DEBATT: «Guds ord skapte, og det skaper. Lat folk få høyra, «Jesu blod har soning gjort …» skriver Gudleik Himle.

Det nyttar ikkje

Oppgitt, vonlaust kjem utsegna. Det nyttar ikkje å ha møter her. Folk kjem ikkje. Då kjem spørsmålet. Kjem der ingen? Du som seier så, kom du?

Herren vil møta folk. Sine vil Han samla for å gi. Ein kar likar ikkje møter, samling om Guds Ord. Ikkje fordi han ikkje har tru på Ordet, men fordi han er livredd dette, «Guddomsord som skaper hva det nevner».

Han har erfara «et Gudsord kan ham binde». Difor er han redd. Difor fortel han at det nyttar ikkje å ha samling om Guds Ord. Argumentera kan han, blandar sanning og lygn.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Motløysas far er ute. Han veit om at trua kjem av forkynninga. Veit om lyset på bedehuset, og at nokon ser du går dit kan uroa ei eller fleire sjeler. «Når eg såg lyset på bedehuset vart eg uroa», fortalte ein. Jo, dei som ikkje møter opp merkjer seg både kven som går og som ikkje går.

Nyttar ikkje å gå, eg får ikkje noko. Kjenner den røysta. Gjekk med forventning på nullpunktet, men høyrde til der i flokken. Der møtte Herren meg så mang ein gong, på tross av eg trudde at det nytta ikkje.

Oppfinnsam med å finna verkelege, og tenkte vanskar både for å få til møter, og mot å gå.

Sjølv er han ikkje lat, passiv, men likar at me er passive og ikkje slepp Guds Ord til, for det er ikkje passivt. Får oss til å verta opptekne med, ugudeleghet, verdslegdom, åndeleg søvn og mykje anna. Folk si manglande interesse. Men teier om Guds store interesse for å frelsa, at Han er på leiting etter den fortapte.

Nyttar ikkje å så, her er så mykje ugudeleghet. Nei, fyrst må det og det koma i orden før vekkinga kan koma. Me må fyrst be oss varme, det og det må ordnast, så kan vekkinga koma. Det nyttar ikkje å venta på at alt skal koma i orden, utsetja. Utsetja, «i morgon – i morgon» vil alltid verta i morgon.

Åndelege slankekurar det likar han. Et så lite du kan. Høyr, les så lite du kan. Sjå kor lite du kan leva på. Minner om mannen som skulle venja hesten av med å eta, det lukkast mest, men hesten døydde før den var avande.

Prøv ikkje å redda ein druknande, det nyttar ikkje, berre sjå at han går under. «Til mindre møter her er, til mindre folk kjem der på møta», var erfaringa mange kan fortelja om. Jo, du veit at spedbarnet, den nyfødde et ikkje så mykje som deg. Liv må ha næring.

Guds ord skapte, og det skaper. Lat folk få høyra, «Jesu blod har soning gjort …». Soninga var ikkje nyttelaus. Han vil ikkje at dette skal lyda, for det fortel om hans nederlag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Hadde mistet alt håp – helt til hun leste det som stod på innsiden av en håndflate
Les også
Rene av hjertet
Les også
Et sterkt vitnesbyrd
Les også
Den store teologiske fristelsen
Les også
Hva er lykke?