Partiet Dei Kristne – eit viktig politisk alternativ

Framfor å lytta til sekulærhumanistisk ideologi, burde vi ha lytta til Bibelens tale om skaparordningar og menneskeverd. Då ville vi ha stengt for fri abort og satsa på ekteskap mellom ein mann og ei kvinne i livsvarig ekteskap under Guds velsigning.

Gandhi sa følgjande: «Vår framgang er relatert til reinleiken i midlane me brukar.»

Det skal vi som kjempar for kristen tru og lære, leggja oss på sinne, om vi vert kalla mørkemenn, fundamentalistar, pietistar eller ikkje!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi veit at dette hadde Gandhi frå Jesu bergpreike: Vi skal bruka ord og argument. Jesus bruka sterke ord, men kjempa ikkje med vald for Guds rike.

Ateistfilosof og president i det italienske senatet 2001–06, Marcello Pera, seier om kristendommen at den er «det einaste som held Europa saman».

I boka si: «Perché Dobbiamo Dirci Cristiani» held han fram at: «Difor bør me alle kalla oss kristne!» I boka «Senza Radici», utgitt i 2004 talar han om eit Europa utan røter, som treng å byggja på si kristne verdiforankring.

Han seier at «Kristendommen sitt syn på mennesket, skapt i Guds bilete, er noko som ikkje fins i andre kulturar. Forlet vi dette prinsippet, vil vi ha øydelagt vår konstitusjonelle arv.»

Kristne verdiar har vore byggjesteinar for dei vestlege samfunna. Sekulære ideologiar har drive massemord i nyare tid, ikkje minst på vårt eige kontinent.

Vi kan nemna namn som Hitler, Stalin, Mao, Pol Pot, Enver Hoxha, dei tenkte alle at det var rett å bruka vald i samfunnsbygginga, me tenkjer i etterhand: Sekulære redsle-statar, skrekk og gru!

Desse personane leia heilt igjennom sekulære politiske ideologiar i si samfunnsbygging. Ateist-filosofen Marcello Pera ber kristendommen «gje Europa ein grunn til håp». Det er ikkje vanskeleg å vera einig med han, når ein ser kva rotlaus sekularisme kan føra til.

La oss og samanlikna Nord- med Sør-Korea som var eit fattig buddhistisk land, men har i mi levetid langt på veg, vorte eit kristent land, med positiv utvikling, der Kristendom og Buddhisme er grunnlag under ein demokratisk stat.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nord-Korea, ein kommunistisk stat er den verste redslestaten i verda. Nord-Korea er større enn Sør-Korea og geografisk betre eigna for jordbruk enn Sør-Korea. Nord-Korea overtok etter koreakrigen størstedelen av fungerande industriell infrastruktur.

Men om du tek deg frå Pyongyang, ut på landet, vil du støyta på fattigdom. Kristendommen er den etiske impulsen, krafta og kunnskapen som har løfta Sør-Korea, ikkje i den liberale vanarten, men i konservativ og ofte karismatisk utgåve og med mange levande kristne kyrkjemedlemmer og dedikerte prestar.

Me merkar oss med glede den fornya interessa, innafor breie kretsar i Noreg, forHans Nielsen Hauge sin innverknad på arbeidsliv og bedriftsutvikling. Denne rørsla har vore ein viktig grunn til sosial oppdrift, over århundre lang nasjonal historie i Noreg fram til i dag.

Abort på sosiale indikasjonar og seinare sjølvvald abort har ført til at me manglar minst 800.000 etniske nordmenn i dag. Dei var i Guds tanke og plan og difor ville det ha vore rett om dei hadde fått leva.

Den norske kyrkja har, i strid med Guds ord, men i tråd med norsk sekulærhumanistisk politisk tradisjon, opna for einkjønna «ekteskap» og kyrkjeleg vigsle av einkjønna samliv, til uboteleg skade for kyrkja.

Framfor å lytta til sekulærhumanistisk ideologi, burde vi ha lytta til Bibelens tale om skaparordningar og menneskeverd. Då ville vi ha stengt for fri abort og satsa på ekteskap mellom ein mann og ei kvinne i livsvarig ekteskap under Guds velsigning.

Tidligare ateist, professor Jürgen Habermas seier: «Kristendommen sine ideal om likheit, fridom, solidarisk samliv, frigjering og ideala om individuell moral basert på samvit, menneskerettar og demokrati – er ein direkte arv frå jødisk rettferdsetikk og kristen kjærleiksetikk.

Det fins ikkje alternativ til dette i dag. I postnasjonale utfordringar lever vi ennå av denne tenkinga: Alt anna er post-moderne prat.» (Zeit der Übergang Suhrkamp 2001) Det finns ikkje alternativ til kristendommen og jødedommen med jødisk rettferdsetikk og kristen kjærleiksetikk. Vi finn desse tankane, desse prinsippa i Bibelen, i GT og NT.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les deg glad! Vi trengPartiet Dei Kristne og partiet treng di støtte ved valet i haust.