Forsoninga i Bibelen og i kyrkja

Det som også teologihistorisk må kunna seiast å vera eit «velkjent faktum», er at ein avstandtaken frå og eit oppgjer med Jesu død som «stedfortredende staffelidelse» ikkje pregar kyrkjehistoria.

Eg takkar førsteamanuensisAsle Eikrem for hans svar(Dagen 15/12) på mitt Innspel om postmoderne teologi og forsoninga. Eikrem gjer godt greie for kva han står for, og det med ein sympatisk språkbruk. Eikrems innlegg er slik sett eksemplarisk, sjølv om det innhaldsmessig er dramatisk bibelsk vurdert.

Det springande punktet er om Jesu død er ein soningsdød under Guds dom og vreide, der han ber syndene våre på lekamen sin opp på krossen og sonar dei for oss, altså at det er ei straffeliding i vår stad på bokmål: «stedfortredende straffelidelse», eller om Jesus død er noko anna. Dette har med korleis vi forstår Guds frelse i Jesus Kristus å gjera.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eikrem skriv at «det i teologien er et velkjent faktum at en tolkning av korset som stedfortredende straffelidelse ikke ble formulert før reformasjonen», at det gjekk «1500 år av kirkens historie før denne tolkningen av korset ble lansert». Det er nok ikkje eit så «velkjent faktum» som førsteamanuensisen vil ha det til.

I boka «Kors og frelse» tekArne Helge Teigen opp dette spørsmålet, og påviser at det vart lært straffeliding og soning i vår stad også i oldkyrkja. Det same gjeld i mellomalderen, der den objektive forsoningslæra ved Anselm (ca år 1100) ber i seg dette elementet ved læra om «godtgjering» eller «fyldestgjering» for syndene vår ved Jesu død.

Alt dette heng saman med at kyrkjefedrane gjer somNT, ser Jesu død som oppfylling av alle offera iGT. Der skjer soning ved offer og død, og blodet står som uttrykk for dette –både i GT og i NT. Det vil føra for langt å rekna opp alle bibeltekstane om dette.

Det enklaste døme på at Eikrem tek feil her, er –som professorBernt T. Oftestad påpeikar –at gjennom heile kyrkja si historie har ein feira nattverd og lese innstiftingsorda som tydeleg seier at Jesu lekam og blod er gjeve eller ofra for oss –og det er uavhengig av katolsk, luthersk eller reformert nattverdlære. Dette må kunna seiast å vera eit «velkjent faktum».

Det som også teologihistorisk må kunna seiast å vera eit «velkjent faktum», er at ein avstandtaken frå og eit oppgjer med Jesu død som «stedfortredende staffelidelse» ikkje pregar kyrkjehistoria. Eikrem er slik sett ikkje representativ.

Det må tilsvarande seiast å vera eit «velkjent faktum» at Jesu oppstod ikkje er tillagt funksjon som dom, men alltid er omtalt som stadfesting og siger med utgangspunkt i Jesu soningsdød på krossen. Heller ikkje her er Eikrem representativ.

Som førsteamanuensis i systematisk teologi veit Eikrem minst like godt som meg at vedkjenningsskrifter ikkje er systematisk-dogmatiske framstillingar, men at dei tek opp dei spørsmåla det stod strid om på det aktuelle tidspunktet, og som difor måtte avklarast i vedkjenningsform. I oldkyrkja gjaldt det særleg læra om Gud som treeinig og læra om Jesus som Gud og mann. Forsoningslæra var det ikkje slik strid om.

På reformasjonstida stod striden særleg om frelseslæra, og då måtte læra om forsoninga og rettferdiggjeringa utformast i sterkare grad. For reformatorane var det, som kjent, eit viktig poeng at dei ikkje ville læra noko nytt, men vera i samsvar med det som oldkyrkja lærte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er nyttig at Eikrem tydeleg gjev til kjenne at han lærer annleis enn reformatorane, medan mi framstilling samsvar med reformatorisk lære (og eg vil føya til at det samsvarar med praktisk talt ei samla kyrkje si lære). Han skriv:

«Hovedforskjellen mellom den klassiske reformatoriske måten å forstå forsoningen på, og min egen, er at reformatorene mener Guds dom over synden primært skjer på korset, mens jeg mener den primært skjer i og med Jesu oppstandelse.»

Nettopp! Og med det erkjenner Asle Eikrem at han lærer i strid med luthersk/reformatorisk lære om forsoninga, og då også i strid med læra om rettferdiggjeringa. Også læra om den treeinige Gud og Jesus person kjem berre til sin rett om ein lærer sant om forsoninga og frelsa. Det er den treeinige Gud som sonar syndene våre, slik at det kan seiast at Gud vann seg kyrkjelyden «med sitt eige blod» (Apg 20,28).

Sidan Eikrems læreavvik er i sentrum av kristentrua, er det svært dramatiske, både allmennkyrkjeleg og luthersk sett. I Dagens reportasje om dette(16/12) synest eg ikkje radikaliteten og alvoret i avviket frå bibelsk lære som ligg i den postmoderne teologien si lære om forsoninga, kom skikkeleg fram diverre. Dette har derimot Arne Helge Teigen fått godt fram i boka si.