Framand i byen. Bergens-biskopen Peter Hognestad

Peter Hognestad var stolt over å vere målmann, fråhaldsmann og kristen antirasjonalist.

Per Halse har skrive biografienPeter Hognestad, «Språkstrid og heilag fred» til 150-årsjubiléet for Hognestads fødsel.

Presten og læraren Peter Hognestad var sterkt ynskt av mange vestlendingar då Bergen skulle ha ny biskop i 1916. Han fekk embetet og vart ein avhalden og respektert tilsynsmann for kyrkjelydane frå Sunnhordland til Sunnmøre. Men i stiftsstaden møtte han motstand.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Både gjennom brev og avisinnlegg fekk Hognestad kritikk for mangel på kompromissvilje i språkspørsmålet. Han var den fyrste biskopen som berre brukte nynorsk i tenesta.

Dei krassaste klagemåla kom i anonyme skriv: «Ve den ved hvem forargelsen kommer, og ve den prest som gaar og skal preke Guds ord for andre og kanske minst 90% går fra kirken med en indre forbandelse fordi vi skal have maalstrævet til en saadan plage».

 Brevskrivaren som underteikna «I ærbødighed Kirkelig intreseret» skulda Hognestad for «maalrus», «tusset sprog» og «galskap».

Helsinga frå ein 72-åring lydde slik: «Fy Dem præst som øker strid i menigheden. Skjøndt jeg sogner til Deres Kirke gaar jeg der aldrig naar De præker og jeg gaar i Kirke hver søndag fra barnsben af».

Nokre andre skreiv eit sams brev der det mellom anna heiter: Hvis De hr Biskop virkelig kjendte stemningen og den storm af uvilje, som Deres utnævnelse har vakt i vide kredse, vilde De vistnok føle Dem noget klæmt om hjertet […] Det er aabent uttalt, at saafremt der bliver talt paa maalet eller agiteret for maalet fra Hr Biskoppens side, dette vil foranledige at mange vender Kirken ryggen.

Ikkje alle var redde for å skrive under fullt namn. Ein kjend skipsmeklar, idrottsleiar, politikar og frimurar, Johan Martens, sende Hognestad eit brev der det mellom anna stod at biskopen gjerne måtte tale jærsk på Jæren og eventuelt sogning i Sogn, men i byen vart han oppmoda om å bruke det språket «som er menigheten eiendommelig, det nemlig som ligger den bergenske dialekt nærmest og som alle helt forstaar».

Motstanden mot mykje av det Peter Hognestad stod for, var som vi skjønar sterk i Bergen. Sjølv om han etter kvart vann tillit hjå fleire og fleire, var motviljen ein del av biletet som redaktør Johannes Lavik sette ord på i minneorda hausten 1931: «Han kom som landsmålsbiskop til riksmålets faste borg. Og han fikk merke at sprogkampen bygger borgmur mellom leirene […] Han var i mange henseende en fremmed i sin egen stiftsstad».

Utanom byen vart derimot Hognestad og språkbruken hans vel fagna. Han opplevde å kome til sine eigne; både på lærarkurs og ungdomsstemne, på bondelagsmøte, i fråhaldslag og misjonsforeiningar. Prost Bernt Anker i Hardanger mintest visitasane som reine festferder, og han kalla Hognestad «ein folkebisp i beste meining».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Gjennom den femtenårige tenesta vann biskopen tiltru, respekt og kjærleik. Om ein del byborgarar heldt avstand, var familien slett ikkje isolert. «Aldrig har jeg været i et saa hyggelig bispe-hjem i en saa banal bispebolig», skreiv Oslo-presten Mikael Hertzberg etter ei gjesting i 1922.

Bustaden var enkel, men hjarteromet stort. Hognestad heldt hus i fjerde høgda av Klostergaten 2 – med ekstra soverom på loftet. Hertzberg karakteriserte bygarden som ei «leiekaserne av tarveligste sort», men der gjekk høge og låge ut og inn og tok del i eit rikt sosialt liv.

Saman med kona og borna inviterte biskopen til «heimekveld» eller «mottaking» fyrste måndagskvelden i kvar månad. Alt var «so inderleg heimslegt», noterte ein ung ryfylking fyrste gongen han hadde vore med. Somme gonger handla det mest om å ha det kjekt i lag, og andre kveldar var det tema knytte til dagen eller til gjestar som budde hjå bispen.

Fyrste mai 1922 vart kvelden nytta til diskusjon om kommunismen. Av dei rundt 25 gjestane var ifylgje bispedottera Tone «to redaktører, to diktere, to prester, flere lærere, et par kunstnere, nogen handelsfolk og resten menige».

Halvtanna år seinare var like mange til stades og fekk møte den islandske biskopen Jon Helgason. I februar 1927 var teologen og folkemusikk-samlaren O.M. Sandvik heidersgjest, og Hognestad sytte for at mange fekk treffe han:

«Han skulde ha møte med prestar og organistar og ein koralkveld. I det høve bad me inn til oss prestane og prestefruene laurdags kveld. Der var kring 40 menneske. Sundags kveld hadde me Tybrings, presten Norborg og Lars Søraas til aa vera saman med Sandvik. Daa gjekk det med musikk og song», skreiv biskopen i eit brev til sonen som studerte i Oslo.

Den kulturinteresserte presten Georg Fredrik Tybring (1873–966) i Laksevåg var med kone og born ofte saman med huslyden Hognestad. Familiane var nært samanknytte også ved at prestedottera Siren Tybring frå 1924 var gift med bispesonen Hans Hognestad. Sverre Norborg (1902–983) var hjelpeprest iBergen domkyrkje, og Lars Søraas d.y. (1887–976) var som faren med same namnet ein framståande musikkpedagog, kordirigent og songbokredaktør.

Peter Hognestad var stolt over å vere målmann, fråhaldsmann og kristen antirasjonalist. Men bondesonen frå Jæren som vart ungdomsarbeidar, lærarutdannar, prestelærar og biskop var slett ingen heimføding eller sneversynt norskdomsmann.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hognestad var oppteken av politikk, musikk og litteratur, han diskuterte grunnleggande livsspørsmål medArne Garborg, han reiste på studieferder til utlandet og han representerte dei norske biskopane på fleire internasjonale og tverrkyrkjelege møte.

Etter gravferdsseremonien i domkyrkja 5. september 1931 vart biskop Hognestads båre førd til jordfesting på Solheim kyrkjegard. Då var det ikkje mykje som vitna om at han hadde vore framand i byen: «Utanfor domkyrkja og burt etter heile Kong Oscars gata og langs dei gator der fylgjet skulde fara stod det svart av folk – fleire tusen menneske», fortel avisene.

Etterfylgjaren på bispestolen, Andreas Fleischer, tok initiativ til å få reist ein minnestein på grava. Han vart avduka i august 1933 med rundt to tusen til stades. Etter fleire talar med kransenedleggingar vart høgtida avslutta med Hognestads gjendikting «Fager kveldsol smiler».