NLM-pionerane

For eit mot. For ein glød. For ein risikovilje. Det er både imponerande og tankevekkjande å lese om dei som la grunnlaget for det vi kjenner som Norsk Luthersk Misjonssamband.

På laurdag feirarNorsk Luthersk Misjonssamband 125-årsjubileum. I boka «Dei bar fram visjonen» larErik Kjebekk oss møte nokre av Norsk Luthersk Misjonssamband sine pionerar. Ord «visjonen» ville dei truleg ikkje ha nytta sjølve, dei boka handlar om.

Visjonsomgrepet har kome inn i slike samanhengar mykje seinare. Men den same våren som Misjonssambandet feirer 125 årsjubileum, har organisasjonens eigen historikar Erik Kjebekk samla forteljingar og betraktningar om nokre av dei mest sentrale enkeltpersonane i NLMs rike historie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skildringane er kompakte og aktuelle. Dette er ein lett tilgjengeleg og informativ innføring i viktige sider ved historia til det som vert kalla Nord-Europas største misjonsorganisasjon.

Drama

Kjebekk plasserer seg i tradisjonen frå den andre hovudhistorikaren i NLM, nemleg Oscar Handeland: Her er ikkje berre plass til formelle forhold, her er også rom for lærdomar og menneskeleg drama. For drama har det vore.

Eit døme er kinamisjonærAsbjørn Aavik som skriv om korleis han og kona Ragna var frå kvarandre nærare halvparten av livet. Det er sterkt å lese om hans åtte år gamle dotter som spør mor si om ikkje denne mannen snart skulle reise igjen. Då var far nettopp komen heim etter åtte år åleine i Kina.

Til dottera sitt spørsmål seier mora: «Da svarte mitt hjerte - med min vilje: – Aldri. Men i Misjonssambandet og med en mann med kall, skal en aldri si aldri...»

Helseproblem

Sjølv las eg kapitla om NLMs første generalsekretær Johannes Brantzæg med særleg interesse. Nordtrøndaren hadde stjernekarakterar på skulen, og vart utdanna teolog. Det var ikkje sjølvsagt at han skulle velje dette studiet, for forholdet til Gud var i perioder uklart.

Men mora hadde lært Johannes å be, og under eit møte i Slottskapellet i 1882 fekk han sitt åndelege gjennombrot. Seinare same haust møtte han Lars Skrefsrud, kjend frå Santalmisjonen, og Brantzæg bestemte seg for å verte kinamisjonær. Men etter berre eitt år i tenesta kom han tilbake til Noreg. Helseproblema vart for store. I tillegg ville han gjerne gifte seg med Thina Schou, som han allerede hadde eit nært vennskap med.

Brantzægs helseproblem var knytt til mage og fordøying, og ein artig detalj er han i si tid oppsøkte helbredsforkynnaren Fredrik August Boltzius i Sverige. Han handsama Brantzæg med «tru og sterk kaffi», og Brantzæg vart noko betre.

Risikovilje

Det er nesten utruleg å lese om korleis flere kvinner og menn dro til Kina som misjonærar – utan å ha nokon organisasjon i ryggen – omkring 1890. Tenk for ei risikovilje. Det same året varHudson Taylor, stiftaren avChina Inland Mission, i Bergen. Nokre unge kvinner fekk hjarta sine tende i brann, og ville arbeide for å sende misjonærar til Kina.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei ville gjerne ha menn med i arbeidet, men det var ikkje så lett. Seinare skal Brantzæg ha sagt at kvinnene nesten måtte «be og truge» for å få med mennene. Ein kan spørje om ikkje flere av desse kvinnene burde hatt ein meir sentral plass i Kjebekk sine skildringar.

Spesielt format

Brantzæg framstår som ein leiar av eit spesielt format. Når eg les, tenkjer eg at Brantzæg sin kombinasjon av eigenskaper truleg har vore avgjerande for at NLM vart slik ein tungvektar. Som teolog hadde han fagleg tyngde, samstundes klarte han å byggje tillit på grasrota med eit levande kristent vitnemål.

Ein periode budde familien på Framnes i Hardanger. Her bygde Brantzæg opp det som i dag er ein videregåande skule. Det som no heiterFjellhaug Internasjonale Høgskole hadde også sin første base her. Men berre kort tid etter at familien Brantzæg flytta dit, døydde kona Thina.

Saknet etter Thina følgde Johannes gjennom livet. Då han nokre år seinare flytta til Bergen, skal han ha sagt til Gud: «Her gav du meg alt, og her ribbet du meg for alt, og så får du ha takk da, Gud.» Det ligg mykje nerve i ein slik utsegn.

Lågkyrkjeleg

I Brantzæg sin person finn vi mykje av det som seinare har blitt NLM sitt særpreg. Teologen kom til å verte frontfigur for ein tydeleg lågkyrkjeleg organisasjon. Ofte hamna Brantzæg i mindretal i diskusjonar om kyrkjeleg profil, fortel Kjebekk. Denne spenninga i forholdet tilDen norske kyrkja er ikkje mindre i dag enn det var den gongen.

I tillegg stod Brantzæg i spissen for skulearbeidet til Kinamisjonen. Når vi ser rundt oss i dag, forstår vi litt av kor viktige skulane har vore både for NLM sitt arbeid her heime, og for rekruttering til arbeidet både heime og ute.

Viktig var også forkynnaridealet som Brantzæg formulerte slik: «Med omsyn til evangelieforkynnelsen, så kan vel neppe noe nå høyere enn til det ideal som Paulus stiller opp når han sier til galaterne at «Kristus var malt dem for øyet, som om han var korsfestet blant dem».

Stillas

Ludvig Hope er kan hende den av desse aktørane som vi oftast høyrer om i den kyrkjelege debatten her heime. Han snakka om Den norske kyrkja som eit stillas, og gav med det ord til det som har vorte hovudhaldninga hos mange misjonsvener: Vi er i kyrkja, men ikkje under kyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein annan av dei mest framståande NLM-leiarane er utan tvilTormod Vågen. I hans tid vart arbeidet kraftig utvida med ny verksemd i både Hongkong, Japan, Taiwan, Tanganyika og Etiopia. Til liks med Brantzæg hadde også Vågen tenkt seg til Kina.

Men før han kom så langt, vart han kalla til heimearbeidet. Kjebekk gir eit inntrykk av at Ludvig Hope såg seg sjølv som ein overgangsfigur som generalsekretær etter Brantzæg, og at han tidleg såg seg ut Vågen som ein naturleg etterfylgjar.

Misjonsfana heist

Vågen står også fram som ein leiar med tydeleg forankring i kallet til å nå dei unådde med evangeliet. «Frå første dagen i Bergen, den vårdagen 1891, var misjonsfana heist på vår skute. Gud gi at ho aldri må firast.»

Meir enn noko anna er det nok dette NLM sine leiarar ynskjer at organisasjonen skal vere kjend for. Men fleire av dei mest sentrale leiarane har hatt mykje av sin merksemd vend mot arbeidet her heime. Og NLM er utvilsamt også Noreg sin største indremisjonsorganisasjon.

For dei som veks opp i dag, er det lett å tenkje på NLM som ein konservativ organisasjon. Ord som pioner er kan hende ikkje det første ein tenkjer på når ein tenkjer på NLM. Men den pionerånda som vi finn mellom dei menneskja Erik Kjebekk fortel om, overgår det meste av det vi ser i våre dagar.