BRØDRE: «Han er bror min!» «Og alt du har lært oss, evangelist, har me lært han. Alt det du har fortalt oss, har me og fortalt han. Ja, alt me kan, det kan han og», skriver Jan Helge Aarseth. Illustrasjonsfoto: Fotolia.com

«Han er bror min!»

tirsdag 23. oktober 2018

Kristenliv

Me nordmenn elskar statistikk, og aller helst når den fortel oss at me og vår nasjon er mellom dei aller beste. I velferd og lykke, eller i idrett. Og slik har me tenkt å ha det, lenge enno.

Etter nokre år i Afrika hende det at nokon her heime spurde etter den største forskjellen, på dei og oss. Vel, eg har kome til at den største forskjellen er at me er så fattige, og dei så rike. Ikkje i kroner og øre, men på glede og kristentru, i heim og kvardag. På ein bibelskulen i hjarta av rike Rogaland hadde me mange studentar frå kristne heimar. Begge foreldra rekna seg ofte som kristne. Likevel, då me spurde om mor og far las frå Bibelen og ba høgt i heimen, fekk me overraskande ofte høyra; «Det kan eg ikkje hugse hende heime hjå oss.» Det er dette eg legg i ordet fattigdom.

Me fekk nyleg eit brev i posten med spørsmål om støtte. Det handla om omsetting av Bibelen til nye språk. I ei kort setning vart det og fortalt om ei gruppe kristne i Asia. Dei møttes to timar kvar einaste dag for å lese Bibelen saman.

Denne lengselen er hjå mange så sterk at dei vågar både tryggleik og liv for å treffe andre kristne. Vere ilag for å få høyra Bibelen lest og utlagt. Og her hjå oss, i kristne heimar som fløymer av biblar og fridom – ofte ingenting! Kven er den rike her?

Marit Thingbø kom nett med ei lita bok, «Håpets Gud, frå datoog-arbeidet i Aust-Afrika. Me var på filmkveld i ei landsbykyrkje i dette datooga-området i Tanzania med nokre studentar. Midt mellom filmane kom ein liten kar krypande i graset bort til meg, og spurde om eg trengde hjelp med språket. Då han fekk veksla det over på swahili, så hjelpte det for min del. Guten på 13-14 år var ivrig, og prøvde seg og på engelsk.

Kvelden slutta med mat i kyrkja, og Leif Thingbø fekk høyre om hjelpa eg hadde fått. Han fortalde då at guten vart døypt nokre månader før. Faren hadde gitt grønt lys til at alle sønene, bortsett frå ein, skulle få gå til dåpsundervisning hjå evangelisten. Den eine måtte vere att heime for å hjelpe far med dyra og anna arbeid.

Så kom dåpsdagen. Midt under gudstenesta kom ein sveitt guttunge springande inn i kyrkja. Han ville og verte døypt, sa han. Evangelisten fann ikkje namnet på lista, og nekta. Det var han som ikkje fekk lov av far, og som vart att heime for å passe dyra.

Då tok ein annan ordet. Det var han som låg i graset og tolka for meg. «Han er bror min!» «Og alt du har lært oss, evangelist, har me lært han. Alt det du har fortalt oss, har me og fortalt han. Ja, alt me kan, det kan han og

Alle brørne vart døypte denne dagen. Og min nye venn fekk i dåpen namnet Paulo, etter apostelen. Er ikkje slikt rikdom, då veit ikkje eg kva rikdom er.