Evolusjon og skaping - nei takk

Bjørn Are Davidsen og Atle Ottesen Søvik si bok «Evolusjon eller kristen tro? – Ja takk, begge deler!» har vorte meld relativt positivt i Dagen og Utsyn. Det undrar meg med tanke på den framstillinga vi her får av evolusjonslæra, men enda meir ut frå det bibelsynet og den kristendomsforståinga som ber framstillinga. For meg synest det som ein ikkje tek fullt på alvor den teologien som gjennomsyrer boka.

Davidsen går gjennom forholdet mellom kristen tru og vitskap historisk sett. Det viser det faktum at all type vitskap, ikkje minst filosofien, gjennom heile middelalderen og like fram til opplysningstida var innan eit kristent tankeunivers. Det er Gud som skaparen av alt, ­inkludert vår fornuft, som er utgangspunktet. Dette seier likevel absolutt null om evolusjonslæra.

Søvik tek opp spørsmålet om evolusjon og kristen tru. Det er dette som er hovudsaka i boka, og som er det mest problematiske. Det er snakka om «hvordan kristendommen skal forstås i lys av evolusjonen». Då har ein teke utgangspunkt i vitskapen og fornufta for å forstå kva kristen tru er. Det burde jo vore motsett, at openberringa i Skrifta fekk kasta lys inn over evolusjonslæra ut frå det Guds ord seier om skapinga. Framstillinga byggjer på eit bibelsyn der fornufta har ein dominerande plass, og der eiga tenking vert styrande. Bibelens inspirasjon og Guds ord som sanning vert nedtont.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Framstillinga vert med det meir filosofisk enn teologisk, og ein endar opp med eit nokså utflytande syn på mennesket, det å vera skapt i Guds bilete, syndefallet, forsoninga og sjølve frelsa. Trass i at Søvik seier at forfattarane av NT reknar Adam og Eva som historiske personar, gjer ikkje han det. Det gjeld heile urhistoria. Det at mennesket er skapt i Guds bilete vert forstått som at ein ved evolusjon kjem på «et visst refleksjonsnivå», og får ein «bevissthetsstrøm» som kan gje ein relasjon til Gud. Dersom dyr får «en bevissthetsstrøm som Gud kan fortsette, kan også dyr få evig liv». Her skjer det ikkje berre ei utvisking mellom dyr og menneske, men det skjer også ei frelse på eit anna grunnlag enn forsoninga ved Jesu død for syndene våre.

Boka byggjer på ei vitskapleg og ei teologisk sjølvmotseiing. Den ­evolusjonslæra som her vert framstilt, svarar ikkje til den natur­vitskaplege evolusjonslæra som vi møter i undervisninga frå grunnskulen til universitetet, fordi forfattarane legg til grunn at Gud på eitt eller anna vis har skapt eit utgangspunkt med potensiale til den utviklinga vi har fått, men ikkje styrt denne. Dagens naturvitskap tenkjer lausrive frå Gud og med det tilfeldige som utgangspunkt og prinsipp. På den andre sida avset dei Gud som skapar og styrar av «fakta på bakken», trass i at Bibelen framstiller Guds skapargjerning nokså konkret.

På bakgrunn av boka utfordrar eg Davidsen til å klara bibelsynet sitt med tanke på apologetikken.