko nytt, heile tida. Samtidig må vi ta vare på dei dyrbare skattane som knyter oss saman med dyrkjøpt tru i kyrkja si historie. Ikkje datostempla kristendom.

Songane må vere «syngbare». Keith Getty (In Christ alone, Power of the Cross), seier at han startar med melodien, deretter teksten, fordi det må vere såpass melodiøst at folk heng med. Toneleie som passar dei fleste. Eit språk som er forståeleg for dagens unge menneske.

Sunn og sentral teologi: Kva lære/teologi ligg bak dei songane vi tek i bruk? Er våre songar med og byggjer djup og slitesterk tru? Ei tru som held i stormfulle livsfaser? Er dei som er åndelege leiarar med i utval av songar, eller har dei abdisert på dette feltet?

Erik Furnes heldt dette seminaret på Indremisjonsforbundet sin leiarkonferanse førre helg.

Les også
Etterlyser fellesskapet i moderne lovsang
Les også
– Gud savner å høre det norske språket
Les også
Lovsangsleder spilte inn plate med verdensstjerner
Les også
Lovsang uten tydelig mottaker
Les også
Kraften i å synge sammen