Skal staten definere kven som er kyrkje?

Det er vi som har meldt oss ut or Dnk som no må tenke oss godt om. For må vi ikkje vere med i eit kyrkjesamfunn for å berge trua? For meg er det tre ting som står klart.

a) «Den som trur og vert døypt, skal verta frelst. Men den som ikkje trur, skal verta fordømd.» Mark 16:16. Er du døypt og set du din lit til Jesus Kristus, så er du med i Jesu Kristi kyrkje og ingen kan rive deg ut av hans hand. Altså: medlemskap i eit kyrkjesamfunn korkje skriv inn, eller stryk ut namnet dit i livsens bok. Det kan berre Guds lam gjere.

b) «Dei heldt urikkande fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, ved brødsbrytinga og ved bønene.» Dei «fire b’ane fortel klart at livet vårt som kristne vil etter sin natur vere eit liv i eit kyrkjefellesskap.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

c) I Noreg er det staten som godkjenner trussamfunn, kven som kan få «statsstøtte» og kven som ikkje får. Pengar kan vi gi avkall på, men ikkje fridomen i evangeliet.

Det er punkt c. som er gjer at vi no må tenke oss godt om når vi vel eit luthersk kyrkjesamfunn, så vi ikkje går i same revesaksa som vi sat i. Storting og regjering har vore medverkande i den utviklinga som har førtDnk ut i den villfaringa ho er i no.

Dernest: Det er storting og regjering som no forvaltar dei midlane som i si tid vart tiltrudd kongen. Den som har pengane har makta. Denne makta har storting og regjering synt vilje til å bruke både mot kristne og muslimar.

Nokre har og synt vilje til å bruke definisjonsmakta som maktmiddel. Politikarar har hevda at radikal islam ikkje er religion, men fascisme. Soleis er dei ikkje verna av religionsfridomen. No må vi svare på desse spørsmåla:

a) Stolar vi på statsmakta sitt vern om religionsfridomen? Eller kan Jesu kristi kyrkje i Noreg verte ei undergrunnskyrkje?

b) Er det statsmakta som skal ha definisjonsmakta av trussamfunn (og dermed, til dømes, om å forkynne 3. Mos. 18, 22 er religionsfridom eller brot på likestillingslova)? Eller har Bibelen ein gong for alle definert kyrkja i Apg 2:42?

c) Kor viktig er slik godkjenning, statsstøtte og skattefritak for gåvene til kyrkjesamfunnet?

d) På grunn av bankar, statlege skattar og avgifter og andre innomverdslege tilhøve må kyrkjesamfunnet registrerast iBrønnøysund registera. Men må det registrerast som kyrkjesamfunn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så langt eg kjenner til er det berre det som var Børre Knudsen sitt bispedøme, og no organisert som Det evangelisk lutherske stift i Norge. (DelsiN) som ikkje ønskjer statleg godkjenning som kyrkjesamfunn.

Desse Kyrkjelydane har vald ulike register i Brønnøysund registera, men utifrå Apgj. 2, 42 er desse kyrkjelydane eit kyrkjesamfunn. Å vere med i eit kyrkjesamfunn er nok naudsynt, men det treng ikkje ha statleg godkjenning.

Så må vi tenke oss om og finne ut: Er det lurt å ha statlig godkjenning?