Reformasjonstida og svermarane

Direkte tilbakemeldingar ikkje minst frå normisjonsfolk tyder på at det spørsmålet er alvorleg – og at IMI kyrkja si profilering har ikkje dekning i Guds ord.

Stor takk til Bjørn Olav Hansen for hans tilbakemelding om bruken av svermaromgrepet. Sjølvsagt skulle eg i artikkelen gardert meg mot at nokon assosierte min bruk slik Hansen heilt forståeleg gjer. Nå gjev han meg høve til ein nødvendig presisjonen.

Luther som andre før han, blei forfølgde for si tru skuld. Paven og den katolske keisaren ville ikkje akseptera svekking av eiga makt. Avlatshandelen som var utgongspunktet for Luther sine teser, skapte jo ikkje berre teologiske problem for paven. Øonomien og pengar til Peterskyrkja var truleg hovudproblemet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Reformasjonstida var først prega av ein politisk og teologisk ideologi der avvik ikkje blei godtekne. Då dei ulike reformasjonsgreinene vaks fram, fekk vi liknande tendensar hos dei – Zwingli i Zyrich, Calvin i Geneve og Luther i Wittenberg. Alle forfølgde dei gjendøyparane (anabaptistane).

Så fekk vi «religionsfreden» på riksdagen i Augsburg 1555 der lutheranarane og katolikkane fekk kvar sine område i Tyskland. Ideologien var at den som styrte eit område, bestemte også trua –det som på latin blir kalla eius regio, eius religio.

Så skuldar eg å legga til at historikarar peikar på at forfølgjingane var ikkje først og fremst grunna i det vi snevert kallar teologisk usemje, Det var etter kvart meir deira negative haldning til å samarbeida med verdslege styresmakter som skapte forfølgjing.

Sanninga er at diverre var ikkje religionsfridom og samvitsfridom kommen lenger på denne tida. Som vi veit, gjekk dette særleg ut over gjendøyparane og kvekarane. Eg forstår difor godt baptistpastoren sin assosiasjon og reaksjon.

Eg kan berre seia at eg står saman med han i avsky for den behandlinga dei fekk –og har fått opp gjennom århundra. Kan nemna at i mange foredrag –i teologi som politikk –både før og i reformasjonsåret har eg teke opp dette temaet.

Eg håpar at eg med dette har fått lagt denne ballen død. Mitt fokus var profetisk betjening - der Guds Ande talar gjennom papirlappar og strekteikning. Eg skal heller ikkje skulda IMI for å byta ut Bibelen med Andens sin direkte tale.

Men det vi høyrer om deira profetiske betjening og dei karismatiske åndsstraumar som påberopar seg «hot-line» til Gud, vil eg ta avstand frå. Eg meiner at ikkje minst åndelege leiarar i vår tid, bør åtvara og rettleia om slikt.

Leiarar i bedehusland markerer gjerne (med rette) liberale avvik. Truverdig bør ein også markera avvik på den andre sida. Fakta er vel at slike avvik lettare glir inn i misjonsmiljø enn klassisk liberal teologi.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

IMI-kyrkja har mange sterke sider – sjølv har eg særleg lagt merke til deira diakonale profil. Eg veit at mange i bedehusland hentar impulsar frå dei. Men eg håpar inderleg at ein ikkje tek med deira profetiske betjening på kjøpet.

Etter mi vurdering er det uansvarleg svermerisk rettleiing av unge i ein avgjerande fase i livet. Direkte tilbakemeldingar ikkje minst frå normisjonsfolk tyder på at det spørsmålet er alvorleg – og atIMI kyrkja si profilering har ikkje dekning i Guds ord.