Indremisjonsforbundet i dagens kyrkjesituasjon

Dersom ImF noko gong har vore ein kyrkjepolitisk kamparena, var det for nøyaktig hundre år sidan.

Det er ikkje mi oppgåve å svara forIndremisjonsforbundet (ImF) si vurdering av og plassering i dagens kyrkjebilete. Det har ImF gjort gjennom eit eige dokument som vart sendt ut i vår, og som var sak under generalforsamlinga i sommar. GeneralsekretærErik Furnesgjer greitt greie for dette i Dagen 14. september.

SYNSPUNKT:ImF og kyrkjesituasjonen

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når eg likevel grip pennen fatt i denne saka, har det sin grunn iHans Aage Gravaas sin artikkel«Organisasjonstankens sammenbrudd?» (Dagen 12/9). Gravaas er ein reflektert mann som det er stor grunn til å lytta til. Det meste han skriv i sin analyse, sluttar eg meg til, men hans kommentar knytt til ImF meiner eg er ein nokså klar bom.

Det er korrekt at organisasjonstanken, den såkalla «assosiasjonsånda» vaks fram på 1800-talet og vart forsterka ut over 1900-talet. Det gjeld både kristne og ikkje-kristne organisasjonar.

Dette var altså ikkje noko spesielt for den kristne lekmannsrørsla, men var ei allmenn sak i samfunnet. Dei frie kristne organisasjonane fann sin plass i både samspel med og opposisjon tilDen norske kyrkja (Dnk), og hadde sin arbeidsbase på bedehuset.

Det har vore ein konstruktiv situasjon for arbeidet for indre og ytre misjon. I mitt Innspel om«Alvoret i dagens kyrkjesituasjon» peikar eg på nokre grunnar som viser at vi ikkje kan bruka blåpapir på måten ein tenkte og handla på tidlegare, med tanke på dagens situasjon (Dagen 15/9).

Gravaas har ein historisk gjennomgang og analyse, men han seier lite om kva det inneber for dagens situasjon og korleis vi må tenkja og handla framover. Det nærast han kjem denne problemstillinga, er ein visitt til ImF, og valet av ny formann ogGodtfred Eriksen si utmelding av ImF.

Det siste forklarer han med at slik kan det gå «når tradisjonelle bedehusorganisasjoner blir omgjort til kirkepolitiske kamparenaer», og at den nyvalde formannen «legger for sterke føringer» på kva ein må meina i dagens situasjon.

Gravaas hevdar at Eriksen opplever dei signala som er gjevne, som at ImF er «mer opptatt av kirkepolitikk enn å samle gode krefter om organisasjonens formål». Ja, han omtalar det endatil som at «limstoffet erstattes av sprengstoff».

Dette finn eg som skivebom, både historisk og dagsaktuelt vurdert. Godtfred Eriksen er ein mann eg har stor respekt for, både når det gjeld kva han står for og hans lange teneste i ImF. Han er like fullt ei nokså einsam svale når det gjeld å melda seg ut av ImF ut frå ImFs og formannens signal i forhold til Dnk. Det er langt fleire ImF-folk som har meldt seg ut av Dnk. Gravaas legg med det for stor vekt på denne eine utmeldinga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kjenner ImF-historia nokså godt, og har fylgt bra med også dei siste åra. Det å snakka om at ImF er «omgjort til kirkepolitisk kamparena», er rimeleg på sida om realitetane. Ein del vil nok meina at ein kjempar for lite på den kyrkjepolitiske arenaen.

Det å framstillaOdd Asbjørn Nybø som om han skulle vera ein radikal kyrkjestormar, vitnar om lite kjennskap til mannen. Det han verkeleg har vore på kamparenaen for, er å reisa fleire kristne skular. Han er ein kristen skulebyggjar, og ein sindig og inkluderande mann. Eg var til stades då han vart vald til ImF-formann, og det gjekk roleg føre seg utan store kyrkjepolitiske sprell.

Dersom ImF noko gong har vore ein kyrkjepolitisk kamparena, var det for nøyaktig hundre år sidan. Frå 1906 til 1920 gjorde ImF (dåverande DVI) fleire vedtak om å arbeida for frikyrkje.

Desse vedtaka er formelt ikkje oppheva, sjølv om dei reelt er sette til sides gjennom seinare styrevedtak (1976) om å halda på statskyrkja. Vil ImF verkeleg gjera noko radikalt og vera ein kyrkjepolitisk kamparena – utan at eg vil tilråda det, kan dei løfta fram rådsmøtevedtaket frå 1920, som mellom anna seier:

«Det bør drives et ihærdigt opplysningsarbeide i skrift og tale for at jevne vei for den frikirke, som maa og bør komme snarest mulig.» (Sjå mi framstilling av dette i Ordets folk side 102–107, og relatert stoff om fri nattverd og fri dåp side 98–102 og 132–138.)

Det formelle trussamfunnet som ImF har oppretta, svarar på ingen måte til det som låg i vedtaka frå hundre år sidan. Sjølv om det dreier seg juridisk fullt ut om eit kyrkjesamfunn, er poenget at arbeidet skal føregå i organisasjonen ImFs regi, og der kan ein vera med same kva luthersk kyrkjesamfunn ein er medlem av.

Fokuset på arbeidet for at folk skal verta frelste (limstoffet), har vore og er mykje sterkare enn fokuset på det kyrkjepolitiske (sprengstoffet). Det kan jo også vera at det som Hans Aage Gravaas definerer som sprengstoff, om ikkje lenge kan fungera som ein magnet som samlar det bibeltru kristenfolket på bedehuset.