Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Gi dem Jesus

torsdag 3. januar 2019

Kristenliv

Sjølvsagt, tenkjer du kanskje! Det er jo dét det handlar om. Alle treng Jesus! Og det er sant! Men langt frå alle veit kven Jesus er og kvifor han kom til vår jord.

Av og til når eg talar på møte og ser utover den flotte flokken som er samla, seier eg gjerne «for de som sit her er det sjølvsagt kven Jesus er.

Mange av dykk har vakse opp med trua og bibelhistoriane i heimen, enten den åndelege heimen eller i familien. Men det er svært mange det ikkje er slik for. Dei kjenner ikkje Jesus, og veit heller ikkje kva dei skal med Jesus.»

Av og til kan me bli blinda. Me trur at alle veit, difor fortel me heller ikkje viktige sanningar til dei rundt oss.

Menneskefrykta kan sjølvsagt også hindra oss. Kanskje tenkjer me at dette får kyrkja/bedehuset ta seg av, søndagsskulelærarane, ungdomsleiarane og andre. Men kva er mi rolle?

I samtale med menneske oppdagar eg nye ting. Av og til kan eg ha mine førestillingar i hovudet om kva folk treng, til og med før eg har snakka med dei. Om eg lærer meg til å lytta, vil eg forstå korleis dei tenkjer om Gud og Jesus; kva gudsbilete dei har.

Det er mest sannsynleg ikkje likt mitt. Og me må ta folk frå der dei er, ikkje frå der me er sjølv, eller der me synest at folk burde vera.

Like fullt er det sjølvsagt viktig å vita kor me vil leia dei. Meir og meir går det opp for meg at folk rundt meg ikkje kjenner grunnsanningar omkring kven Jesus er. I samtale med opne og reflekterte ungdommar slår det meg at dei ikkje veit kvifor Jesus måtte døy på eit kors og kva konsekvens det har at han også stod opp igjen. Dei ser rett og slett ikkje kvifor dei treng Jesus. Omgrep som «synd» og «omvending» er fjernt for svært mange i dag.

I vår tradisjon har me gjerne talt til hjarta og samvitet til folk. Kanskje bør me i endå større grad også tala til intellektet? I møte med utdanning på høgare nivå, mister mange trua. For nokre blir spørsmåla omkring tru store, og ikkje alltid møter me desse på ein god måte.

Eg trur difor at apologetikk blir stadig viktigare. Eg har tru på arenaer der me får samtala om tru, ikkje berre formidla tru i monologform.

For mange er det lett å bygga relasjonar; snakka om livet og det som rører seg. Men kor lett er det å også snakka om Jesus med folk? Me skal vera Jesu vitner – i gjerning, men også i ord.

«Forkynn evangeliet, og bruk nødvendigvis ord», er kanskje eit sitat som er meir opp til kva Frans av Assissi sjølv ville brukt i dag? Så er det oppi dette ein løyndom å dela evangeliet på ein måte som svarar til spørsmåla og møter behova til samtalepartnaren vår.

Dette er store funderingar for ein liten artikkel, men det var like fullt dette eg tenkte på nett no. «Gi meg Jesus, bare Jesus.»