Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Har kyrkja eitt eller to våpen?

Det er når mennesket, eller samfunnet, forherdar seg at lidinga oppstår. Dette har vi rundt oss alle stader til alle tider.

Det har vore sagt at kyrkja har ikkje noko maktmiddel. Hennar einaste våpen er Guds Ord. Dette er sant nok, men vi gløymer så ofte at der Ordet vert trakka under fot, der kjem lidinga. Er lidinga eit våpen, eller eit såkorn? Kanskje begge deler.

«For Guds ord er levande og verksamt og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom heilt til det kløyver sjel og ånd, ledd og merg, og dømer hjartans tankar og råd.» Heb 4:12 (Jes.49:2. Op.1:16)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når eit menneske kjenner seg dømd av Guds Ord kan det reagere på ein av tre ulike måtar. Anten: Eg er fortapt. Lat meg nyte livet medan eg har det. Eller mennesket kan forherde seg å seie at alt dette med Gud og Bibel er noko tull. Eller: Mennesket vert ein hyklar. Då slår mennesket av på dei krava der det kjem til kort og legg på litt ekstra der deg går bra, slik trur hyklaren at han oppfyller Guds lov. Det fjerde alternativet er det Anden som gir oss: Å «beinfly» til Jesus og trygle om nåde og frelse.

Det er når mennesket, eller samfunnet, forherdar seg at lidinga oppstår. Dette har vi rundt oss alle stader til alle tider.

Til dømes ; n oko så vanleg som skilsmål og gjengifte. Guds Ord er klart: Men eg seier dykk: Kvar den som skil seg frå kona si av nokon annan grunn enn hor, han valdar at ho driv hor. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, han driv hor. Matt 5:32 (Sjå også parallelltekstane, Rom.7:3f og 1.Kor. 7:10f.)

Eg vil ikkje starte debatt om gjengifte, mitt poeng er at skilsmål skaper liding, det ser alle. Minst den eine av dei to, born, foreldre, svigerforeldre slekt og vener, alle opplever dette som vondt. Gjengifte derimot, vert ofte sett på som boteråda, Men Guds Ord seier at dette er å legge synd på synd. Då skulde vel gjengifte skape liding? Nei! Det er å halde fast på Guds Ord som skaper liding.

Dette er berre eit døme på at «å skikke seg likt med denne verda» er den «gode» vegen, medan lydnaden mot Guds Ord skaper liding. Sjå deg rundt, samfunnet vårt er fult av slike døme.

Kyrkja vil ikkje ta lidinga som fyl truskapen mot Guds Ord. For å vere i dømet: Mange kyrkjesamfunn vier fråskilde. På denne måten vitnar desse kyrkjesamfunna mot Guds Ord: «Det er vi som veit skilnaden på godt og vondt, ikkje Guds Ord.» Eg undrast på korleis ekteskapet hadde vore sett på i Noreg i dag dersom Kyrkja tok lidinga ved å halde fast på Guds Ord?

Det eg prøver å vise er at lidinga høyrer saman med Guds Ord. I denne verda kan lidinga ikkje skiljast frå truskapen mot Guds Ord. Derfor tok Luther lidinga med som eit av dei sju kjenneteikna på at kyrkja er til stades.

Kunne Jesus ha vunne over synd, død og djevel utan liding? Jesu liding og død var nødvendig for at Guds lovnader om frelse skulle oppfyllast. Var det ikkje så, då ville vel Jesus verte bønhøyrd allereie natta i Getsemane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

«Ja, men han stod jo oppatt frå dei døde,» seier nokre. Det skal eg og du og gjere, så sei ikkje at Jesu liding vert mindre av den grunn. Spørsmålet er om vår oppstode vert til dom eller til evig liv.

Mange seier at Jesus leid i staden for oss, så vi skal ikkje lide, men nyte Jesu siger. Jau vist skal vi lide. Ein tenar er då ikkje større enn Herren sin. Jesu liding er hans siger. Slik er di liding, i Kristus, din siger. Inga liding for Guds Ords skuld kan skilje oss frå Jesus. Ho sameinar oss med Jesus (Rom.8:28ff).

Nektar vi å ta lidinga som fyl Guds Ord, så trakkar vi Guds Ord under fot og seier at det treng ingen bry seg om.

« Sæle er dei som vert forfylgde for rettferd skuld, for himmelriket er deira. Ja, sæle er de når dei spottar og forfylgjer dykk, og lyg allslags vondt på dykk for mi skuld. Ver glade og fegne! For stor er den løna de har i himmelen. Såleis forfylgde dei profetane før dykk. » Matt 5:10-12

Dette er i sanning ei tung lekse å lære. Men no er det på høg tid at vi tek fatt.

Les også
Evangeliet er gratis
Les også
Flekkerøy får snart ny kirke
Les også
Ortega skylder på satanister, biskoper og USA for volden i Nicaragua
Les også
– Kirken har vært for beskjeden med helbredelser
Les også
Facebook fjernet Jesus-bilde