AKTUELL: Høgskolen har vist verdiane sine med å vera aktuell og utfordre si samtid. Det har prega NLA gjennom 50 år – det må fortsatt vera NLAs framtid.

NLA Høgskolens imponerande reise

På vegne av Det norske Storting vil eg få gratulere så mykje med 50-årsjubileet!

Dette er Knut Arild Hareide sin tale til NLA Høgskolens 50-årsjubileum i Grieghallen 15. september.

-----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kjære alle sammen!

Det er ei stor glede å få vera saman med alle dykk venner av NLA Høgskolen for å feire 50-årsjubileum.

Det er både ein kort og ein lang veg frå starten i Johanneskirkens menighetshjem på Møhlenpris i 1968 og fram til dagens jubileum her i Grieghallen, heile Vestlandets storstove.

Frå leigde lokale i Bergen, til eigne og store lokalar i Oslo, Bergen og Kristiansand. Frå dei 56 studentane i 1968 til dei 2500 studentane i dag. Frå ein stab på 10 til dagens 250. Den reisa NLA har hatt, er ikkje noko anna enn imponerande! På vegne av Det norske Storting vil eg få gratulere så mykje med 50-årsjubileet!

Mitt parti – må nesten seie - mitt lille parti har alltid hatt sans for dei store og viktige sakene, og derfor vart oppstarten av Lærarakademiet raskt ei sak for KrF.

Det bles også ein politisk storm og mediestorm – då den staute og rakrygga vestlendingen Kjell Bondevik godkjende NLA i åra rundt 1968. Han let seg ikkje blese overende i stormen – og sjølv han kunne bli «djupt såra og vonbroten», var forholdet til Lærarakademiet prega av det motsette.

Sidan den gongen har partiet mitt følgd utviklinga på NLA med stor interesse. Alle mine forgjengarar, Kjell Magne Bondevik, Jon Lilletun og Dagfinn Høybråten, har engasjert seg kraftig når Lærarakademiet kjende seg pressa eller oversett i budsjettsamanheng.

Det går ei munnleg utsegn frå Dagfinn Høybråten si tid som partileiar. SV i Kunnskapsdepartementet hadde skore ned på løyvingane til nokre av dei private, kristne høgskulane. Saka enda til slutt på statsminister Jens Stoltenbergs bord, der følgjande samtale skal ha funne stad:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Høybråten forlanga at løyvingane til Lærarakademiet kom på plass igjen, og Stoltenberg spurte han: «Ja, men er det er Lærarakademiet så viktig? Høybråten svara: «JA, Lærarakademiet ER viktig!»

Kvifor er Lærerakademiet viktig?

Lærarakademiet har på mange måtar vore eit flaggskip i Friskule-Norge. Mange dyktige lærarar har fronta friskuleidealet med stor tyngde. Det er nok å nemne namn som Ole Øystese, Toralf Tveiten og Bjarne Kvam.

Det er viktig at det statlege skulesystemet har nokon å bryne seg på; nokon som kan utfordre på ein positiv måte. På den måten veit vi at også dei statlege institusjonane blir betre. Og like viktig: Det er ein viktig del av foreldreretten at det finst frie skular som kan vere alternativ i forhold til dei statlege skulane på ulike nivå.

Ikkje berre det, men NLA Høgskolen har også vore nyskapande og leia an i utviklinga på mange måtar dei siste femti åra. La meg nemne nokre sider som viser dette:

Undervising i kristendomskunnskap som starta i 1968 var ny på den måten at ein vektla religionspedagogikk og ved at alle som underviste var forplikta på det kristne livssynet.

Skulen var lenge den einaste institusjonen i Bergen som gav utdanning i faget pedagogikk; mange lærarar både på UiB og Høgskolen på Vestlandet har fått si pedagogiske utdanning nettopp på NLA.

NLA drog i gang studiet Interkulturell forståelse med Geir Magnus Nyborg som pioner, og etter nokre år blei Line Alice Ytrehus den første professor i dette faget i Noreg!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

NLA drog i gang ei annleis lærarutdanning på Breistein i Åsane i 1996. Enda meir annleis var kanskje oppbygginga av førskolelærarutdanninga. I staden for å bygge undervisninga opp i velkjende fagtermar, våga ein å satse på ein temabasert modell. Det var banebrytande. Og etter nokre år blei heile dette fagfeltet gjennomgått av NOKUT, og den temabaserte modellen ble innført på alle barnehagelærarutdanningar i Noreg. NLA hadde vist veg for heile barnehagelærarutdanninga i Noreg.

