MISJON: «Me må vera ivrige i misjonsarbeidet – i ord og gjerning», skriver Erling Thu. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

Me kan aldri vita!

Me kan aldri vita korleis Gud kan bruka eit varmt smil eller ei hjelpande hand til å gje folk håp og tru.

Det er Forkynnaren som gjer eit poeng av at me ikkje veit kva som vil henda når me sår eller gjev (For 11,1–6). Me kan aldri vita kva arbeid som vil lukkast. Me har aldri full oversikt over kva risiko me tek når me investerer. Me veit ikkje kva ulukker som kan henda. Me kan aldri gardera oss hundre prosent. Me veit ikkje kva som kjem til å skje som eit resultat av det me seier eller gjer.

Difor seier Forkynnaren at me må så ved alle vatn, for med tida vil me finna det att. Me må vera rause i å forkynna evangeliet for store flokkar av folk, men me må også vera ivrige i å dela det med ein om gongen. Me veit at om me ikkje sår, vil me ikkje hausta, men me veit ikkje kor mykje me får hausta av det me sår.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me må leva med den uvissa når me tek kontakt med folk for å dela evangeliet med dei. I tru og tillit må me berre gjera det me er kalla til. Me kan så og vatna, men det er Gud som gjev vekst.

Den som aktar på ver og vind, får ikkje så, den som kikkar på skyene kjem ikkje til å hausta. Om me ventar på at alt skal leggja seg til rette, endar me opp me å ikkje få gjort noko. Om me ser etter rette omstende, får me ingenting gjort. Me må våga å ta initiativ til å fortelja om Jesus før me veit om folk er interesserte. Det er alltid ein risiko for at misjonsarbeidet ikkje vil lukkast. Det er mange ting me ikkje forstår i måten Gud kallar og dreg folk til seg på.

Dei siste vekene har eg fått fleire oppmuntrande meldingar om korleis eit ord, ei bønn eller ei lita velgjerning har bore god frukt. For tre år sidan bad kona og eg for ein mann på ei ferje og gav han eit ord frå Gud.

Me hadde gløymd det og kan ikkje ein gong hugsa kven denne mannen er. Likevel sende han oss ei melding om korleis dette hadde hjelpt han og gjeve han eit nytt liv. I dag står han i ei fruktbar teneste for Herren.

I 1963 køyrde eg ein mann heim frå eit møte. Han hadde kome for seint til bussen. Han budde 20 km frå møtestaden. Eg tenkte ikkje noko meir på det. For kort tid sidan fekk eg vita at han vart så rørt av at eg var så snill at eg køyrde han heim. Forkynninga mi gjorde tilsynelatande ikkje stort inntrykk, men ei lita velgjerning fekk han til å søkja Gud og bli ein kristen kort tid etterpå.

Etter å ha vore ein kristen i 55 år fekk han lyst til å fortelja dette. I alle desse år har eg vore uvitande om kva ein liten biltur førte til. Far min hjelpte meg å finansiera bilen. Dessverre fekk han ikkje vita om frukta av investeringa hans før han døydde, men ein dag vil han få si lønn.

No forstår eg betre det Forkynnaren seier: «Så ditt såkorn om morgonen, og lat ikkje handa kvila mot kveld. Du veit ikkje kva som vil lukkast, det eine eller det andre, eller om begge delar er like gode.»

Me må vera ivrige i misjonsarbeidet – i ord og gjerning. Me må så evangeliet på så mange måtar, plassar og media som mogeleg for å nå mange ulike menneske. Me veit ikkje kva som vil lukkast av det me seier eller gjer.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me kan aldri vita kva eit lite ord om Jesus kan føra til. Me kan aldri vita korleis Gud kan bruka eit varmt smil eller ei hjelpande hand til å gje folk håp og tru.

Les også
– Vi trenger noen som sier fra
Les også
Jesus hadde rett!
Les også
«Sannheten tro i kjærlighet»
Les også
«Helvete og Guds godhet»
Les også
– Jeg har nesten aldri sett noe lignende
Les også
– Evangeliene er øyevitneskildringer