DEBATT: Kjære leiarar og alle som er med i NLM! Lat oss sleppa ein ny og opprivande debatt om ­tenestedeling. Den tek berre fokuset bort fra det som er vårt store kall, skriv Kristine Eiken. Biletet er frå generalforsamlinga i sommar.  Foto: Tarjei Gilje

Har eg vore slave i NLM?

Author picture

torsdag 15. november 2018

Kristenliv

Eg kjenner trong til å ropa ut eit rungande nei!

Det er med sår undring eg les innlegget til Ketil Jensen i Dagen den 8. november.

Og sjølv om eg ser at han brukar opphevinga av slaveriet som begrunnelse for å få slutt på tenestedeling mellom mann og kvinne, melder spørsmålet seg: Har eg vore slave i NLM i 60 år? Eg kjenner trong til å ropa ut eit rungande nei!

Når eg ser tilbake på åra i NLM, kjenner eg på djup takksemd! Eg fekk i unge år hjelp i mitt åndelege liv i samtale og god sjelesørgerisk forkynning, der eg vart ført inn til Jesus og der eg og møtte kallet til teneste. Det store spørsmålet blei kor Gud ville bruka meg. Eg høyrde lite om strategiar, mykje om kall.

Tidleg vart eg kalla inn i konkrete oppgåver og når eg lurte på om eg hadde nådegåve til det, fekk eg til svar: «Det er nådegåvene som høyrer kallet frå oppgåvene» Og eg fekk råd om å be Gud opna eller stengja vegen. Ung og uerfaren vart eg vist ein tillit som eg mang ein gong undra meg over.

Og eg hadde alltid nokon å rådføra meg med som hadde kome lenge på vegen, kva liv, erfaring og åndeleg modenhet gjaldt. Er det her det skortar i dag? Er dette resultat av oppdelinga av unge og eldre, som eg med sorg har opplevd og sett i seinare år? Er det difor me må gå til avisene, i staden for å snakka med kvarandre?

No kan eg sjå tilbake på eit rikt liv i ulike oppgåver i NLM, og hjarta fyllest med takk for at «jeg også fikk ditt kall og skal få være med»

Spør eg så kva det vart ut av liv og teneste, må eg tenkja på gutten som sto å kaien i Bergen og tok imot predikanten som skulle tala på stormøte. Då han fekk spørsmål om kva han var for ein kar, svara han: «Eg er ein del av det store arrangementet.»

Tenk, om me alle kunne få ha det perspektivet på liv og teneste, då vart det stort også det som synest smått og då trong me ikkje bruka tid og krefter på spørsmålet frå slangen: Har Gud verkeleg sagt?

Kjære Ketil, kjære medsøstre og kjære alle med det tunge og krevande leiaransvaret! Eg er inderleg takksam for at Herren gav mannen det tyngste ansvaret! La oss be for kvarandre. At Herren får halda oss ved varme- og kraft-kjelda, som er Jesu dyre forsoning og nåde. Her blir me ikkje store og sjølvsentrerte, men tenesta blir stor nåde!

Jau, eg har og møtt det som har vore sårt og vondt, og eg er for klåre retningliner, men treng alt stå i avisen. Me er alle frelste syndarar og det er så sant som det er sagt: Finn du ein fullkomen samanheng, så må du ikkje gå inn der, du vil berre øyde­leggja.

Kjære leiarar og alle som er med i NLM! Lat oss sleppa ein ny og opprivande debatt om tenestedeling. Den tek berre fokuset bort fra det som er vårt store kall og fører oss så lett inn på den vegen som litt etter litt får oss til bry oss mindre om det Gud har sagt i sitt ord. Då er alt tapt!