Om å vekke opp døde

Dette må også vera sentrum i Oase si oppgåve i det norske folket: Å la oss møta og kjenna Jesu underfulle nærvær midt i ein teknisk og hektisk og sekulær kvardag. Då blir det viktig å tenka kontekstuelt 
– også andre vegen, frå Afrika til Norge.

I fire år budde og arbeidde eg og familien min i ei landsby langt unna allfarveg. Det var ei luthersk kyrkje der. Men ho var ikkje stor og hadde liten kontakt med lokalfolket. Min innsats bidrog nok i begrensa grad til å endra det. Men nokre år etter at eg reiste derifrå, snudde det. Ei kvinne ved namn Christine blei ein reiskap som førte mange tusen til dåp og tru.

Hennar historie var enkel: Ho var gift med ein kristen mann, men trua hadde lite å seia i hennar kvardagsliv. Heilt til ho møtte Jesus. Det skjedde gjennom ein alvorleg sjukdom. Ifølgje hennar forteljing, var ho så sjuk at ho døydde, og der, i døden, talte Jesus til henne og sa: – Eg sender deg tilbake til livet for at du skal fortelja om mine gjerningar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det gjorde ho. Og for første gong blei det ei masserørsle frå hennar folkegruppe, bara-ane på Sør-Madagaskar, til kristen tru.

I dei åra eg arbeidde på Madagaskar høyrde eg fleire historier om menneske som blei reiste opp frå dei døde. Nokre blei truande kristne av det som skjedde med dei, andre ikkje. Forteljinga om Mama Christine, som ho blir kalla, er ikkje unik, men hennar erfaring er det som i seinare tid har ført til sterkast kyrkjevekst.

Livet er komplekst, og det er langt frå alt vi menneske, trass i veldig vekst i innsikt og kunnskap, har fullt innsyn i. Ei kristen Gudstru gir rom for brot på det vi oppfattar som det vanlege. Det skjer under og teikn. Samtidig er det nødvendig å tolka ting i lys av kulturelle og språklege rammer. Sjølvsagt veit folk på Madagaskar forskjell på sjukdom og død – men samtidig skil ein ikkje sterkt, verken språkleg eller kulturelt. Når noen dør, seier ein gjerne at ho er alvorleg sjuk. Når ein fortel om at ein var døden nær, seier ein gjerne: – eg var død. Samtidig lever folket der Mama Christine bur og arbeider, mest utan fungerande helsevesen. Det er fleire timar til næraste lege og fleire dagsreiser til næraste sjukehus.

Eg har stor sympati med pastorar som fortel historier om at dei vekker opp døde – vel å merke når det skjer innanfor kulturelle rammer som gjer historiene truverdige og forståelege. Eg har ingen vanskar med å tru på at dei er subjektivt ærlege, enten dei kjem frå Mosambik eller Madagaskar. Men eg spør meg kor lurt det er å flytta slike erfaringar ukritisk frå ein kontekst som er så forskjellig frå vår, til ein trygg, norsk kvardag.

Det Jesus talte om at vi skal erfara, er teikn på hans nærvær. Det mirakuløse er ikkje viktig i seg sjølv. Poenget i underforteljingane er teiknet: på at han er der og bryr seg om oss, inviterer oss til fellesskap med seg og til eit liv i disippelskap.

Dette må også vera sentrum iOase si oppgåve i det norske folket: å la oss møta og kjenna Jesu underfulle nærvær midt i ein teknisk og hektisk og sekulær kvardag. Då blir det viktig å tenka kontekstuelt – også andre vegen, frå Afrika til Norge.

Eg har møtt Mama Christine, det er noen år sidan nå. Eg høyrde hennar sterke historie, og møtte mange av dei som hadde fått livet sitt endra på grunn av det. Då følgjet mitt skulle dra derifrå, vende ein av assistentane hennar seg til meg med eit oppdrag:

– Sei til vennene av norskmisjon at nå trur vi ikkje lenger på grunn av det som de (les: norske misjonærar) sa, men fordi vi har erfart det sjølve!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er den erfaringa vi er sette til å dela. Og då må vi vita å velja metodar og middel som opnar.

Les også: