Det gamle og det nye

Med åra har ettertanke og ransaking fått større plass, for ikkje å snakka om takk. Når eg ser tilbake blir eg fylt av takk, for eg ser Guds nåde og kjærleik i alt som har hendt.

Året 2017 ebbar ut. Om nokre få dagar skriv me 2018. Det årlege årsskiftet med ransaking og forventing står for døra. Denne overgangen mellom gammalt og nytt har alltid fengsla meg.

I ungdomstida var det helst gleda over eit nytt år som kjenneteikna overgangen. Forventing, håp og tru om at noko nytt skulle skje, at noko godt skulle henda, låg i botn for støyande feiring.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Med åra har ettertanke og ransaking fått større plass, for ikkje å snakka om takk. Når eg ser tilbake blir eg fylt av takk, for eg ser Guds nåde og kjærleik i alt som har hendt.

Eigentleg lever kristne menneske i denne overgangen mellom gammalt og nytt kvar einaste dag. Kvar dag får me leggja av alt det vonde og vanskelege ved Jesu kors. Kvar dag får me nåde og tilgjeving. Kvar dag får me blanke ark og fargestiftar. Det som ikkje vart slik me hadde ynskt, kan me kasta i gløymsla.

Kvar dag er heilt ny med ny nåde og nye sjansar. Når kvelden kjem og me går til sengs, kan me leggja den gamle dagen bak oss og sjå fram til ein ny dag med Guds nåde – i omvending og fornying.

Ved årsskiftet ser eg lenger tilbake og lenger fram. Alvoret er større for perspektivet er vidare. Takken er djupare og lengten brenn sterkare i hjartet. Undring og bønn trengjer seg fram. 



Herre, miskunna deg over meg! Lat meg ikkje gjera dei same feilane på ny. 
Herre, miskunna deg over meg! Lat ikkje sårande orda koma over leppene mine. 
Herre, miskunna deg over meg! Hjelp meg å bruka alle sjansane eg får til å vera god.
Herre, miskunna deg over meg! Hjelp meg å møta folk på ein god måte. Lær meg å lytta til hjartespråket. Lær meg å forstå folk og møta dei med medkjensle.

Me er vitne til store omveltingar i forståinga av kva som er akseptert oppførsel. Det er ikkje greitt å krenka andre eller utnytta dei til eiga nyting. Det er ikkje greitt å trø over andre sine grenser for kva som er høveleg tale eller ­framferd. Det har vorte vanskelegare for folk i maktposisjonar å tura fram. Dei kan ikkje lenger seia eller gjera det dei er vane med.

Me merkar det langt inn i kristne samanheng, og sjølvsagt i møte med folk med ei anna tru enn oss. Mange ord har fått nytt innhald og blir forstått annleis enn dei gjorde tidlegare.

Synd har, til dømes, vorte eit religiøst ord som folk flest ikkje vil høyra snakk om. Då må me finna nye måtar å forkynna evangeliet om frelse frå synd på. Ole Paus gjer det på ein ypparleg måte når han syng til dei villfarne barna: Kom heim, kom heim, frå løgn og frå last, frå sorg og frå svik og frå draumar som brast!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I mange land er konvertering forbode ved lov og våre kristne venner som vinn menneske for Jesus må ofte betala ein høg pris. Dei gjer det fordi det nye livet som dei har funne i Jesus Kristus gjev dei framtid og håp.

Dei veit at dei gamle heidenske tankane er på vikande front. Dei veit at korkje gammal avgudsdyrking, humanisme eller ateisme, har noka framtid. Desse filosofiane er forelda, og det som er gammalt og forelda, vil snart vera borte.

Me står i eit tidsskifte. Eit stort paradigmeskifte er på gang. Ein gammal kultur er på vikande front og ein ny kultur veks fram. I denne spenninga ­mellom gammalt og nytt må me med stort frimod forkynna det evige og sanne ­evangelium.