• Medieutdanninga på Gimlekollen i Kristiansand er unik i norsk samanheng. Fleire medieprofilar har tatt si utdanning der. Ja, for eigen del hadde eg nærast ynskt Gimlekollen som obligatorisk for norske journalistar.

• Også utdanninga i Administrasjon og leinng i Staffeldtsgate i Oslo er annleis i si oppbygging av fag og tema enn det vi finn ved NHH og BI, Direkte inspirert av Hans Nielsen Hauge.

• Når Noreg gjer utgreiingar og forandrar system, har dyktige NLA-fagpersonar sett sitt preg med sin ekspertise og sine forslag. Det skjedde i Mjøsutvalet som forandra unvisersitets- og høgskulesektoren. NLA leia Folkehøgskule-NOU, KRL/KRLE-faget, kristen føremålsparagraf og verdiar i norsk skule og barnehage – har NLA si stemme gjort ein forskjell. Ei av mange dyktige fagstemmer frå NLA har vore Gunhild Hagesæther.

Som student budde eg i kollektiv i Bergen. Tre Bømla-gutar og ein nordlending som jobba i Laget. Men eg merka at når Bernt Inge heime på bedehuset kunne fortelja at han tok kristendom grunnfag på NLA og skulle bli lærar, hadde han overtaket. Eg gjekk på NHH – og dei sa – dei skulle be for meg.

Eg har sjølv arbeida i Utdanningsdepartementet med høgre utdanning. NLA er anerkjent for sitt arbeid. Ryktet NLA hadde i departementet var å vera ein særs kompetent og dyktig utdannings- og forskingsinstituasjon.

Det er viktig for ein privat, kristen høgskole som NLA å våge å tenka nytt. Det har vore eit kjennemerke ved NLA. Men samstundes har høgskolen stått stødig fast på det idégrunnlaget institusjonen blei stifta på. Høgskolen har vist verdiane sine med å vere aktuell og utfordre si samtid. Det har prega NLA gjennom 50 år – det må fortsatt vere NLAs framtid.

Eg veit at NLA er på veg til nye lokalitetar i Kanalveien 90 i Bergen, der dagens to NLA-miljø skal samlast. Førre gongen NLA flytta, i 1976, frå Johanneskirkens Menighetshjem til nybygg i Amalie Skrams vei, kosta flyttesjauen kr. 362,- det vil seie den ble vel eigentleg gratis, for ein prest ein stad i Noreg sende brev og bad om å få betale heile flyttesjauen. Eg veit ikkje om komande flyttesjau blir like billig, men denne lille historia er eit godt eksempel på evna til å finne kreative løysingar. Eg håper denne kreativiteten framleis lever på NLA Høgskolen!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Så gler eg meg over at NLA denne hausten har starta opp lærarutdanning i Oslo. Den siste kristne lærarskolen lå jo nettopp i Oslo. Den blei overtatt av staten i 1946/47. No er ringen på sett og vis slutta.

Ofte har det vore vestlendingane som har kjempa for NLA, men ikkje alltid har det vore berre dei. Hausten 2016 kjempa Hans Olav Syversen –KrFs tidlegare stortingsrepresentant frå Oslo og leiar av finanskomiteen på Stortinget – ein hard kamp for å få inn pengar til NLA si lærarutdanning i Oslo. At det denne hausten er fullt driv oppe i Staffeldts gate, er mykje takka vere innsatsen til Hans Olav!

NLA har ein sterk eigarstruktur. Og oppsummert vil eg seie NLA er ein særs kompetent institusjon – som står fast på sine gode verdiar inn i ei ny tid! Det er derfor ei glede for meg å vere her i kveld, og feire NLA Høgskolen som bygger på eit kristent fundament.

Les også
Derfor trenger Norge kristne høgskoler i 2018
Les også
50 ganger så mange studenter på 50 år
Les også
Historisk sus da kristen lærerutdanning åpnet
Les også
Kristen høyskole vurderer navnebytte
Les også
Lærerikt om Hans Nielsen Hauge