TRIKSING: Stadig vekk må ein gjere unntak for å dekke oppgåver både heime og ute, eller ty til ­uredelig triksing med ord i for eks møteomtaler, som «temasamling» for «møte» hvis den kvinnelige talaren uheldigvis har ein pastortittel. To spørsmål som melder seg til slutt er då: 1) Kven trur vi at vi lurer? 2) Kor vanskeleg kan Gud ha meint at dette skal vere? spør Stig Tore Aaberg. På bileter ser vi Ketil ­Jensen frå då han var rektor på Fjellhaug.  Foto: Frida Blaker

Tenestedeling i NLM – refleksjonar frå grasrota

Author picture

torsdag 6. desember 2018

Kristenliv

Ketil Jensen har invitert til ein ny samtale om tjenestedeling i NLM, med eit ønske om å føre samtalen på ei heilheitleg forståing av Bibelens tekstar.

Ledelsen i NLM har møt invitasjonen på ein sakleg og respektfull måte, mens kritikken forøvrig har bestått av til dels kraftige karakteristikkar av «synet» han angivelig representerer.

I sum dreier innvendingane seg om at Jensens kronikk er nok eit forsøk på å svekke Bibelens autoritet. For at dette ikkje utelukkande skal bli ein debatt mellom ytterfløyane, vil eg her forsøke å gje ein stemme til den delen av NLMs fotfolk som ønsker denne samtalen velkommen!

Samtidig vil eg på det sterkaste avvise alle urimelige anklager om at vi skal vere meir drivne av tidsånden enn andre, eller har andre skjulte agendaer for å undergrave Skriften! Så her følger eit par betrakningar:

1) Det er vanskeleg å føre ein tillitsfull samtale med truslar om Guds dom hengande over seg. 

2) Alle tolker, for ingen «tar det som det står». Om du tolkar eit vers «bokstavelig», som at «kvinnene skal teie i forsamlinga» (1. Kor 14), så blir du i neste runde nødt til omtolke, eventuelt tilsidesette andre vers som omtaler kvinner som talar profetisk (1. Kor 11). Kva slags bibeltruskap er det?

Det er åpenbart at Bibelen ikkje talar om eit generelt taleforbod for kvinner. Men på kva grunnlag kan nokon likevel hevde at ei meir «bokstaveleg» tolking av 1. Kor 14 er lik «bibeltruskap», mens eit forsøk på harmonering av tekstane er lik «undergraving av Bibelens autoritet»?

3) Kritikken mot Jensens posisjon bygger blant anna på frykten for teologisk utgliding, og det var forståeleg hvis han hadde kome fram til standpunktet ved å sette bibeltekstane tilside.

Men han inviterer tvert imot til å trenge djupare inn i bibeltekstane, for om mogleg kome fram til meir holdbare konklusjonar. Det er ikkje utgliding, men eit vern mot utgliding! Det er ikkje slik at teologien blir meir holdbar til meir «konservativ» den er!

Det er ikkje slik at vi ramle utfor stupet bare fordi vi beveger oss i retning av stupet. Med kunnskap og respekt for naturen kan vi trygt nyte utsikten frå kanten, og fortsatt vende trygt heimatt. Det er heller ikkje slik at dei mest «solide» bygga tåler mest.

Dei står urokkelig i jordskjelvet…, til den dagen dei ramlar saman med eit brak. Mens bygga med innbygd fleksibilitet i konstruksjonen svaier..., men vert ståande! Slik må vår teologi vere!

4) Jensen inviterer til samtale om ei heilheitleg forståing av Bibelen, mens kritikken i stor grad har gjentatt bestemte tolkingar av bestemte vers. Det er åpenbart eit sterkt ønske om å forsvare Ordet, men i sin iver tyr ein til tradisjon og ytre autoritet som argument.

Vi gjer vèl i å lytte til både Hope og Wisløff, men kva slags tolkingsprinsipp er det? Med reformasjonen i minne; kor vart det av Skrift åleine? Nei, la Ordet få tale for seg sjølv!

5) Eg må kommentere litt om Bergene Holms bibelbruk. Han refererer blant anna til Israelfolkets ønske om ein konge, og Guds ord til Samuel om at «det er meg dei har forkasta».

Det er verdt å reflektere over folkets motiv for å ønske seg ein konge, som ikkje er spesielt åndelege, og som også reflekterer ein svekka tillit til Gud og Guds Ord. Men problemet var ikkje ordninga med kongedømme!

Tilliten til Gud hadde folket forkasta for lenge sidan, og det vart heller ingen umiddelbar oppsving med ein konge. Dette til tross, det er ut frå dette skrøpelege kongedømmet at Gud etablerar «Davids trone» med Messias som den evige konge.

Eg tenker blant anna at ein skal vere forsiktig med å trekke hvilket som helst bibelvers inn i hvilken som helst debatt, men kan vi likevel lære noko av dette? At Bibelen avviser monarki og forfektar dommarstyre?

Neppe, men kanskje at Gud ikkje gjer seg avhengig av ytre organisering, men først og fremst ser etter tillitsfulle hjarta som vil tene Gud blant sine medmenneske.

6) Ein refleksjon til 1. Kor 11, som for mange er eit vektig argument for å oppretthalde tenestedeling. Det er verdt å merke seg at 1. Kor er svar på eit brev frå menigheten til Paulus (7,1), som igjen var respons på eit brev Paulus hadde sendt menigheten tidlegare (5,9).

Begge breva er tapt, men poenget er: Det er bitar av bildet om tilstanden i Korintarmenigheten som vi ikkje har! Så møter vi altså denne «hodestrukturen» (kefalæ) i 11,3: «Kristus er hovudet til mannen, og mannen er hovudet til kvinna».

Ok så langt, og vi tenker struktur, hierarki, rangordning... Men så fortsetter det: «Gud er hovudet til Kristus»? Då kan ein neppe lenger tenke rang og hierarkisk struktur i same forstand, i alle fall ikkje utan teologiske utfordringar.

Så kvifor skulle det i tilfelle vere ein hierarkisk struktur i dei to første setningane, men ikkje den siste? Kan det vere aspekt med denne teksten vi ikkje har forstått? Kan det faktisk vere vi bare ser stykkevis og delt?

Vi må tale det Bibelen talar, men heller ikkje meir!

Språkleg kan «kefalæ» også omsetjast med «kjelde», noko som utgår frå noko anna. Er det eit mogleg spor å følgje? Sjølvsagt kan 1. Kor 11 forstås på ulike måtar, men uansett ikkje utan tolking!

Men det hadde jo vore flott om vi klarte å følge det same tolkingsprinsippet gjennom eit heilt bibelvers! I tillegg har eg veldig vondt for å tru at små nyansar i tolking av enkeltord skal kunne føre oss enten til, eller bort frå Guds velsigning!  Så enkelt er ­livet heldigvis ikkje...

7) NLM har brukt 127 år på å ikkje få til tenestedeling i praksis. Ansvar har blitt flytta oppover, utan å løyse utfordringa.

Stadig vekk må ein gjere unntak for å dekke oppgåver både heime og ute, eller ty til uredelig triksing med ord i for eks møteomtaler, som «temasamling» for «møte» hvis den kvinnelige talaren uheldigvis har ein pastortittel. To spørsmål som melder seg til slutt er då:

1) Kven trur vi at vi lurer?

2) Kor vanskeleg kan Gud ha meint at dette skal vere?

Gå i fred, og ten Herren med glede!